EPN-V2

Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 Programplan

Engelsk programnavn
Master's Degree Programme - Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10
Gjelder fra
2026 HØST
Studiepoeng
300 studiepoeng
Varighet
10 semestre
Programhistorikk
  • Innledning

    Programplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, justert etter revidert forskrift fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juli 2023. Fastsett av Kunnskapsdepartementet 4. juli 2025 med heimel i lov 8. mars 2024 nr. 9 om universitet og høgskoler (universitets- og høgskoleloven) § 3-8 andre ledd.

    OsloMet utdannar dyktige lærarar til norsk skule. I løpet av grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å handsame heile mennesket gjennom undervisninga og læringa i faga. Studentane vil gjennom den integrerte, profesjonsnære, forskingsbaserte og utviklingsorienterte grunnskulelærarutdanninga utvikle solid kunnskap i fag, fagdidaktikk, og pedagogikk, og solide ferdigheiter i å undervise i faga, leie ei klasse og fylle rolla som kontaktlærar.

    Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 er ei femårig integrert masterutdanning (300 studiepoeng) som kvalifiserer for tilsetting i undervisningsstillingar i grunnskulen på 5.-10. trinn. Utdanninga legg vekt på både fagleg spesialisering og fordjuping, samt breiddekunnskap i fag.

    I alle fag i utdanninga blir det lagt vekt på å utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) og ferdigheiter i bruk av estetiske arbeidsformer og i tillegg er tverr- og fleirfaglege tema og mangfaldsperspektiv eit gjennomgåande trekk i utdanninga. Dei grunnleggande ferdigheitene har ein sentral plass i alle fag i utdanninga, og studentane utviklar kompetansen innan forsking og utvikling (FoU) gradvis fram mot ei praksisretta masteroppgåve i utdanninga.

    Blant anna i arbeidet med psykososialt læringsmiljø møter studentane studentar frå andre profesjonsutdanningar ved OsloMet, som barnevernspedagog-, helsesjukepleiar- og barnehagelærarutdanninga, for å lære om andre profesjonar og samtidig bli meir bevisste på eigen profesjon. Gjennom slike møte opparbeider dei tverrprofesjonell kompetanse.

  • Målgruppe

    Målgruppa for studiet er personar som ønsker å arbeide som grunnskulelærarar på 5.-10. trinn.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse eller oppfylt krav om realkompetanse.

  • Læringsutbytte

    Ein må sjå læringsutbyttet i samanheng med innhaldet og arbeidsmåtane i faga. Kandidaten skal etter fullført grunnskulelærarutdanning ha læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse, som fundament for arbeid i skulen og vidare kompetanse- og profesjonsutvikling (jf. § 2 «Læringsutbytte» i forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10):

    KUNNSKAP

    Kandidaten

    • har avansert kunnskap anten i eit valt undervisningsfag og didaktikken i faget eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
    • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
    • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
    • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
    • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnetrinn til ungdomssteg og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
    • har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læring og kva som fremmar læring i faga
    • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekster
    • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og rettane til barn og unge i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
    • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, eigenarten og historia til faga, og forståing av organisasjonen skulen og utviklinga av denne, mandatet til og verdigrunnlaget i skulen, og den plassen skulen har i samfunnet.

    FERDIGHETER

    Kandidaten

    • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
    • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
    • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon hos elevane i arbeid med grunnleggande ferdigheiter og fag
    • kan skape inkluderande og helsefremmande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
    • kan analysere, vurdere og dokumentere læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til dei føresetnadene og behova elevane har, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
    • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
    • kan analysere og vere kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
    • kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg utvikling av praksis, både i kollektivet på skulen og på eigahand, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
    • kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne sette i verk nødvendige tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar

    GENERELL KOMPETANSE

    Kandidaten

    • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv i arbeidet på skulen, bidra til forståing av statusen til samane som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
    • kan initiere og ivareta eit godt skule-heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skuleverksemda
    • beherskar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
    • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
    • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skulen
    • kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skuleverksemda og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa
  • Innhold og oppbygging

    INNHALD

    Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 kvalifiserer for å undervise i grunnskulen og for utøving av omfattande og samansette oppgåver i ein profesjonsrolle som stadig er i endring. I studiet vert det lagt vekt på fagleg breidde og spesialisering. Utdanninga består av grunnkomponentane fag, didaktikk, pedagogikk og praksisstudiar som heng tett saman og utgjer ein heilskap. Læraryrket er krevjande og komplekst i eit samfunn prega av mangfald og aukande krav til kompetanse.

