EPN

Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 Programplan

Engelsk programnavn
Master's Degree Programme - Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10
Gjelder fra
2022 HØST
Studiepoeng
300 studiepoeng
Varighet
10 semestre
Programhistorikk

Innledning

Programplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningen for trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016.

 

OsloMet utdannar dyktige lærarar til norsk skule. I løpet av grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å handsame heile mennesket gjennom undervisninga og læringa i faga. Studentane vil gjennom den integrerte, profesjonsnære, forskingsbaserte og utviklingsorienterte grunnskulelærarutdanninga utvikle solid kunnskap i fag, fagdidaktikk, pedagogikk, og solide ferdigheiter i å undervise i faga, leie ein klasse og fylle rolla som kontaktlærar.

 

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 er ei femårig integrert masterutdanning (300 studiepoeng) som kvalifiserer for tilsetting i undervisningsstillingar i grunnskulen på 5.-10. trinn. Utdanninga legg vekt på både fagleg spesialisering og fordjuping, samt breiddekunnskap i fag.

 

I alle fag i utdanninga blir det lagt vekt på å utvikle profesjonsrelevant digital kompetanse og ferdigheiter i bruk av estetiske arbeidsformer og ein fleirfagleg og mangfaldig dimensjon vil vere eit gjennomgåande trekk. Dei grunnleggande ferdigheitene har ein sentral plass i alle fag i utdanninga, og studentane utviklar kompetansen innan forsking og utvikling (FoU) gradvis fram mot ei praksisretta masteroppgåve i utdanninga.

 

Blant anna i arbeidet med psykososialt læringsmiljø møter studentane studentar frå andre profesjonsutdanningar ved OsloMet, som barnevernspedagogutdanninga, helsesøsterutdanninga og barnehagelærarutdanninga, for å lære om andre profesjonar og samtidig bli meir bevisst sin eigen. Gjennom slike møte opparbeider dei ein tverrprofesjonell kompetanse.

Målgruppe

Målgruppa for studiet er personar som ønsker å arbeide som grunnskulelærarar på 5.-10. trinn.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

  • Minst snittkarakter 3 i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)

  • Minst snittkarakter 4 i matematikk (kan erstattast av bestått fag på høgare nivå frå vidaregåande skule)

  • Minst 35 skulepoeng

Eller

  • Minst snittkarakter 3  i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg)

  • Minst snittkarakter 3 i matematikk (kan erstattast av bestått fag på høgare nivå frå vidaregåande skule)

  • Minst 40 skulepoeng

 

Det er ikkje mogleg å søke opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse.

Læringsutbytte

Grunnskulelærarutdanninga skal kvalifisere lærarar til å utøve eit krevjande og komplekst yrke i eit samfunn som er prega av mangfald og endring. Når det gjeld mangfaldsomgrepet, er det ei breid tyding av omgrepet som vert lagt til grunn. Det omfattar mangfald av kultur, religion, livssyn, bakgrunn, språk, kjønn, seksuell orientering, funksjonalitet og identitet. Ein må sjå læringsutbyttet i samanheng med innhaldet og arbeidsmåtane i faga. Kandidaten skal etter fullført grunnskulelærarutdanning ha læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse, som fundament for arbeid i skulen og vidare kompetanse- og profesjonsutvikling (jf. § 2 «Læringsutbytte» i forskrift om rammeplan for grunnskulelærerutdanninga for trinn 5-10):

 

KUNNSKAP

Kandidaten

  • har avansert kunnskap anten i eit valt undervisningsfag og didaktikken i faget eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnetrinn til ungdomssteg og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
  • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læring og kva som fremmar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges utvikling, danning og læring i ein skole og eit samfunn prega av mangfald
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelige livssituasjonar, inkludert kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og unges rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, eigenarten og historia til faga, og forståing av organisasjonen skulen og utviklinga av denne, mandatet til og verdigrunnlaget i skulen, og den plassen skulen har i samfunnet

 

FERDIGHETER

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan setje i verk tidleg innsats og sikre progresjon hos elevane i arbeid med grunnleggjande ferdigheter og fag
  • kan skape inkluderande og helsefremmande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til dei føresetnadene og behova elevane har, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og vere kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerlig utvikling av praksis, både i kollektivet på skulen og på eigenhand, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekter under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar

 

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv i arbeidet på skulen , bidra til forståing av samenes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule-heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skuleverksemda
  • beherskar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skulen
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skuleverksemda og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa

Innhold og oppbygging

OPPBYGGING AV STUDIET

Grunnskulelærarutdanninga er ei femårig integrert utdanning med tre år på lågare grads nivå, kalla syklus 1, og to år på høgare grads nivå, kalla syklus 2.

 

Syklus 1

I syklus 1 er faget pedagogikk og elevkunnskap (30 studiepoeng) obligatorisk. I tillegg skal studenten ha to fag på 60 studiepoeng. Ved opptak vel studenten 60 studiepoeng i anten engelsk, matematikk eller norsk. Studenten vel dei resterande 90 studiepoenga ut frå fagtilbodet på høgskulen og etter dei retningslinjene som er fastsette i forskrift og nasjonale retningslinjer.

 

Syklus 2

I syklus 2 er faga pedagogikk og elevkunnskap (30 studiepoeng), vitskapsteori og metode (15 studiepoeng) og ei masteroppgåve (30 studiepoeng) likt for alle. Dei resterande 45 studiepoenga kan vere fagdidaktikk i ulike fag eller pedagogikk, avhengig av fagval i syklus 1, tilgjengeleg studietilbod og etter nasjonale føringar.

 

Fagtilbodet kan variere

Målet er å kunne tilby eit stabilt fagtilbod frå studieår til studieår, men dette kan ikkje garanterast. Fagtilbodet vil kunne variere blant anna på grunn av dei fagvala studentane gjer. For å sikre eigne fagønske tilrår ein derfor studentane å velje fag som dei svært gjerne vil studere, ved første moglege høve. Samansetninga av faga i utdanninga bestemmer den enkelte studenten sjølv på grunnlag av det fagtilbodet som er tilbydd dei enkelte studieåra, nasjonale føringar og behovet for kompetanse i arbeidsmarkedet. Studentane får kvart studieår informasjon om fagtilbodet i god tid før fagvalet skal skje.

 

Lærarutdanningsfag

Studiefaga i grunnskulelærarutdanninga er lærarutdanningsfag. I tillegg til pedagogikk og elevkunnskap vel studenten fag som førebur til arbeid med skulefag. Eit lærarutdanningsfag bygger på og hentar kunnskapsbasen sin frå vitskapsfaget, frå skulefaget, frå fagdidaktisk forsking i og om læring i faget og lener seg til forskingsbasert kunnskap om barns oppvekst, utvikling og læring.

 

Skulerelevante fag

Skulerelevante fag er fag som ikkje er skulefag, men fagområde knytt til oppgåver og funksjonar i grunnskulen. Inntil 30 studiepoeng skulerelevante fag kan godkjennast som del av den valfrie delen av utdanninga på syklus 1. I 6. semester kan studenten velje mellom ulike skulefag eller velje et skulerelevant fag som pedagogikk med fordjupingane profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk eller spesialpedagogikk.

