EPN

M5GNO1100 Norsk, emne 1 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian, Subject 1
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 / Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kroppsøving og idrettsfag
Omfang
15 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Emnehistorikk

Fagplan

FAGPLAN

Norsk (60 studiepoeng)

 

Fagplanen blei godkjent i studieutvalet 9. november 2016.

Pensum oppdatert 23. mai 2017.

Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2017, 30. januar 2020, 23. november 2020 og 4. mars 2021

Gjeldande frå haustsemesteret 2021

 

Innleiing

Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5-10 av 1. september 2016 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 ved OsloMet - storbyuniversitetet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016. 

Faget norsk i lærarutdanninga for grunnskulen skal utdanne lærarar som kan førebu elevane i norsk skule på ei tekstleg, mediert og globalisert verd. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Studiet skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag.

Grunnskulelæraren i norsk har eit særskilt ansvar for å utvikle elevane sin tolkingskompetanse. I eit tekstbasert samfunn er elevane si evne til å forstå, skape og bruke skriftleg og munnleg tekst ein føresetnad for at dei skal nå sine livsmål, kunne fortsette å lære og kunne delta på demokratiske og kulturelle arenaer. Tekst blir alltid skapt i gitte kontekstar og er meint å verke i andre kontekstar. Evna til å bruke tekst er derfor knytt til tolking av tekst og kontekst. I norskfaget blir kontekstmedvit trent gjennom tolking av tekst i både historiske og samtidige kontekstar.

Samstundes knyter tekstkompetanse seg til bruk av og kunnskap om språk. Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i fiktive og saksretta tekstsjangrar. 

Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

 

Målgruppe

Studentar som har fått opptak til femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.

 

Opptakskrav

Faget er tilgjengeleg som valfag for aktive studentar ved grunnskulelærarutdanninga ved HiOA, i tråd med programplanane for utdanninga.

 

 

Læringsutbytte

Fagplanen inkluderer læringsutbytte i tråd med dei nasjonale retningslinjene for faget Norsk1 og 2 trinn 5-10. Sjå nærare omtale i emneplanane.

 

Fagleg innhald og oppbygging

Norsk trinn (60 studiepoeng) er bygd opp av fire emne à 15 studiepoeng. I grunnskulelærarutdanninga trinn 5-10 må studenten ta 60 studiepoeng for at faget skal bli godkjend som del av utdanninga. Dette er begrunna med at 60 studiepoeng er minste kompetansegivande eining for 8.-10. trinn. Utdanninga skal forberede studenten til å vere lærar for alle trinn frå 5. til 10. trinn.

Studiet er lagt opp for å sikre god heilskap og progresjon frå og med emne 1 til og med emne 4. Språk og tekstkunnskap blir undervist i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og didaktisk perspektiv til bruk for undervisning på mellomtrinn og ungdomstrinn.

For studentar som tar faget i 1. og 2. studieår

Norsk for trinn 5-10 er organisert som 45 studiepoeng i første studieår (emne 1, 2 og 3) og 15 studiepoeng i andre studieår (emne 4), til saman 60 studiepoeng.

Haust: M5GNO1100 Norsk, emne 1, 15 studiepoeng

Vår: M5GNO1200 Norsk, emne 2, 15 studiepoeng

Vår: M5GNO1300 Norsk, emne 3, 15 studiepoeng

Haust: M5GNO2100 Norsk, emne 4, 15 studiepoeng

 

For studentar som tar faget i 3. studieår

Norsk for trinn 5-10 er også eit tilbod organisert som 60 studiepoeng over eitt studieår. Undervisninga i faget er organisert i fire emne à 15 studiepoeng. Undervisninga skjer i hovudsak saman med studentane som tar faget i 1. og 2. studieår.

