EPN-V2

M5GNO1200 Norsk, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian, Subject 2
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2022/2023
Emnehistorikk
Timeplan
  • Innledning

    Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.

  • Forkunnskapskrav

    Ingen.

  • Læringsutbytte

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit utval skjønnlitterære tekstar, på nynorsk og bokmål, og i Norden, i ulike sjangrar og medium, for barn, unge og vaksne
    • har omfattande kunnskap om lesing og om kva rolle fiksjonstekstar har i tekstopplæringa
    • har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
    • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
    • har kunnskap om sentrale omsette barne- og ungdomsbøker på norsk
    • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
    • har kunnskap om relevante teoriar for munnleg opplæring
    • har kunnskap om retorikk, munnlege tradisjonar, opplesing, stemmebruk og drama som metode

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan bruke kunnskap om litteratur i fagleg arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
    • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og samtale om fiksjonstekstar; i ulike sjangrar og medium
    • kan kartlegge og vurdere leseferdigheiter og gi læringsfremjande respons
    • kan legge til rette for at elevar får lese og skrive; fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
    • kan grunngje kvifor fiksjonstekstar utgjer ein viktig del av tekstopplæringa
    • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar.

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elev- og trinntilpassa fagdidaktiske val
    • kan formidle fagstoff om fiksjon i relevante uttrykksformer
  • Innhold

    Emne 2 tar føre seg det særskilde ved fiksjonstekstar og grunngivingar for at lesing av fiksjonstekstar er sentral i norskopplæringa. Elevar omgir seg med eit mangfald av fiksjonstekstar gjennom bruk av ulike medium fordi desse tilbyr oppleving. Eit didaktisk mål i undervisningssamanheng er å styrke elevane si fiksjonsforståing ved å utvikle deira tolkande, analytiske og kritiske haldning. Ei slik haldning øver opp kontekstmedvit og retorisk medvit. Litteraturpensum skal dekkje litteratur på bokmål, nynorsk, dansk og svensk;samt eldre og yngre litteratur. Pensum skal dekkje bøker av mannlege og kvinnelege forfattarar

    • Lesestrategiar og teoriar om lesing
    • Barnelitteratur, ungdomslitteratur og litteratur for vaksne
    • Litterære sjangrar: epikk, drama og lyrikk
    • Litteraturhistorie og kanon
    • Skjønnlitteratur i nordisk perspektiv
    • Litteraturteori og litteraturdidaktikk
    • Teori om munnlege ferdigheiter
  • Arbeids- og undervisningsformer

    Sjå fagplanen.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

    • Mappeskriving: Fire tekstar knytt til arbeid med fiksjon. Individuelt.Respons med bruk av digitale verktøy. Målet er oppøving i lesing av, skriving om og vurdering av skjønnlitterære tekstar, og erfaring med mappe som vurderingsform. Målform: nynorsk. Omfang for kvart arbeidskrav: Frå 800 til 3000 ord. Sjå nærare instruksar i Mappeskrivdokumentet.
    • Individuell framføring av munnleg forteljing. Målet er å kunne fortelje utan manus og formidle tradisjonsstoff til medstudentar og elevar. Omfang: ca. 5 minutt per student.
  • Vurdering og eksamen

    Individuell skriftleg mappeeksamen.

    Studentane vel tre tekstar frå arbeidsmappa (sjå under arbeidskrav over) etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. I tillegg skriv dei ein refleksjonstekst på 700 ord +/- 10 %, der dei mellom anna grunngir vala av tekstar til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.

    ;

    Målform: nynorsk.

    ;

    Studentar som utan gyldig grunn ikkje har lagt inn tekstar innan fristane i den skriftlege digitale arbeidsmappa, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle tekstane i arbeidsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.

    ;

    Dersom studenten har stroke, kan han levere utbetra vurderingsmappe til ny eksamen. Også refleksjonsteksten må skrivast om for å gjere greie for endringane i tekstane i vurderingsmappa.

  • Hjelpemidler ved eksamen

    Det er tillate å bruke alle typar kjelder, ordbøker og oppslagsverk med unntak av omsettingsprogram.

  • Vurderingsuttrykk

    Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

  • Sensorordning

    Det blir nytta to interne sensorar. Ein tilsynsensor er tilknytta emnet.