 

Tabell 1: Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10

1. og 2. semester:

Eitt av faga (val skjer ved opptak) - 45 stp. - eksamen i 1. og 2. semester

Engelsk

Matematikk

Norsk

Pedagogikk og elevkunnskap (PEL) - 15 st. (med Det mangfaldige klasserommet tilsv. 5 stp.) - eksamen i 2. semester

 

3. semester:

Pedagogikk og elevkunnskap - 15 stp. med Det mangfaldige klasserommet (tilsv. 5 stp.)

Engelsk/Matematikk/Norsk - 15 stp.

 

4. semester:

Val av eitt fag på 60 stp. over 4. og 5. semester

(Unntak: 30 stp. dersom val av Norsk teiknspråk, framandspråk, Engelsk, Matematikk eller Norsk i 5. og 6. semester)

Val mellom

RLE, Kroppsøving, Kunst og handverk, Musikk, Naturfag, Samfunnsfag

 

5. semester:

Framhald med fag valt i 4. semester

Eller Norsk teiknspråk 60 stp. over heile tredje studieåret

Eller framandspråk 60 stp. over heile tredje studieåret med val mellom:

Fransk i Caen

Tysk i Freiburg

Spansk i Valencia

Eller Engelsk 60 stp., Matematikk 60 stp. eller Norsk 60 stp. over heile tredje studieåret saman med 1. og 2. årsstudentar

 

6. semester:

Internasjonalt semester

Val av eitt undervisningsfag - 30 stp.:

RLE 1, Kroppsøving 1, Kunst og handverk 1, Mat og helse 1, Musikk 1, Naturfag 1, Samfunnsfag 1

eller

Pedagogikk med val mellom fordjupingane

  • Profesjonsretta pedagogikk

  • Digitalt støttet pedagogikk

  • Spesialpedagogikk

Studium i utlandet etter bestemte reglar

Halde fram med Norsk teiknspråk 60 stp.

Halde fram med framandspråk 60 stp.

Halde fram med Engelsk, Matematikk eller Norsk 60 stp. 

 

7. semester:

Vitskapsteori og metode -15 stp.

Masterfag undervisningsfag* - del 1 - 15 stp. - bygger på 60 stp. frå syklus 1

 

8. semester:

Masterfag undervisningsfag - del 2 - 15 stp.

Pedagogikk og elevkunnskap - 15 stp. med Det mangfaldige klasserommet (tilsv. 5 stp.)

 

9. semester:

Pedagogikk og elevkunnskap - 15 stp.

Og val mellom

Masterfag - 15 stp. - avhengig av tidlegare fagval

Masterfag undervisningsfag - del 3

Masterfag profesjonsretta pedagogikk

Masterfag digitalt støtta pedagogikk

Masterfag spesialpedagogikk

 

10. semester:

Masteroppgåve - 30 stp.

I undervisningsfag eller pedagogikk avhengig av tidlegare fagval

 

Forklaringar:

*Undervisningsfag i syklus 2 er Engelsk, RLE, Kroppsøving, Matematikk, Musikk, Naturfag, Norsk, Norsk teiknspråk og Samfunnsfag.

 

Masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere knytt til undervisning og læring i fag, men innanfor desse rammene har studenten somme val:

  1. Studenten kan velje å gjennomføre masteroppgåve i fagdidaktikk i faget studenten har 60 studiepoeng i frå syklus 1.

  2. Studenten kan velje å gjennomføre masteroppgåve i ei av dei pedagogiske fordjupingane profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk eller spesialpedagogikk. Dette krev at studenten har valt pedagogikk og same fordjuping i 6. semester. Vel studenten pedagogikk som masterfag, skal studenten også ha 30 studiepoeng i syklus 2 i det undervisningsfaget studenten har 60 poeng i, frå syklus 1.

Det er viktig å merke seg at det studenten kan velje i syklus 2, er avhengig av val gjort i syklus 1.

På grunnlag av prosjektskisse, der studentane beskriv tema for masteroppgåva og om dei vil gjennomføre oppgåva individuelt eller i gruppe på inntil tre, får kvar student tildelt rettleiar. Rettleiar vert tildelt seinast i 9. semester.

 

INNHALD I STUDIET

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 er ei lærarutdanning der det blir lagt vekt på både fagleg breidde og spesialisering samt kontaktlærarrolla, i tråd med nasjonale rammer for utdanninga.

 

Kontaktlæraren

Gjennom studiet skal studenten bli budd til å utføre dei sentrale oppgåvene kontaktlæraren har, i ein inkluderande og mangfaldig skule, særleg oppgåver overfor kvar enkelt elev og foreldra / dei føresette. Kontaktlæraren har hovudansvaret for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske oppgåvene overfor kvar enkelt elev i ein klasse i grunnskulen. Studenten må få god innsikt og kompetanse i kva disse oppgåvene omfattar. Kontaktlæraren skal arbeide for eit trygt læringsmiljø med høg grad av tilpassa opplæring. Studenten skal førebuast til å legge til rette for ei slik tilpassing ut frå fagleg og didaktisk forståing. Alle elevar har rett til samtalar med kontaktlæraren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla i faga. Studenten skal bli godt kjent med kva slike samtalar inneber og bli i stand til å gjennomføre dei. Dette vil samstundes vere ein del av ei løpande undervegsvurdering som kontaktlæraren har eit hovudansvar for. Kontaktlæraren har også eit hovudansvar for å skrive pedagogiske rapportar, heilårsvurderingar og individuelle opplæringsplanar (IOP). Studenten skal førebuast til å utføre desse oppgåvene. Kontaktlæraren har den næraste kontakten med heimen. Dette inneber blant anna foreldremøte og utviklingssamtalar kvart skuleår. I utviklingssamtalen deltar gjerne eleven saman med foreldra / dei føresette. Studenten vil få kjennskap til og trening i å leie slike møte og samtalar gjennom studiet, i praksisperiodar og på høgskulen.

 

Tilpassa opplæring

Ifølge opplæringslova § 1-3 skal opplæringa «tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten». Dette inneber i praksis at læraren må tilpasse undervisninga til det faglege nivået, språkkompetansen og føresetnadene til eleven. Tilpassa opplæring er eit grunnleggande prinsipp i opplæringa i skulen. Det er derfor viktig at studentane både har kunnskap om dette, og korleis ein kan arbeide for å tilpasse opplæringa. Studentane vil få kjennskap til regelverket rundt tilpassa opplæring, og korleis tilpassa opplæring fungerer som eit verkemiddel for å støtte læring for alle elevar. Studentane vil også få innblikk i relevant og aktuell forsking på feltet og korleis denne forskinga kan reflekterast i praksis. Vidare vil studentane bli presenterte for ulike arbeidsmåtar for å differensiere undervisninga. Differensiering er eit verktøy for å tilpasse opplæringa til elevane i klassen, og studentane vil få kjennskap til ulike måtar å differensiere undervisninga på, og korleis ein gjennom differensiering kan møte ulike elevstrategiar for læring. Vidare vil studentane bli presenterte for samanhengen mellom tilpassa undervisning og vurdering, og korleis dei kan bruke vurderingsinformasjon for å justere undervisninga undervegs og dermed tilpasse opplæringa etter læringsbehova til elevane.