Haust: M5GNO1100 Norsk, emne 1, 15 studiepoeng

Vår: M5GNO1200 Norsk, emne 2, 15 studiepoeng

Vår: M5GNO1300 Norsk, emne 3, 15 studiepoeng

Haust og vår: M5GNO3100 Norsk, emne 4, 15 studiepoeng

 

Klasseleiing og lærarrolla sett frå faget

Gjennom praksiserfaring, og fagleg samarbeid med faget pedagogikk og elevkunnskap får studenten kunnskap om og innsikt i ulike tilnærmingsmåtar knytt til klasseleiing og ulike roller ein har som lærar.

 

Tilpassa opplæring

Elevens rett til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova med forskrift. Tilpassa opplæring for ulike elevgrupper er eit gjennomgåande perspektiv i undervisninga i norskfaget.

Studentane lærer å vurdere korleis elevane utviklar seg, og korleis dei kan leggje til rette for den enkelte elev.

 

Vurdering

Gjennom studiet får studenten møte ulike vurderingsmåtar, både formative og summative. Dei får øving i å vurdere kvarandre, og å ta i mot vurdering frå faglærar. Både i opplæringa på høgskulen og i praksis får dei høve til å vurdere ulike typar elevarbeid.  

 

Grunnleggande ferdigheiter

Dei grunnleggande ferdigheitene - digitale ferdigheiter, munnlege ferdigheiter, og å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive - er nøkkelferdigheiter både for studentanes eiga læringa  på høgskulenivå og for å kunne utvikle dei grunnleggande ferdigheitene til elevane i skulefaga. Ferdigheitene er ein integrert del av undervisninga i faget.

 

Digital kompetanse

Digital kompetanse er integrert i fagets arbeidsmåtar, gjennom arbeidskrav og  i tekstskriving. Studentane får kunnskap om og opplæring i bruk av ulike pedagogiske og relevante digitale verktøy.

 

Berekraftig utvikling

Gjennom tekstarbeid (fiksjonstekstar og saktekstar) skal studenten gjere seg kjent med litteratur knytt til spørsmål om klimatrugsmål og berekraftig utviking.

 

Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet

Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Kjønnsperspektiv er ein del av dette. Studentane skal kunne forstå korleis barn og unges identitet blir danna og utvikla i eit samfunn med stort mangfald. Dette perspektivet blir vektlagt både når det gjeld språk og litteraturarbeid. Når det gjeld språkarbeid, skal studentane mellom anna kunne legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

 

Yrkesretting

Norskfaget skal i innhald og arbeidsmåtar førebu eleven på vidare opplæring også innan yrkesfaglege studieretningar. Gjennom studiet får studenten kunnskap om korleis bevisste tekstval og arbeidsmåtar med fokus på fagspråk kan førebu elevar for yrkesfaglege studieretningar.

 

Internasjonale perspektiv

Som kultur- og språkfag står norskfaget i eit dynamisk forhold til internasjonale strøymingar. Norskfaget i skulen skal inkludere elevar som ikkje har norsk som heimespråk, men har norsk som opplæringsspråk. Dette mangfaldet skal nyttast som ein ressurs både ved at det synleggjer «det norske» og ved at det endrar «det norske» på ein inkluderande måte.  Likskapen og ulikskapen med dei skandinaviske landa kan også utnyttast, og legge grunnen for eit framleis nært kulturelt og demokratisk samarbeid landa mellom. Som didaktisk formidlings-  og vitskapsfag drar norskfaget vekslar på kunnskapstilfang også frå andre land.

 

Psykososialt læringsmiljø

I arbeid med norskfaget skal studentane lærast opp til å sjå språk og tekst som formande element i den psykososiale utviklinga til elevane.

 

Praksistilknyting

I alle emna i faget står intergrering i høve til praksis og samarbeid med grunnskolen sentralt. 

 

Forskingsforankring

I tråd med Lov om universiteter og høgskoler skal utdanninga vere forsking- og utviklingsbasert (FoU). Gjennom forskingsbaserte læringsprosessar skal studentane øve opp sjølvstende, analytiske ferdigheiter og kritiske refleksjon slik at dei som lærarar kan ta i bruk ny kunnskap og vidareutvikle både seg sjølv, profesjonen sin og arbeidsplassen sin etter fullført utdanning.