    Studieprogrammet gir undervisningskompetanse i to til tre undervisningsfag, avhengig av fagval studenten har tatt undervegs i studiet. Det er nasjonalt bestemt at faga pedagogikk og elevkunnskap er obligatoriske. Ved OsloMet er også emnet vitenskapsteori og metode og anten matematikk, norsk eller engelsk obligatorisk. I tillegg skal studenten skrive masteroppgåve i siste semester. Masterfaget til studenten som hen skriv masteroppgåve i, kan anten vere eit undervisningsfag, profesjonsretta pedagogikk, spesialpedagogikk eller digital pedagogikk. Dei andre faga i studieprogrammet må studenten velje ut frå tilgjengeleg fagtilbod og etter retningslinjer fastsette i forskrifta for utdanninga.

    Lærarutdanningsfag

    Studiefaga i grunnskulelærarutdanninga er lærarutdanningsfag. I tillegg til pedagogikk og elevkunnskap vel studenten fag som førebur til arbeid med skulefag. Eit lærarutdanningsfag bygger på og hentar kunnskapsgrunnlaget sitt frå vitskapsfaget, frå skulefaget, frå fagdidaktisk forsking knytt til elevars læring i faget. Lærarutdanningsfaget bygger på alt dette og støttar seg på forskningsbasert kunnskap om barns oppvekst, utvikling og læring. Skulefaga er engelsk, kroppsøving, kunst og handverk, mat og helse, matematikk, musikk, naturfag, norsk, KRLE (lærarutdanningsfaget RLE) og samfunnsfag.

    Skulerelevante fag

    Skulerelevante fag er fag som ikkje er skulefag, men fagområde knytt til oppgåver og funksjonar i grunnskulen. Inntil 30 studiepoeng skulerelevante fag kan bli godkjende som del av den valfrie delen av dei tre første åra av utdanninga. I 6. semester kan studenten velje mellom ulike skulefag eller velje eit skulerelevant fag som til dømes fordjuping i profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk, spesialpedagogikk eller Sustainability in Education.

    Fleir- og tverrfaglege tema som inngår i studiet

    Utdanninga sikrar kompetansar på tvers av fag, didaktikk, pedagogikk og praksis. Dette er blant anna forsknings- og utviklingskompetanse (FoU), profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) og andre fleir- og tverrfaglege tema og oppgåver i tråd med nasjonale rammer for utdanninga. For å synleggjere profilen på OsloMet, vert enkelte innhaldskomponentar omtalt i programplanen, mens andre komponentar på tvers av fag, som grunnleggande ferdigheiter og tilpassa opplæring, er integrerte i emneplanane til faga. Nedanfor vert fleir- og tverrfagleg tematikk beskrive, samt FoU-kompetansen, PfDK og estitiske læringsprosessar presentart som gjennomgåande søyler.

    Yrkesretting av studiefaga

    Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 seier at studentane etter fullført utdanning skal ha inngåande kunnskap om overgangen frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring. Studentar på grunnskulelærarutdanninga har oftast bakgrunn frå studieførebuande linjer på vidaregåande skule, og det er derfor ekstra viktig at studentane gjennom grunnskulelærarutdanninga får kunnskap om dei yrkesfaglege studieretningane og lærlingordninga som del av vidaregåande opplæring. Det blir gitt høve til at fem av praksisdagane kan leggast til den vidaregåande skulen, i særleg grad til yrkeslinjene, i tråd med nasjonale føringar.