 

Læraren og språket – utvikling av kommunikasjonsferdigheiter

Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 skal kvalifisere studentane til å kunne bruke språket munnleg og skriftleg både på bokmål og nynorsk i profesjonssamanheng. Det inneber at studentane skal utvikle språkleg kompetanse til å kunne undervise og kommunisere med ulike aktørar i og utanfor skulen og til å kunne utføre den skriftlege dokumentasjonen lærararbeidet krev.

 

«Læraren og språket» er ei fleirfagleg temaveke første studieår i utdanninga. Målet med veka er å gjere studentane medvitne om ulike språklege føresetnader, samt bidra med kunnskap og ferdigheiter knytt til mangfaldig språkbruk og kommunikasjon i læraryrket.

 

Studentane skal få kunnskap om forholdet mellom opplæringsspråk og undervisningsspråk. Skriftleg opplæringsspråk i Noreg er norsk (bokmål og nynorsk) og i visse samanhengar samisk, og viser til det språket eller det målet elevane sjølv skal vidareutvikle. Undervisningsspråk er det språket læraren bruker.

 

Vidare skal studenten få kunnskap om at språkmangfaldet i Norge utover bokmål, nynorsk og samisk som offisielle skriftspråk også omfattar mange ulike dialekter og sosiolekter, minoritetsspråk og impulsar frå engelsk.

 

I temaveka vil introduksjonsforelesingar bli følgt opp av studentaktive arbeidsformer der studenten får høve til praktiske øvingar knytt til undervisning og ulike samtaleformer, samt ulik skriftleg dokumentasjon i lærararbeidet.

 

Språkkompetanse på bokmål og nynorsk

Grunnskulelæraren skal meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg i profesjonell samanheng. Lærarstudentane skal derfor kunne skrive akademiske tekstar på både bokmål og nynorsk. Dei fleste studentane treng å forsterke kompetansen i den målforma som dei ikkje bruker dagleg. Dei som vel faget norsk får denne opplæringa i norskundervisninga. For studentar som

ikkje vel faget norsk, vil utdanninga tilby eit tilpassa kursopplegg i den målforma studentane ikkje bruker som si primære målform.

 

Forsking har vist at det er mindre behov for å gi et slikt tilbod til studentar som bruker nynorsk til dagleg. OsloMet har derfor valt å gi opplæring i nynorsk til dei som har bokmål som si primære målform.

 

Opplæringa blir organisert som eit samarbeid mellom faga norsk og pedagogikk, og den vil bli integrert i studieopplegget for pedagogikk og elevkunnskap. Opplæringa omfattar undervisning, arbeidskrav og obligatorisk elektronisk prøve. 

 

Det fleirkulturelle og fleirspråklege aspektet - mangfaldskompetanse

Gjennom utdanninga lærer studentane å bruke pedagogiske og fagdidaktiske reiskapar for undervisning av elevar med variert kulturell, språkleg, religiøs/livssynsmessig og sosioøkonomisk familiebakgrunn. For å få til dette treng studentane relasjonelle ferdigheiter og avansert kunnskap om barn og unges livsverd og identitetsdanning i og utanfor skulen. Utvikling av interkulturell kompetanse vil gi studentane eit nødvendig grunnlag for å bruke mangfaldet som ressurs og for å kunne samarbeide med heimen. Den interkulturelle kompetansen omfattar kunnskap om ulike religionar og livssyn i Noreg, innvandringshistoria, historia til dei nasjonale minoritetane og samisk historie. Den omfattar også kunnskap om urfolksrettar og minoritetsrettar, og kunnskap om interaksjonen mellom desse gruppene og norske institusjonar og profesjonar.

 

Kjønns-, likestilling- og mangfaldsperspektivet

Kjønn kan spele ei rolle for korleis eleven opptrer i det sosiale rommet i klassen og i relasjon til læraren, og det er kjønnsskilnader i leseferdigheit og andre skuleprestasjonar. Dette er problemstillingar som vil bli belyst i alle fag i Grunnskulelærarutdanninga. Gjennom utdanninga får studentane innsikt i mangfaldet av kjønns- og likestillingsutfordringar som møter læraren i grunnskulen. Eit gjennomgåande normkritisk perspektiv i utdanninga kan bidra til at studentane forstår korleis mobbing, trakassering og krenking ofte speler på fleire identitetskategoriar samstundes, som for eksempel kjønn, seksuell legning, funksjonalitet, etnisitet og religion. Studentar skal kunne kjenne att og utfordre normer og diskursar som reproduserer og forsterkar “vi” og “dei”-oppfatningar.  Dette opnar opp for å etablere normer i klasserommet som fremmar fellesskap, mangfald og demokratisk medborgarskap.

Gjennom utdanninga tileignar studentane seg kunnskap om didaktiske strategiar som fremmar refleksjon og kritisk medvit om maktforhold. Slike didaktiske strategiar kan for eksempel vere å la elevar erfare og skape kunstnariske og estetiske uttrykk, eller å ha dialogbasert undervisning der haldningar og verdiar som elevane har, blir utforska og utfordra. Studentane arbeider med problemstillingar knytt til sosial og kulturell variasjon i undervisinga og i samfunnet, og føresetnader for likeverdig utdanning for enkeltelevar og grupper av elevar. Gjennom dette arbeidet arbeider studentane med eigne etablerte førestillingar og verdiar og tileignar seg refleksiv kompetanse. Skulen har ei rekke utfordringar som overskrid kjernekompetansen til læraren. Studentane treng derfor kunnskap om korleis samarbeid med andre profesjonar og institusjonar potensielt kan bidra til realiseringa av skulens demokratiske samfunnsmandat: fagleg og sosial utvikling og kvalifisering av alle elevar til aktiv samfunnsdeltaking. Studentane møter denne tematikken i Det mangfaldige klasserommet som er eit fleirfagleg tema i pedagogikk og elevkunnskap i både syklus 1 og syklus 2, men også i dei ulike studiefaga.

 

Samiske emne

I Noreg har vi både eit urfolk, nasjonale minoritetar og personar som har innvandra til landet i nyare tid. Samane i Norge har politiske, språklege og kulturelle rettar som urfolk, jf. ILO-konvensjonen nr. 169.  Lærarutdanninga skal kvalifisere studenten til å ivareta opplæring om samiske forhold, samiske barns rettar og den statusen samane har som anerkjent urfolk. Mangfaldet i samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven. Studenten skal derfor få kunnskap om ulike samiske kulturuttrykk og språk, naturforvaltning, levemåtar og politiske rettar – i både fortid og nåtid. Studenten skal i tillegg få kunnskap om samiske elevars særlege rettar i norsk grunnopplæring og om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa. Studentane møter samiske emne i Det mangfaldige klasserommet og i fleire studiefag.