 

Samiske forhold og rettar

Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er integrert i emne 1, 2 og 3.

 

Praksisopplæring

Om praksisopplæringa, sjå programplanen.

 

Overgangen mellom trinna når det gjeld eige fag

I opplæringa skal studentane bli kjende med korleis dei kan gjere overgangane i skulen lettare for elevane. Dette gjeld særskild i overgang frå mellomtrinn til ungdomstrinn, og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule.

 

Skikkavurdering

Lærarutdanningsinstitusjonar har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Kontinuerleg skikkavurdering med ei heilskapleg vurdering om kva slags faglege og personlege føresetnader studenten har for å kunne fungere som lærar skjer gjennom heile studiet. Om studenten er ei mogleg fare for elevars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er studenten ikkje skikka for yrket. Studentar som viser manglande evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogleg i utdanninga få melding om dette. Dei skal få råd og rettleiing som gjer dei dei i stand til å oppfylle krava om å vere skikka som lærarar eller få råd om å avslutte utdanninga. Avgjerder om dette kan fattast gjennom heile studiet.

Sjå universitetet sin nettstad for meir informasjon om skikkavurdering.

 

Fagets arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer over tre semester og er organisert i fire emne, sjå over. Integrert praksis gir studentane høve til å arbeide med fagets innhald i skulen. Aktuelle arbeidsmåtar er individuelt studiearbeid med lesing av pensum, forelesingar, klasse- og gruppearbeid, tekstproduksjon m.a. i digital mappe, munnlege framlegg, tilbakemelding på medstudentarbeid, ekskursjonar m.m. Det vert gjennomført fleirfaglege periodar og kurs i løpet av året.

I starten av studiet skal studentane ha nokre veker med grunnlagsundervisning i emne 1, inkludert fellesemnet «Læraren og språket».

 

Estetiske arbeidsmåtar

Estetiske arbeidsmåtar er ein sentral del av norskfaget, sjå t.d. emne 2 og emne 4. Estetiske arbeidsmåtar finst m.a. i det munnlege arbeidskravet med framføring av eventyr og i det skriftlege mappearbeidskravet produksjon av samansett tekst knytt til emne 2.

 

Arbeidskrav

Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med fagansvarleg.

Arbeidskrav blir vurderte til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til to nye innleveringar/gjennomføringar. Studenten må då sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærar. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.

I programplanen finn ein dei fagovergripande temaa på dei ulike studieåra og semestera. I tilknyting til desse kan det vere krav til oppmøte og/eller andre arbeidskrav.

Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte emneplanen.

 

Deltaking i undervisning

Det er obligatorisk deltaking i all undervisning. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Profesjonsfaget norsk har nøye samanheng mellom teoriforelesingar og arbeidsøvingar, og obligatorisk oppmøte i heile studiet er eit vilkår for å tileigne seg grunnleggande undervisningskunnskap i faget.

Dersom studentar ikkje oppfyller kravet om deltaking (80 prosent), må dei levere kompensasjonsoppgåver om sentrale profesjonsrelevante tema. Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnt over fører til at studenten ikkje får avleggje eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking.

 

Vurderings-/eksamensformer

Sjå den enkelte emneplan for informasjon om vurdering-/eksamensformer.

 

Rettar og plikter ved eksamen

Rettane og pliktene til eksamenskandidaten går fram av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskrifta beskriv mellom anna vilkår for ny/utsett eksamen, høve til klage og kva som blir rekna som fusk ved eksamen.

 

Vurderingskriterium for emne 1-4 for studentar som tar faget i 1. og 2. studieår Vurderingskriterium for emne 1-3 for studentar som tar faget i 3. studieår

A, Framifrå: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

B, Mykje god: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

C, God: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

D, Nokså god: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt språkleg formulert

E, Tilstrekkeleg: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

F, Ikkje bestått: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

 

Vurderingskriterium for emne 4 for studentar som tar faget i 3. studieår

A, Framifrå: Framifrå prestasjon som klårt merker seg ut. Kandidaten viser svært god vurderingsevne, stor faglig oversikt og stor grad av sjølvstende. Arbeidet er særleg godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

B, Mykje god: Mykje god prestasjon som viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er svært godt utforma både når det gjeld innhald og språk. 