    Studentane får kunnskap om korleis dei kan legge til rette for at elevar på ungdomssteget kan førebu seg for vidaregåande opplæring. Dei får kunnskap om kva dei ulike linjene vidaregåande opplæring består av og kva val elevane har. Dei får også kunnskap om gjeldande tiltak og fag på ungdomssteget med føremål å førebu elevane for vidaregåande opplæring. I eit demokratisk samfunn er det ei oppgåve for skulen å førebu elevane for eit framtidig yrkesliv og bidra til den personlege utviklinga og danninga deira. Studentane må få erfare korleis dei ulike faga kan tilpasse undervisninga og gjere ho praktisk og relevant for eit breitt spekter av ulike yrke. Dette kan gjerast ved at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert og integrert i alle fag. I praksis på ungdomssteget vil studentane møte faga utdanningsval og arbeidslivsfag.

    Rolla som læringsleiar og kontaktlæraren

    Læraren er viktig for elevane si læring. Både i faget pedagogikk og elevkunnskap, og i lærarutdanningsfaga vil studentane få kunnskap og ferdigheiter knytt til dei faktorane som har størst innverknad på elevane si læring: støttande relasjonar, struktur og reglar, motivasjon og forventningar samt læringskultur. Ein god læringsleiar i eit profesjonelt fellesskap legg vekt på læringsmål og at læring, trivsel og utvikling blir synleg, så ein veit om ein er på rett veg til å utvikle den kompetansen eleven treng vidare i livet.

    Gjennom studiet skal studenten bli førebudd på å utføre dei sentrale oppgåver som kontaktlæraren i ein inkluderande og mangfaldig skule har, særleg oppgåver knytt til kvar enkelt elev og foreldre/føresette. Kontaktlæraren har hovudansvaret for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske oppgåvene overfor kvar enkelt elev i ei klasse i grunnskulen. Studenten må få god innsikt og kompetanse i kva desse oppgåvene handlar om. Kontaktlæraren skal arbeide for eit trygt læringsmiljø med høg grad av tilpassa opplæring. Studenten skal førebuast til å legge til rette for ei slik tilpassing ut frå fagleg og didaktisk forståing. Alle elevar har rett til samtalar med kontaktlæraren om utviklinga si når det gjeld kompetansemåla i faga. Studenten skal bli godt kjend med kva slike samtalar inneber og bli i stand til å gjennomføre dei. Dette vil samstundes vere ein del av ei løpande undervegsvurdering som kontaktlæraren har eit hovudansvar for. Kontaktlæraren har også eit hovudansvar for å skrive pedagogiske rapportar, heilårsvurderingar og individuelle opplæringsplanar (IOP) som studenten skal førebuast på. Kontaktlæraren har den næraste kontakten med heimen, noko som inneber blant anna foreldremøte og utviklingssamtalar. Studenten vil få kjennskap til og trening i å leie slike møte og samtalar gjennom studiet, i praksisperiodar og på universitetet.

    Læraren og språket – utvikling av kommunikasjonsferdigheiter

    Grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 skal kvalifisere studentane til å kunne bruke språket munnleg og skriftleg både på bokmål og nynorsk, i profesjonssamanheng. Det inneber at studentane skal utvikle språkleg kompetanse til å kunne undervise og kommunisere med ulike aktørar i og utanfor skulen og til å kunne utføre den skriftlege dokumentasjonen lærararbeidet krev.

    «Læraren og språket» er ei fleirfagleg temaveke første studieår i utdanninga. Målet med veka er å gjere studentane medvitne om ulike språklege føresetnader, samt bidra med kunnskap og ferdigheiter knytt til mangfaldig språkbruk og kommunikasjon i læraryrket.

    Studentane skal få kunnskap om forholdet mellom opplæringsspråk og undervisningsspråk. Skriftleg opplæringsspråk i Noreg er norsk (bokmål og nynorsk) og i visse samanhengar samisk, og viser til det språket eller det målet elevane sjølv skal vidareutvikle. Undervisningsspråk er det språket læraren bruker.