 

Grunnleggande ferdigheiter og kompetansar

Dei grunnleggande ferdighetene – å kunne lese, skrive, rekne, å kunne uttrykke seg munnleg og digitale ferdigheiter – er ferdigheiter som er spesifikke for kvart fag, og som må forståast som ein del av faget og tenkemåtane i faget. Dei grunnleggande ferdigheitene er nøkkelferdigheiter både når studentane sjølv skal lære fag på høgskulenivå og når dei skal utvikle dei grunnleggande ferdigheitene til elevane i skulefaga. Fagplanane spesifiserer kva som kjenneteiknar tekstane i studiefaga, og i undervisninga er det lagt til rette for læring gjennom skriving og lesing av fagtekstar, samt gjennom faglege samtalar, presentasjonar og andre fagspesifikke arbeidsmåtar. På den måten blir studentane rettleidd inn i dei ulike fagkulturane på faglege premiss. Ved aktivt å lære og bruke grunnleggande ferdigheiter gjennom Grunnskulelærarutdanninga, skal studentane oppnå ei reell forståing av korleis desse er ein del av faget. Dette er nødvendig for å kunne integrere dei grunnleggande ferdighetene i undervisninga i skulefaga, og slik legge til rette for elevanes læring og forståing av eigne læringsprosessar. Pedagogikk og elevkunnskap har eit særleg ansvar for å løfte fram refleksjon hos studentane, både når det gjeld kva dei har lært om grunnleggande ferdigheiter i faga og korleis denne kunnskapen kan brukast i skulen. Dei grunnleggande ferdigheitene for studentane må forståast i samanheng med beskrivinga av den digitale kompetansen og FoU-kompetanse i programplanen, og er presentert saman med desse i tabell 2.

 

Bruk av IKT i arbeid med fag

Lærarstudenten på grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 skal i løpet av utdanninga utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse på eit avansert nivå. For det første skal lærarstudenten utvikle ein robust digital kompetanse for å meistre studiekvardagen og dei administrative sidene ved læraryrket, samt kunne reflektere over, initiere og leie arbeid med IKT og læring i skulen. For det andre skal lærarstudenten kunne vurdere og bruke relevante digitale læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa. Dette omfattar føremålstenleg bruk av digitale verktøy til støtte for elevanes læring og vurdering i fag. Det omfattar også erfaringar med å legge til rette for varierte undervisningsmetodar som integrerer teknologi. For det tredje skal lærarstudenten få øving i å kunne gi elevane opplæring i og om digitale ferdigheiter for å bidra til at elevane deltar i den teknologiske utviklinga og er i stand til å påverke og leie utviklinga. For det fjerde skal lærarstudenten utvikle haldningar til og reflektert forståing for etiske og juridiske sider ved bruk av teknologi i både skule og fritid. Lærarstudenten skal gjennom god digital dømmekraft vere i stand til å rettleie elevar i ulike digitale sosiale kontekstar. Undervisning i profesjonsfaglig digital kompetanse er både integrert i faga og blir gitt som fagovergripande emne i utdanningsløpet. Progresjonen vil også bli ivaretatt gjennom bruk av verktøy i faga gjennom heile utdanningsløpet. Planen for utvikling av og innhald i den digitale kompetansen er presentert i tabell 2 og i fagplanane for dei enkelte faga.

 

Yrkesretting av studiefaga

Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 seier at studentane etter enda utdanning skal ha inngåande kunnskap om overgangen frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring. Studentar på grunnskulelærarutdanninga har oftast bakgrunn frå studieførebuande linjer på vidaregåande skule, og det er derfor ekstra viktig at studentane gjennom grunnskulelærarutdanninga får kunnskap om dei yrkesfaglege studieretningane og lærlingordninga som del av vidaregåande opplæring. Det blir gitt høve til at fem av praksisdagane kan leggast til den vidaregåande skulen, i særlig grad til yrkeslinjene, i tråd med nasjonale føringar.

 

Studentane får kunnskap om korleis dei kan legge til rette for at elevar på Ungdomssteget kan førebu seg for vidaregåande opplæring. Dei får kunnskap om dei ulike linjene vidaregåande opplæring består av og kva val elevane har. Dei får også kunnskap om gjeldande tiltak og fag på Ungdomssteget med føremål å førebu elevane for vidaregåande opplæring. I eit demokratisk samfunn er det ei oppgåve for skulen å førebu elevane for eit framtidig yrkesliv og bidra til den personlege utviklinga og danninga deira. Studentane må få erfare korleis dei ulike faga kan tilpasse undervisning og gjere den praktisk og relevant for eit breitt spekter av ulike yrke. Dette kan gjerast ved at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert og integrert i alle fag. I praksis på ungdomssteget vil studentane møte faga utdanningsval og arbeidslivsfag.

 

Oppbygging av FoU-kompetansen til studentane

Ei forskings- og utviklingsbasert grunnskulelærarutdanning skal bidra til å kvalifisere studentar til å utøve profesjonelt arbeid i grunnskulen med høg kvalitet. Studentane skal utvikle kompetanse til å grunngi lærararbeid i klasserommet med relevant forsking og teori. Gjennom å utføre sjølvstendig forskings- og utviklingsarbeid (FoU) skal studentane få kompetanse til å delta i utvikling av faglege fellesskap i ein grunnskule i stadig endring.

 

Å utvikle sjølvstendig FoU-kompetanse inneber at studenten får erfaring med å lese forskingslitteratur og vitskapelege tekstar, og med å skrive sjølvstendige akademiske tekstar, i tillegg får dei kunnskap om metodiske tilnærmingar og vitskapsfaglege tradisjonar.

 

Utvikling av FoU-kompetansen er gjennomgåande i dei fem studieåra. I syklus 1 blir det lagt vekt på opplæring som skal danne grunnlaget for arbeidet med FoU-oppgåva i fordjupingsfaga. I syklus 2 blir FoU-kompetansen vidareutvikla og er tett knytt til arbeidet med masteroppgåva.

 

FoU-oppgåva er eit sjølvstendig arbeid der studenten skal undersøke ei fagleg problemstilling ved bruk av valt metodisk tilnærming. Studentane skal også dokumentere at dei kan bruke relevant forsking og teori for å belyse problemstillinga. I masteroppgåva skal studenten dokumentere ein avansert FoU-kompetanse. Godkjend prosjektskisse og kurs i vitskapsteori og metode er føresetnader for å begynne arbeidet med masteroppgåva. Planen for utviklinga av FoU-kompetansen er presentert i tabell 2.

 

Læringsleiing

Læraren er ein viktig faktor for elevanes læring. Både i faget pedagogikk og elevkunnskap, men også i lærarutdanningsfaga vil studentane få kunnskap om dei faktorane som har størst innverknad på læring og utvikling av ferdigheiter, samt ferdigheiter som gjer dei i stand til å støtte læring og utvikling av ferdigheiter hos elevar; støttande relasjonar, struktur og reglar, motivasjon og forventningar samt læringskultur. Ein god læringsleiar i eit profesjonelt fellesskap legg vekt på læringsmål og at læring, trivsel og utvikling bli synleggjort, så ein veit om ein er på rett veg til å gi den kompetansen eleven treng vidare i livet. I syklus 2 utviklar studenten kompetanse i læringsleiing.