C, God: Solid prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei fleste områda. Arbeidet er godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

D, Nokså god: Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er nokså godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

E, Tilstrekkeleg: Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men ikkje meir. Arbeidet er tilfredsstillande utforma både når det gjeld innhald og språk.

F, Ikkje bestått: Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava fagleg og og/eller når det gjeld utforming av innhald og språk.

Utfyllande kriterium for FoU-oppgåva vil gå fram av retningslinjene som blir kunngjorde ved oppstart av emne 4.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk, og språket som tolkingsreiskap og forståing
  • har kunnskap om språkhistorie, talemål og språklige endringsprosesser
  • har omfattande kunnskap om norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og om nabospråk
  • har kunnskap om gjeldande normering for nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar med språkvariasjonar i eldre og nyare tid

  • har kunnskap om språklæring og språkutvikling inkludert begynnaropplæring i lesing og skriving
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinn og ungdomstrinn og om utvikling av elevanes skriveferdigheiter inkludert digitale ferdigheiter

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere variert norsk språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege, også mellomspråkstekstar
  • kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan skrive fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og retorikk for å fremje læring
  • har kunnskap om gjeldande reglar for norsk som opplæringsmål og undervisningsspråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar  som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan formidle fagstoff om språk i relevante uttrykksformer

Innhold

Språk er grunnleggande for tenking og handling, og er sentral i danning av mennesket og i formidling. Emne 1 gir systematisk kunnskap om å forstå og formulere samanhengar mellom språk og læring, og øvingar i å grunngje og nytte denne kunnskapen inngåande og kritisk. Ulike skrivehandlingar blir sett i samanheng med sentral teoretisk kunnskap og funksjonelle didaktiske perspektiv  for å skape situasjonar for læring i ulike meiningsberande kontekstar.

  • Språket som system og språket i bruk
  • Norsk språk i eit historisk og kontrastivt perspektiv
  • Språkutvikling og språklæring (særleg knytt til metaspråkleg medvit og skriveutvikling)
  • Nynorsk og bokmål
  • Språkdidaktikk, nynorsk- og bokmålsdidaktikk
  • Elevtekstanalyse og -vurdering
  • Skrivestrategiar og teoriar om skriving
  • Retorikk (knytt til skriving)
  • Språkhistorie, talemål og språkleg variasjon

Arbeids- og undervisningsformer

Sjå fagplanen.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

  • Individuell logg etter undervisning. Målet er refleksjon over fagstoffet. Målform: valfri. Omfang: 2 loggar med omfang på 800 ord +/- 10 % per logg.  Kommentar frå faglærarar.
  • Prøver om språk. Ei individuell kunnskapsprøve (elektronisk) i grunnleggande grammatikk-kunnskap (fonologi, morfologi og syntaks) og ei individuell kunnskapsprøve (elektronisk) i nynorsk formverk. Målet for prøvene er å dokumentere språkmeistring. Omfang: Inntil ein time per prøve.
  • Elevtekstanalyse. Målet er å øve opp ferdigheiter i vurdering av elevtekstar. Målform: nynorsk. Omfang: 2000 ord +/- 10 %. Kommentar på utkast frå medstudent.

Vurdering og eksamen

Individuell skriftleg eksamen under tilsyn. Omfang: seks timar. Vekt på språk, læring og danning.

Målform: Valfri.

Ny/utsett eksamen blir gjennomført som ved ordinær eksamen.

Hjelpemidler ved eksamen

Ordbok og gjeldande læreplan for grunnskulen.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Sensorordning

Det blir nytta to interne sensorar. Ein tilsynsynsensor er tilknytta emnet.