    Vidare skal studenten få kunnskap om at språkmangfaldet i Noreg utover bokmål, nynorsk og samisk som offisielle skriftspråk også omfattar mange ulike dialekter og sosiolekter, minoritetsspråk og impulsar frå engelsk.

    I temaveka vil introduksjonsforelesingar bli følgde opp av studentaktive arbeidsformer der studenten får høve til praktiske øvingar knytt til undervisning og ulike samtaleformer, samt ulik skriftleg dokumentasjon i lærararbeidet.

    Språkkompetanse på bokmål og nynorsk

    Grunnskulelæraren skal meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg i profesjonell samanheng. Lærarstudentane skal derfor kunne skrive akademiske tekstar på både bokmål og nynorsk. Dei fleste studentane treng å forsterke kompetansen i skriftspråket dei ikkje bruker dagleg. Dei som vel faget norsk får denne opplæringa i norskundervisninga. For studentar som ikkje vel faget norsk, vil utdanninga tilby eit tilpassa kursopplegg i det skriftspråket studentane ikkje bruker som sitt primære.

    Forsking har vist at det er mindre behov for å gi et slikt tilbod til studentar som bruker nynorsk til dagleg. OsloMet har derfor valt å gi opplæring i nynorsk til dei som har bokmål som sitt primære skriftspråk.

    Opplæringa blir organisert som eit samarbeid mellom faga norsk og pedagogikk, og ho vil bli integrert i studieopplegget for pedagogikk og elevkunnskap. Opplæringa omfattar undervisning, arbeidskrav og obligatorisk elektronisk prøve.

    Mangfaldskompetanse

    Grunnskulelærarutdanninga skal kvalifisere studentane til å utøve eit krevjande og komplekst yrke i eit samfunn prega av mangfald og endring. Når det gjeld mangfaldsomgrepet, er det ei vid betydning av omgrepet som er lagt til grunn. Det omfatter mangfald av kulturar, religionar, livvsyn, sosioøkonomisk bakgrunn, språk, kjønn, seksuell legning, funksjonalitet og identitet.

    Det fleirkulturelle og fleirspråklege aspektet

    Gjennom utdanninga lærer studentane å bruke pedagogiske og fagdidaktiske reiskapar for undervisning av elevar med variert kulturell, språkleg, religiøs/livssynsmessig og sosioøkonomisk familiebakgrunn. For å få til dette treng studentane relasjonelle ferdigheiter og avansert kunnskap om livsverd og identitetsdanning til barn og unge i og utanfor skulen. Utvikling av interkulturell kompetanse vil gi studentane eit nødvendig grunnlag for å bruke mangfaldet som ressurs og for å kunne samarbeide med heimen. Den interkulturelle kompetansen omfattar kunnskap om ulike religionar og livssyn i Noreg, innvandringshistoria, historia til dei nasjonale minoritetane og samisk historie. Den omfattar også kunnskap om urfolksrettar og minoritetsrettar, og kunnskap om interaksjonen mellom desse gruppene og norske institusjonar og profesjonar.

    Kjønns-, likestilling- og mangfaldsperspektivet

    Kjønn kan spele ei rolle for korleis eleven opptrer i det sosiale rommet i klassa og i relasjon til læraren, og det er kjønnsskilnader i leseferdigheit og andre skuleprestasjonar. Dette er problemstillingar som vil bli belyste i alle fag i grunnskulelærarutdanninga. Gjennom utdanninga får studentane innsikt i mangfaldet av kjønns- og likestillingsutfordringar som møter læraren i grunnskulen. Eit gjennomgåande normkritisk perspektiv i utdanninga skal bidra til at studentane forstår korleis mobbing, trakassering og krenking ofte speler på fleire identitetskategoriar samstundes, som til dømes kjønn, seksuell legning, funksjonalitet, etnisitet og religion. Studentar skal kunne kjenne att og utfordre normer og diskursar som reproduserer og forsterkar «vi» og «dei» -oppfatningar. Dette opnar opp for å etablere normer i klasserommet som fremmar fellesskap, mangfald og demokratisk medborgarskap.