 

Psykososialt læringsmiljø

På skulen skal elevane oppleve tryggleik og meistring. Lærarar har eit ansvar for å legge til rette for dette og lærarutdanninga må gi lærarstudentane kompetanse til å handtere dette ansvaret og leggje til rette for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Studentane vil også få erfaring med å samarbeide på tvers av profesjonar i utdanninga.

 

For det første må lærarar legge grunnlaget for eit godt læringsmiljø gjennom det daglege virket. Det psykososiale læringsmiljøet blir påverka av alt læraren gjer, for eksempel gjennom klassereglar, arbeidsmåtar, tilbakemeldingar og veremåte. Dei enkelte faga arbeider med korleis ein gjennom undervisinga kan fremme fagglede og lærelyst og motverke prestasjonsangst og resignasjon. I faget pedagogikk og elevkunnskap arbeider studentane med teoriar og strategiar for motivasjon og miljøskapande arbeid, og i praksisopplæringa får studentane realisere teoriane i praksis. Normkritisk pedagogikk er sentralt for å motverke "vi og dei"-kjensle, ved å sjå kritisk på dei normene som gjeld på skulen for kva som er "normalt".

 

Kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge

For det andre må lærarar raskt oppdage krenking, mobbing, trakassering og diskriminering knytt til skulen, også digitalt, og kunne sette i gang nødvendige tiltak for å motverke det. I pedagogikk og elevkunnskap får studentane kunnskap om teoriar og metodar, og i praksisopplæringa får studentane sjå ulike korleis ulike skular driv antimobbearbeid.

 

For det tredje må lærarar ha auge for korleis elevar har det, også knytt til omstende utanfor skulen, inkludert omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Dei må kjenne til og kunne oppdage teikn på dette, og kunne bruke hjelpeapparatet slik lova krev og på ein føremålstenleg måte. Studentane får innsikt i dette gjennom pedagogikk og elevkunnskap, og fleirfaglege opplegg, også på tvers av utdanningar.

 

Temaet blir arbeidd med dei ulike studieåra, men blir gitt særleg merksemd i det tredje semesteret der det blir gjennomført ei fleirfagleg veke om barn, ungdom og helse. Den fleirfaglege veka et er eit samarbeid med andre profesjonsutdanningar for å utvikle tverrprofesjonell kompetanse hos studentane, og både førebyggings- og avdekkingsperspektivet er med.

 

Barn, ungdom og helse

I St. Meld. 28 (2015-2016) «Fag – Fordypning – Forståelse» - ei fornying av kunnskapsløftet, er folkehelse og livsmeistring eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast i norsk skule. Skulen har derfor eit ansvar og er ein viktig arena for å fremme god helse hos elevane. Gode helseval er ein del av å meistre livet, og kunnskap om fysisk og psykisk helse og konsekvensar av livsstil har stor tyding.

Skal skulane kunne jobbe tverrfagleg med slike omfattande tema og ei heilskapleg tenking rundt eleven, er det viktig at dette også blir spegla att i Grunnskulelærarutdanninga. Barn, ungdom og helse er ei slik tverrfagleg samarbeidsveke som skal gi studentane eit innblikk i og auka kunnskap om viktige område innanfor barns psykiske og fysiske helse. Studentane blir presentert for forsking og kunnskap innanfor eit vidt spekter av tema som alle er viktige for barns og unges helse.  Korleis  problem/utfordringar blir identifisert, behandla og følgt opp gjennom nødvendige endringstiltak vil bli vektlagt i undervisninga. Dette kan handle om psykiske problem, vald, mobbing og seksuelle overgrep. Vidare vil studentane også bli presentert for den viktige rolla fysisk aktivitet speler, og korleis og kvifor skulen er ein viktig arena for dagleg fysisk aktivitet.

 

Berekraft og innovasjon

Felles samfunnsutfordringar knytt til klima, forbruk og fordelingspolitikk må løysast gjennom berekraftige løysingar og nytenking. Grunnskulelærarutdanninga må gjennom kunnskapsformidling og relevant praksis bidra til at studentane erfarer korleis ein kan gjennomføre utdanning for berekraftig utvikling i tråd med UNESCOs målsetting og kunne bruke skulekvardagen som læringsarena. Studentane må kunne stille spørsmål, sjå samanhengar og identifisere problem. Denne kompetansen må utviklast gjennom heile studietida, knytast til alle fag, men også takast i vare gjennom eit fleirfagleg prosjekt i tredje studieåret.

 

Etisk gjennomtenking og evne til å sjå nye moglegheiter er avgjerande for berekraftig utvikling, både nasjonalt og globalt. Det er derfor ein klar samanheng mellom kreativitet, innovasjon, kritisk tenking og problemløysing. Morgondagens skule krev lærarar som kan inspirere elevane til å utforske og skape. Det å kunne omsette ein idé til handling eller eit produkt er ein viktig kompetanse morgondagens skule skal utdanne til.

 

Fleirfaglegheit og fagovergripande oppgåver

Fleirfaglegheit tar utgangspunkt i kunnskapsområde og problemstillingar der faga har felles interesse og der dei har høve for fordjuping gjennom samarbeid. I løpet av studietida møter studentane fleirfaglege tema som skal gjere studentane i stand til fordjuping samt arbeide på tvers av fag. Dei fleirfaglege temaa blir omtalt i fagplanane for dei respektive faga. Ei oversikt over emna finn ein i tabellane 2 og 3. Tabellane utfyller kvarandre.

 

Studentane deltek også i undervisningsopplegget INTERACT (Interprofessional Interaction with Children and Youth). Gjennom INTERACT får studentane forskingsbasert kunnskap om tema som er knytt til kvardagen til barn og unge. Samtidig får dei trening i tverrprofesjonelt samarbeid med studentar frå andre profesjonsutdanningar ved OsloMet. Slik legg INTERACT grunnlaget for betre samordning av tenester i samfunnet på tvers av profesjonar, retta mot barn og unge og føresette. Undervisningsopplegget består av to seminardagar i andre, fjerde og sjette semester (INTER 1100, 1200, 1300, sjå tabell 3), der det blant anna er case-baserte oppgåver om relevante tema i grupper med studentar frå andre profesjonsutdanningar ved universitetet.

 

Tabell 2:  Oversikt over fagovergripande tema og fleirfaglege oppgåver - del 1

 

FoU-kompetanse

1. studieår:

  • Litteratursøk og kjeldekritikk

  • Lesegruppe 1

  • Forskingsmetode: Observasjon

  • Akademisk skriving 1

 

2. studieår:

  • Akademisk skriving 2

  • Forskingsmetode: Kvalitativt intervju, aksjonsforsking og -læring

  • FoU-arbeid  

  • Lesegruppe 2

 

3. studieår:

  • Akademisk skriving 3

  • Vitskapsteori og forskingsmetode

  • Kvalitative og kvantitative metodar

  • Pedagogisk utviklingsarbeid 

  • Forskingsetiske perspektiv

  • FoU-oppgåva

 

4. studieår:

  • Vitskapsteori og forskingsmetode

  • Godkjenning prosjektskisse for masteroppgåve

  • Litteraturgjennomgang i fagdidaktikk 

 

5. studieår:

  • Godkjenning prosjektskisse for masteroppgåve

  • Litteraturgjennomgang i pedagogikk

  • Masteroppgåva

 

Grunnleggande ferdigheiter

1. studieår:

Studentane lærer å lære gjennom fagspesifikk skriving, lesing og munnlegheit i studiefaga.

Fagovergripande tema med eigen organisering:

  • Akademisk skriving

  • Læraren og språket

 

2. studieår:

Integrering av grunnleggande ferdigheiter i undervisning:

  • Tilrettelegging av læring for elevar

  • Bruk og vurdering av læremiddel i skulefaga

I studiefaga jobbar studentane i tillegg med å lære å lære gjennom fagspesifikk skriving, lesing og munnlegheit.

 

3. studieår:

Integrering av grunnleggande ferdigheiter i undervisning:

  • Undervisningsplanlegging som knyter samband mellom korleis elevane lærer og grunnleggande ferdigheiter

 

4. studieår:

Vidareutvikling grunnleggande ferdigheiter hos studentane: Fagspesifikk literacy, lærarsamarbeid og faglæraridentitet 

 

5. studieår:

Vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter hos studentane: Fagspesifikk literacy og endringskompetanse

 

Digital kompetanse

1. studieår:

Grunnleggande digital kompetanse for eigen studiekvardag og administrative sider ved læraryrket:

  • Tekstbehandling

  • Referanseverktøy

  • Regneark

  • Filhandtering 

  • Presentasjonsverktøy

  • Studentsystemer/verktøy ved OsloMet 

 

Å undervise med teknologi:

  • Val og vurdering av digitale læremiddel

  • Digitale tavler

  • Omvendt undervisning

 

Å undervise i og om teknologi:

  • Digital kommunikasjon

 

Digitale verktøy koblet til fag

 

2. studieår:

Digital kompetanse for eigen studiekvardag og administrative sider ved læraryrket:

  • Digitale samhandlingsplattformer 

  • Digitale einingar i skolen

  • Klasseleiing i teknologirike klasserom 

 

Undervisning i og om teknologi:

  • Rammeplan for  grunnleggande ferdigheiter

 

Etikk og digital dømmekraft:

  • Personvern 

  • Mobbing på nett og nettvett

 

Digitale verktøy kopla til fag

 

3. studieår:

Digital kompetanse for eigen studiekvardag og administrative sider ved læraryrket:

  • Digitale spørjeskjema

  • Avansert tekstbehandling 

  • Referansehåndtering

  • Å undervise med teknologi

  • Nettbasert undervisning

  • Digitalt støtta vurdering 

 

Etikk og digital dømekraft:

  • Opphavsrett 

  • Kildekritikk

 

Digitale verktøy kopla til fag

 

4. studieår:

Digital kompetanse for eigen studiekvardag og administrative sider ved læraryrket:

  • Digitale dataanalyseverktøy

  • Datasikkerheit

 

Digitale verktøy kopla til fag

Digital fagdidaktikk

 

5. studieår:

Undervisning i og om teknologi:

  • Digital skoleutvikling – IKT plan

Digitale verktøy kopla til fag

Digital fagdidaktikk

 

Tabell 3:  Oversikt over fagovergripande tema og fleirfaglege oppgåver - del 2

 

Fagovergripende tema

1. studieår:

  • Akademisk skriving

  • Læraren og språket

  • Kurs i munnleg fortelling

  • Drama som metode

  • Song- og stemmebruk

  • Kurs: lage bildebok

  • Lærarverksted

  • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1100)

 

2. studieår:

  • Psykososialt miljø med vekt blant anna på tverrprofesjonell kompetanse

  • Demokrati og menneskerettar

  • Førstehjelpskurs

  • Bruk av estetiske læringsprosessar i fag

  • Lærarverkstad

  • Tverrfagleg samarbeidsveke: Barn, ungdom og helse

  • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1200) 

 

3. studieår:

  • Berekraft, innovasjon og entrepenørskap

  • Internasjonal utdanning

  • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1300) 

 

4. studieår:

  • Lærarverkstad

  • Avansert digital kompetanse 

 

Estetisk dimensjon

1. studieår:

  • Kurs i kunst og handverk. Lage bildebok (norsk)

  • Dramakurs. Utvalde metodar blir følgt opp i engelsk, norsk og matematikk.

  • Lærarverkstad (PEL): Øve på praksissituasjoner gjennom estetiske læringsprosesser. Kurs i stemmebruk.

  • Kurs i muntlig fortelling (norsk). Blir knytt til arbeidskrav i praksis: bruke munnleg forteljing som metode i andre fag.

  • Lærarverkstad (PEL): Øve på praksissituasjonar gjennom estetiske læringsprosessar.

 

2. studieår:

For dei estetiske faga:

  • Korleis bruke estetiske læringsprosessar i norsk og matematikk?

For dei andre faga:

  • Korleis bruke estetiske læringsprosessar i faget?

 

  • Lærarverkstad (PEL): Øve på praksissituasjonar gjennom estetiske læringsprosessar.

 

3. studieår:

  • Framlegg i samband med fagovergripande tema (berekraft, innovasjon og entrepenørskap )

 

4. studieår:

  • Lærarverkstad i pedagogikk og elevkunnskap (PEL): Øve på praksissituasjonar gjennom estetiske læringsprosessar. 

 

Læringsmiljø og studieinnsats

 

Femårig grunnskulelærarutdanning er eit fulltidsstudium som kvalifiserer for kyndig yrkesutøving. Gode læringsprosessar er den beste motivasjonen til innsats. Tiltak som utdanninga vil satse spesielt på for å sikre ein høg studieinnsats:

  • Relevant undervisning som er kopla til for- og etterarbeidet til studentane, aleine og i grupper

  • Vurderingsordningar og vurderingskriterium er tydeleg relevante for framtidig yrke og knytt til jamt arbeid gjennom semesteret

  • Det blir lagt til rette for jamn arbeidsbelastning gjennom semesteret, blant anna ved at arbeidskrav og andre oppgåver er tilgjengelege i god tid

  • Studiemiljøet blir jamleg evaluert, og tiltak vurderte og følgde opp

  • Studentane blir årleg kalla inn til ein kontaktlærarsamtale

  • Studentane vel ved starten av kvart studieår representantar til fagutval for faga. Fagutvala møter faglærarar og studieleiar med jamne mellomrom.

  • Fagutvala, studieevalueringane og kontaktlærarsamtalane er viktige element i kvalitetssikringssystemet på universitetet.

 

Progresjonskrav i studiet

 

For å kunne starte i tredje studieåret må studenten ha bestått minst 90 studiepoeng frå dei to første studieåra i utdanninga. Alle eksamenane frå det første studieåret må være bestått. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i andre studie­året.

 

For å kunne starte i fjerde studieåret, syklus 2 (7. semester), må studenten ha bestått minst 150 studiepoeng frå dei tre første studieåra i utdanninga. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i tredje studie­året.