    Gjennom utdanninga tileignar studentane seg kunnskap om didaktiske strategiar som fremmar refleksjon og kritisk bevisstheit om maktforhold. Slike didaktiske strategiar kan til dømesvere å la elevar erfare og skape kunstnariske og estetiske uttrykk, eller å ha dialogbasert undervisning der haldningar og verdiar som elevane har, blir utforska og utfordra. Studentane arbeider med problemstillingar knytt til sosial og kulturell variasjon i undervisninga og i samfunnet, og føresetnader for likeverdig utdanning for enkeltelevar og grupper av elevar. Gjennom dette arbeidet arbeider studentane med eigne etablerte førestillingar og verdiar og tileignar seg refleksiv kompetanse. Skulen har ei rekke utfordringar som overskrid kjernekompetansen til læraren. Studentane treng derfor kunnskap om korleis samarbeid med andre profesjonar og institusjonar potensielt kan bidra til realiseringa av det demokratiske samfunnsmandatet til skulen: fagleg og sosial utvikling og kvalifisering av alle elevar til aktiv samfunnsdeltaking. Studentane møter denne tematikken i «Det mangfaldige klasserommet» som er eit fleirfagleg tema i pedagogikk og elevkunnskap i både 3. og 8. semester, men også i dei ulike studiefaga.

    Samisk

    I Noreg har vi både eit urfolk, nasjonale minoritetar og personar som har innvandra til landet i nyare tid. Samane i Noreg har politiske, språklege og kulturelle rettar som urfolk, jf. ILO-konvensjonen nr. 169. Lærarutdanninga skal kvalifisere studenten til å ivareta opplæring om samiske forhold, rettane til samiske barn og den statusen samane har som anerkjent urfolk. Mangfaldet i samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven. Studenten skal derfor få kunnskap om ulike samiske kulturuttrykk og språk, naturforvaltning, levemåtar og politiske rettar – i både fortid og nåtid. Studenten skal i tillegg få kunnskap om dei særlege rettane til samiske elevar i norsk grunnopplæring og om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa. Studentane møter dette i «Det mangfaldige klasserommet» og i fleire studiefag.

    Psykososialt læringsmiljø

    På skulen skal elevane oppleve tryggleik og meistring. Lærarar har eit ansvar for å legge til rette for dette og lærarutdanninga må gi lærarstudentane kompetanse til å handtere dette ansvaret og leggje til rette for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Studentane vil også få erfaring med å samarbeide på tvers av profesjonar i utdanninga.

    Lærarar legge grunnlaget for eit godt læringsmiljø gjennom det daglege virket. Det psykososiale læringsmiljøet blir påverka av alt læraren gjer, for eksempel gjennom klassereglar,

    arbeidsmåtar, tilbakemeldingar og veremåte. Dei enkelte faga arbeider med korleis ein gjennom undervisninga kan fremme fagglede og lærelyst og motverke prestasjonsangst og resignasjon.

    Lærarar må vidare raskt oppdage krenking, mobbing, trakassering og diskriminering knytt til skulen, også digitalt, og kunne sette i gang nødvendige tiltak for å motverke det. I faget pedagogikk og elevkunnskap får studentane kunnskap om teoriar og metodar, og i praksisopplæringa får studentane realisere teoriane samt sjå korleis ulike skular driv antimobbearbeid.

    Lærarar må også ha auge for korleis elevar har det, også knytt til omstende utanfor skulen, inkludert omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Dei må kjenne til og kunne oppdage teikn på dette, og kunne bruke hjelpeapparatet slik lova krev og på ein føremålstenleg måte. Studentane får innsikt i dette gjennom pedagogikk og elevkunnskap, og fleirfaglege opplegg, også på tvers av utdanningar.