 

I tredje studieåret skal studentane skrive ei profesjonsretta FoU-oppgåve i kombinasjon mellom eit undervisningsfag og faget pedagogikk og elevkunnskap. Oppgåva må vere bestått innan utgangen av 7. semester for at studenten skal kunne fortsette på 8. semester. Dette progresjonskravet gjeld for kull i utdanninga med oppstart hausten 2019 og seinare. For kull med oppstart hausten 2017 og hausten 2018 gjeld dette: Oppgåva må vere bestått før studenten kan begynne på masteroppgåva.

 

Bestemmelser med omsyn til bestått praksis

 

Progresjonskrav

Praksisopplæringa i første studieår må vere bestått før studenten kan fortsette i andre studieår. Tilsvarande krav gjeld for alle studieår i syklus 1. Praksis tredje år syklus1 må vere bestått før studenten kan fortsette på syklus 2.

 

Antall forsøk på å bestå praksis Dersom praksisstudiet ikkje er bestått og det er brukt to forsøk, må normalt studiet avbrytes, (jf. forskrift om studiar og eksamen ved OsloMet).

 

Å vere skikka

Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentane er skikka for læraryrket. Løpande vurdering går føre seg gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av dei

faglege og personlege føresetnadene for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ei mogleg fare for elevars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser manglande evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogleg i utdanninga bli informert om dette. Dei skal eventuelt få råd og rettleiing slik at dei kan forbetre seg, eller få råd om å avslutte utdanninga. Konkrete vedtak om studenten er skikka som lærer, kan fattast gjennom heile studiet.

Valgfritt emne Løper over flere semestre

1. studieår

Obligatoriske emner - Matematikk

1. semester
2. semester

Obligatoriske emner - Norsk

1. semester
2. semester

Obligatoriske emner - Engelsk

1. semester
2. semester

2. studieår

Obligatoriske emner - Matematikk

3. semester

Obligatoriske emner - Norsk

3. semester

Valgfritt fag - Kroppsøving 1

4. semester

Obligatoriske emner - Engelsk

3. semester

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1

4. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag 1

4. semester

Valgfritt fag - RLE1

4. semester

Valgfritt fag - Naturfag 1

4. semester

Valgfritt fag - Musikk 1

4. semester

3. studieår

Valgfritt fag - Kroppsøving 1

6. semester

Valgfritt fag - RLE2

5. semester

Obligatoriske emner - Matematikk

5. semester

Valgfritt fag - Musikk 1

6. semester

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 2

5. semester

Obligatoriske emner - Norsk

5. semester

Valgfritt fag - Kroppsøving 2

5. semester

Obligatoriske emner - Engelsk

5. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag 2

5. semester

Valgfritt fag - Naturfag 1

6. semester

Valgfritt fag - Naturfag 2

5. semester

Valgfritt fag - RLE1

6. semester

Valgfritt fag - Norsk (del 1 av 2)

5. semester
6. semester

Valgfritt fag - Matematikk (del 1 av 2)

5. semester
6. semester

Valgfritt fag - Engelsk (del 1 av 2)

5. semester
6. semester

Valgfritt fag - Norsk (del 2 av 2)

6. semester

Valgfritt fag - Matematikk (del 2 av 2)

6. semester

Valgfritt fag - Engelsk (del 2 av 2)

6. semester

Valgfritt fag - Tegnspråk (del 1 av 2)

5. semester

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1

6. semester

Valgfritt fag - Mat og helse 1

6. semester

Pedagogikk fordypning 1: Digitalt støttet pedagogikk

Pedagogikk fordypning 1: Profesjonsrettet pedagogikk

Pedagogikk fordypning 1: Spesialpedagogikk

Valgfritt fag - Tegnspråk (del 2 av 2)

6. semester

Valgfritt fag - Musikk 2

5. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag 1

6. semester

4. studieår

Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 2

8. semester

Obligatoriske emner - Matematikk

7. semester
8. semester

Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 2

8. semester

Obligatoriske emner - Norsk

7. semester
8. semester

Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 1

7. semester

Obligatoriske emner - Engelsk

7. semester
8. semester

Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Naturfag og natursfagdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Naturfag og naturfagdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 1

7. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 2: Fagdidaktikk – kunst og design

8. semester

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1: Fagdidaktikk – kunst og design

7. semester

Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 2

8. semester

Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 1

7. semester

5. studieår

Obligatoriske emner - Matematikk

9. semester
10. semester

Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 3

9. semester

Obligatoriske emner - Norsk

9. semester
10. semester

Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 3

9. semester

Obligatoriske emner - Engelsk

9. semester
10. semester

Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 3

9. semester

Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 3

9. semester

Valgfritt fag - Naturfag og naturfagdidaktikk 3

9. semester

Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 3

9. semester

Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 3

9. semester

Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 3

9. semester

Pedagogikk fordypning 2: Digitalt støttet pedagogikk

Pedagogikk fordypning 2: Profesjonsrettet pedagogikk

Pedagogikk fordypning 2: Spesialpedagogikk

Valgfritt fag - Kunst og håndverk 3: Fagdidaktikk – kunst og design

9. semester

Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 3

9. semester

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom heile studiet blir det lagt opp til varierte arbeidsformer med studentaktive arbeidsmetodar, avhengig av tema og studieoppgåver. Det krev at studentane deltar i seminargrupper der ein løyser oppgåver både saman med andre og individuelt. Arbeidsformene vil også variere frå fag til fag. Eksempel på dette er rollespel og kasusarbeid i pedagogikk og elevkunnskap, rekneverkstader i matematikk, øvingar i munnleg formidling i norsk, strukturelle filosofiske samtaler i RLE, «Tren tanken» i samfunnsfag, ekskursjonar i kroppsøving, praktiske forsøk i naturfag, skapande arbeid i musikk og mykje meir. Digitale læringsressursar er integrert i alle fag.

Praksisstudier

Praksis er nærare beskrive i fagplan for praksis for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.

 

Praksisopplæringa består av 110 dagar rettleidd, variert og vurdert praksis. Alle dagane er lagt til 5.-10. trinn i grunnskulen, men fem av dagane kan leggast til den vidaregåande skulen etter nærare retningslinjer. Tidleg i studiet kjem fem dagar observasjon av lærararbeid i og utanfor klasserommet.

 

Det skal vere eit integrert forhold mellom studiefaga og praksisstudiet. Studentane skal få erfaringar med studiefaga i praksis og under og etter praksis reflektere over samanhengar mellom praksiserfaringar og teoristudium i studiefaga. Dette krev eit nært og tett samarbeid mellom studentar, faglærarane, praksislæraren og leiinga på praksisskulen. For å få til eit slikt samarbeid vil det bli gjennomført felles møter i samband med førebuingar og oppsummering av praksis.

 

Praksisopplæringa er fordelt med 80 dagar på syklus 1 og 30 dagar på syklus 2. I syklus 1 er det lagt vekt på utvikling av ferdigheiter, sosialisering til lærarprofesjonen, samt undervisningskunnskap i studiefaga. I syklus 2 er det lagt vekt på å gi studentane meir inngåande kunnskap om læringsprosesser, barn- og unges utvikling og forskings- og utviklingsarbeid i skulen, samt at det blir lagt til rette for utvikling av endringskompetansen til studentane.

 

Praksis er ein arena der det blir lagt til rette for læring gjennom øvingssituasjonar og rettleiing. Første året skal studenten i samarbeid med medstudentar planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med rettleiing frå praksislæraren og faglærarane. Vidare i studiet vil studenten få eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Innhaldet i praksis er beskrive i ein eigen fagplan for praksis i tillegg til at det er utarbeidd vurderingsrapport for kvart studieår. Vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga, praksislærar og rektor. Det er praksislærar som set karakteren bestått/ikkje bestått. Praksisutvalet annullerer eller stadfestar karakteren ikkje bestått. Praksis er også omtalt i fagplanane til kvart enkelt fag.

 

Profesjonstemaa konkretiserer progresjonen i opplæringa og knyter opp mot dei studiefaga studenten tar dei ulike åra. Tabell 4 viser omfang og innhald i praksisopplæringa i dei ulike studieåra.

 

Tabell 4: Omfang og innhald i praksisopplæringa

 

 

Syklus 1

Profesjonstema:

Lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring av fag.

Dette omhandlar:

  • Utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse

  • Lærararbeidet i møte med det fleirkulturelle klasserommet

  • Klasseleiing

  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning

  • Tilpassa opplæring og læringsfremmande vurdering

  • Skule-heim-samarbeidet

  • Skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar

 

Omfang:

1. år

  • Haust: 5 dagar observasjonspraksis

  • Vår: 20 dagar praksis

  • Ungdomssteget 

2. år

  • Haust: 15 dagar praksis

  • Vår: 15 dagar praksis

  • Mellomsteget 

3. år

  • Haust: 15 dagar praksis

  • Vår: 15 dagar praksis

  • 5.-10. trinn 

 

Syklus 2

Profesjonstema:

Vidareutvikle lærarkompetansen sin. Gi ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar, lærarens tilrettelegging for læring av fag og forskings- og utviklingsarbeid.

Dette omhandlar:

  • Læringsleiing og djupare forståing av elevmangfald

  • Forskings- og utviklingsarbeid relatert til skulen

  • Utvikling av endringskompetanse 

 

Omfang:

4. år

  • Haust: 10 dagar praksis - trinn-/klasseovertaking

  • Vår: 20 dagar praksis

  • 5.-10. trinn 

Internasjonalisering

Det fleirkulturelle og internasjonale perspektivet er forankra i alle fag og alt lærararbeid i lærarutdanninga. Utdanninga førebur studenten på det internasjonale og fleirkulturelle læringsmiljøet som ventar i praksisperiodane og i framtidig yrke som lærar blant anna gjennom bruk av relevant og komparativ internasjonal forsking, faglitteratur og nettressursar.

 

Det blir lagt til rette for at delar av utdanninga kan takast i utlandet gjennom dei internasjonale avtalane lærarutdanninga har etablert. Dette gjeld både fagstudium og praksisopphald. 6. semester er spesielt tilrettelagt for utvekslingar, men det er også mogleg andre semestre avhengig av eige fagval. Det 6. semesteret, det internasjonale semesteret, er ikkje bare lagt opp med tanke på utveksling, men også med internasjonalt perspektiv for studentar som studerer heime. Det fagovergripande temaet dette semesteret er internasjonal utdanning. Læringsarbeidet på campus nyttar den ressursen internasjonale studentar og dei utanlandske forelesarane som lærerarane våre samhandlar med, innehar. Det vil også bli trekt vekslar på kompetansen til internasjonale organisasjonar som Redd Barna og Røde Kors. Pensum i alle fag inneheld oppdatert litteratur på engelsk. Det er i løpet av studiet mogleg å velje engelskspråklege emne der interne studentar møter internasjonale studentar. Den internasjonale dimensjonen blir tillagt auka vekt gjennom utdanningsløpet. I kvar fagplan er det beskrive korleis dei ulike studiefaga arbeider med internasjonalisering.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsette fristar. Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med den aktuelle læraren.

 

Arbeidskrav skal vurderast til ”Godkjent” eller ”Ikkje godkjent”. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjent”, har høve til to nye innleveringar/forsøk. Studenten må da sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglæraren. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.

 

Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte fag- og emneplanen.

 

Krav om deltakingog fleirfaglege opplegg

Det er krav om deltaking på det tverrprofesjonelle undervisningsopplegget INTERACT (INTER1100, INTER1200 og INTER1300), som må vere godkjent for å få tildelt vitnemålet. Dette kravet gjeld for kull i utdanninga med oppstart hausten 2020 eller seinare.

 

Andre krav om deltaking er nedfelt i den enkelte fag- og emneplanen og i fagplan for praksis. Det er i tillegg krav om deltaking knytt til fleirfaglege opplegg, og desse må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet som studenten tar det semesteret.

 

Nærmare informasjon om fleirfaglege opplegg i 1.-3. semester er lagt inn i emneplanane.

 

I 4. semester er det to fleirfaglege opplegg med krav om obligatorisk deltaking:

  • Demokrati og menneskerettar

Det er krav om at studenten må delta i dei fleirfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk, skriftleg arbeid. Krav om innhald og omfang til det kompensatoriske arbeidet avheng av dei fleirfaglege og didaktiske perspektiva studenten har mista på grunn av fråværet.

 

  • Førstehjelpskurs i teori og praksis

Førstehjelpskurset vil foregå over tre dagar med både teoretiske og praktiske økter. Det er krav om at studenten må delta på alle øktene. Fråver på dei teoretiske øktene må kompenserast med ein skriftleg tekst om temaet/temaene som vert tatt opp i undervisninga. Krav om antal ord i teksten vil vere styrt av kor mange økter som studenten ikkje har deltatt på.

 

I 6. semester er det også to fleirfaglege opplegg med krav om obligatorisk deltaking:

  • Internasjonale dagar
  • Det er krav om at studenten må delta i dei flerfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk, skriftleg arbeid. Krav om innhald og omfang til det kompensatoriske arbeidet avheng av dei flerfaglege og didaktiske perspektiva studenten har mista på grunn av fråværet.
  • Berekraft, innovasjon og entreprenørskap Det er krav om at studenten må delta i dei fleirfaglege øktene og utføre arbeidsoppgåver som er inkludert i opplegget. Ved fråvær over 20 % må studenten gjere eit kompensatorisk arbeid, enten i form av deltaking tilsvarande opplegg neste studieår eller i liknande opplegg i regi av Ungt Entreprenørskap.

 

Desse blir konkretisert i årsplanen for studieåret som er klar ved byrjinga av studieåret.

Vurdering og sensur

Studenten møter ulike vurderingsformer i løpet av studiet. Dette har to føremål, både å kunne vurdere alle sider ved lærarkvalifiseringa, samt å gi studentane erfaring med ulike vurderingsmetodar som er relevant for det seinare arbeidet i skulen, læring og vurdering av elevar. Nærare informasjon finst i den enkelt fag- og emneplanen.

Øvrig informasjon

Godkjent av studieutvalet 16. november 2016.

Redaksjonell endring lagt inn 29. mai og 5. juni 2018 og 7. mars og 25. juni 2019.

Revisjon godkjent av utdanningsutvalet 25. januar 2021.

Redaksjonell endring lagt inn 11. mai 2021.

Gjeldande frå haustsemesteret 2021.