    Temaet blir arbeidd med dei ulike studieåra, men blir gitt særleg merksemd i det tredje semesteret der det blir gjennomført ei fleirfagleg veke om barn, ungdom og helse. Både førebyggings- og avdekkingsperspektivet er tema i samarbeid med studentar frå andre profesjonsutdanningar, for å utvikle tverrprofesjonell kompetanse.

    Barn, ungdom og helse

    I St. Meld. 28 (2015-2016) «Fag – Fordypning – Forståelse – En fornyelse av Kunnskapsløftet», er folkehelse og livsmeistring eitt av tre tverrfaglege tema som skal prioriterast i norsk skule. Skulen har derfor eit ansvar og er ein viktig arena for å fremme god helse hos elevane. Gode helseval er ein del av å meistre livet, og kunnskap om fysisk og psykisk helse og konsekvensar av livsstil har stor betydning.

    Skal skulane kunne jobbe tverrfagleg med slike omfattande tema og ei heilskapleg tenking rundt eleven, er det viktig at dette også blir spegla att i grunnskulelærarutdanninga. Barn, ungdom og helse er ei slik tverrfagleg samarbeidsveke som skal gi studentane eit innblikk i og auka kunnskap, om viktige område innanfor barns psykiske og fysiske helse. Studentane blir presentert for forsking og kunnskap innanfor eit vidt spekter av tema som alle er viktige for helsa til barn og unge. Korleis problem/utfordringar blir identifisert, behandla og følgt opp gjennom nødvendige endringstiltak vil bli vektlagt i undervisninga. Dette kan handle om psykiske problem, vald, mobbing og seksuelle overgrep. Vidare vil studentane også bli presentert for den viktige rolla fysisk aktivitet speler, og korleis og kvifor skulen er ein viktig arena for dagleg fysisk aktivitet.

    Berekraft og innovasjon

    Felles samfunnsutfordringar knytt til klima, forbruk og fordelingspolitikk må løysast gjennom berekraftige løysingar og nytenking. Grunnskulelærarutdanninga må gjennom kunnskapsformidling og relevant praksis bidra til at studentane erfarer korleis ein kan gjennomføre utdanning for berekraftig utvikling i tråd med måsettinga til UNESCO og kunne bruke skulekvardagen som læringsarena. Studentane må kunne stille spørsmål, sjå samanhengar og identifisere problem. Denne kompetansen må utviklast gjennom heile studietida, knytast til alle fag, men også sikrast gjennom eit fleirfagleg prosjekt i tredje studieåret.

    Etisk refleksjon og evne til å sjå nye moglegheiter er avgjerande for berekraftig utvikling, både nasjonalt og globalt. Det er derfor ein klar samanheng mellom kreativitet, innovasjon, kritisk tenking og problemløysing. Skulen i morgon/framtida krev lærarar som kan inspirere elevane til å utforske og skape. Det å kunne omsette ein idé til handling eller eit produkt er ein viktig kompetanse skulen i morgon/framtida skal utdanne til.

    PfDK-søyla: Utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse

    Studenten skal i løpet av utdanninga utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse på eit avansert nivå, for å meistre studiekvardagen og dei administrative sidene av læraryrket, samt kunne reflektere over, ta initiativ til og leie arbeid med digital kompetanse i skulen. Studenten skal vidare kunne kritisk vurdere og bruke relevante digitale læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa til støtte for vurdering i fag og elevane si læring. Det omfattar også å leggje til rette for varierte undervisningsmetodar som integrerer teknologi. Studenten skal få øving i å gi elevane opplæring i og om digitale ferdigheiter for å bidra til at elevane deltek i den teknologiske utviklinga og er i stand til å påverke og leie utviklinga. Vidare skal studenten utvikle haldningar til og reflektert forståing for etiske og juridiske sider ved bruk av teknologi i både skule og fritid. Lærarstudenten skal gjennom robust digital dømmekraft vere i stand til å rettleie elevar i ulike digitale sosiale kontekstar.

    Opplæringa i profesjonsfagleg digital kompetanse er både integrert i faga og organisert som fagovergripande tema. Gjennom utdanningsløpet møter studentane ein progresjon frå grunnleggande til avansert profesjonsfagleg digital kompetanse. Innhaldet i den profesjonsfaglege digitale kompetansen er strukturert i fire overordna område, presentert under. 

    1.-3. studieår (syklus 1):

    • Den digitale skulen
      • Digitalisering av skulen
      • Lærarprofesjonen i ei digital tid
      • Digital skuleutvikling 1 
    • Digitale ferdigheiter
      • Kompetanse i digitale verktøy
      • Digital støtte til FoU-arbeid 1 
    • Digital pedagogikk og fagdidaktikk
      • Digital pedagogikk 1
      • Kreativ produksjon med digitale verktøy 1
      • Bevisst bruk av digitale læringsressursar
      • Fagspesifikk digital kompetanse 
    • Digitalt medborgarskap og livsmeistring
      • Barn og unges digitale liv
      • Digital dømmekraft 1
      • Kritisk tenking i eit digitalt samfunn 1

    4.-5. studieår (syklus 2):

    • Den digitale skulen
      • Digital skuleutvikling 2 
    • Digitale ferdigheiter
      • Digital støtte til FoU-arbeid 2 
    • Digital pedagogikk og fagdidaktikk
      • Digital pedagogikk 2
      • Kreativ produksjon med digitale verktøy 2 
    • Digitalt medborgarskap og livsmeistring
      • Digital dømmekraft 2
      • Kritisk tenking i eit digitalt samfunn 2

    FoU-søyla: Utvikling av FoU-kompetansen til studentane

    Ei forskings- og utviklingsbasert grunnskulelærarutdanning skal bidra til å kvalifisere studentar til å utøve profesjonelt arbeid i grunnskulen med høg kvalitet. Studentane skal utvikle kompetanse til å grunngi og utvikle lærararbeid i klasserommet med relevant forsking og teori. Gjennom å utføre sjølvstendig forskings- og utviklingsarbeid (FoU) skal studentane få kompetanse til å delta i utvikling av faglege profesjonsfellesskap og kollektive praksisar i ein grunnskule i stadig endring. Studentane skal også kvalifisere for deltaking i eller vidare studiar innan utdanningsforsking.

    Å utvikle sjølvstendig FoU-kompetanse inneber at studenten får erfaring med å lese forskingslitteratur og vitskapelege tekstar, og med å skrive sjølvstendige akademiske tekstar og i tillegg får dei kunnskap om metodiske tilnærmingar og vitskapsfaglege tradisjonar. Dette skal stimulere studentane si faglege nysgjerrigheit og fremme sjølvstende når det gjeld ansvar for eigen fagleg oppdatering og utforsking.

    Utvikling av FoU-kompetansen er gjennomgåande i dei fem studieåra. I syklus 1 blir det lagt vekt på opplæring som skal danne grunnlaget for arbeidet med FoU-oppgåva i fordjupingsfaga. I syklus 2 vidareutviklar studentane FoU-kompetansen knytt til arbeidet med masteroppgåva.

    FoU-oppgåva i syklus 1 er eit sjølvstendig arbeid der studenten skal undersøke ei fagleg problemstilling ved bruk av valt metodisk tilnærming. Studentane skal også dokumentere at dei kan bruke relevant forsking og teori for å belyse problemstillinga. I masteroppgåva skal studenten dokumentere avansert FoU-kompetanse.

    1. studieår:

    • Akademisk skriving 1
    • Akademisk lesing 1
    • Litteratursøk og kjeldekritikk
    • Forskingsmetode: Observasjon med forskningsetikk
    • Pedagogisk utviklingsarbeid og aksjonslæring

    2. studieår:

    • Akademisk skriving 2
    • Akademisk lesing 2
    • Forskingsmetode: Kvalitativt intervju med forskningsetikk
    • Vitenskapsteori

    3. studieår:

    • FoU-oppgåva
      • Akademisk skriving 3
      • Vitskapsteori og forskingsmetode
      • Kvalitative og kvantitative metodar

    4. studieår:

    • Vitskapsteori etikk og forskningsmetode

    5. studieår:

    • Fordjupningspakker i metode
    • Verktøykurs som ROS-analyse, databehandling, KI, dataanalyse
    • Godkjenning av prosjektskisse for masteroppgåve
    • Masteroppgåva

    Estetisk søyle: Estetiske læringsprosessar 

    Den estetiske dimensjonen i lærarutdanninga bygger på ei heilskapleg forståing av læring som sanseleg, skapande og relasjonell. Deltaking i praktisk arbeid og arbeid med estetiske uttrykksformer har både eigenverdi og betydning for fagleg utvikling. Estetiske læringsprosessar inkluderer også kritisk tenking, teori og erfaring med samfunnets kunst- og kulturuttrykk. Estetiske læringsprosessar engasjerer kroppsleg, kognitivt og emosjonelt, gir rom for utforsking, oppleving og kjenslemessig uttrykk, og bidrar til danning, trivsel, meistring og inkludering. Studentane skal utvikle ferdigheiter i tilrettelegging for estetisk utfolding og refleksjon i eiga undervisning, og leie skapande prosessar som blir tilpassa ulike fag, elevgrupper og læringskontekstar. Estetiske læringsprosessar skal innlemmast i emneplanar for alle fag, både fagspesifikt og tverrfagleg. Arbeidskrav og praksisoppgåver bør gi studentane erfaring med estetiske læringsprosessar i autentiske undervisningssituasjonar. 

    1. studieår: Sanseleg erfaring og estetisk merksemd  

    Første studieår vektlegg grunnleggande forståing for det sanselege og relasjonelle i pedagogiske situasjonar. Studentane skal erfare korleis estetiske læringsprosessar kan skape tryggheit, fellesskap og engasjement. Gjennom praktiske øvingar og refleksjon utviklar studentane estetisk merksemd som eit grunnlag for vidare fagleg utforsking.   

    2. studieår: Omgrepsforståing og fagleg utforsking

    I andre studieår bygger studentane videre på erfaringar frå første året, og utviklar eit meir analytisk blikk på estetiske arbeidsformer, verkemiddel og uttrykk. Gjennom fagspesifikke og tverrfaglege prosessar blir evnene til å sette ord på og reflektere over estetiske læringsprosessar  styrkt.

    3. studieår: Estetiske arbeidsmåtar i praksis  

    Tredje studieår utforskar studentane korleis estetiske arbeidsmåtar kan tilpassast ulike tema og læringskontekstar som berekraft og innovasjon. Gjennom praktiske oppgåver skal studentane kople estetiske erfaringar til didaktisk refleksjon.   

    4. studieår: Planlegging og leiing av estetiske læringsprosessar  

    I fjerde studieår utviklar studentane ferdigheiter i å planlegge, leie og evaluere estetiske læringsprosessar. Arbeidet er knytt til danning, inkludering, mangfald og trivsel, og studentane styrker forståinga si av den estetiske dimensjonen i fysiske og sosiale læringsmiljø.   

    5. studieår: Fagleg fordjuping  

    Femte studieår gir rom for å innlemme estetiske perspektiv i masteroppgåva .

    OPPBYGGING AV STUDIET

    Grunnskulelærarutdanninga for trinn 5–10 er ei femårig integrert utdanning med tre år på lågare grads nivå, (syklus 1), og to år på høgare grads nivå, (syklus 2), og har eit omfang på 300 studiepoeng. Studiet inkluderer 110 dagar rettleidd og vurdert praksis. Studieløpet har obligatoriske og valfrie delar. Etter fullført utdanning skal studenten ha tre undervisningsfag, eller to undervisningsfag og eitt skulerelevant fag, avhengig av fagval gjort undervegs i studieløpet.

    Syklus 1 (1.-3. studieår)

    I syklus 1 er faget pedagogikk og elevkunnskap (30 studiepoeng) obligatorisk. I tillegg skal studenten ha to fag på 60 studiepoeng. Ved søknad vel studenten 60 studiepoeng i anten engelsk, matematikk eller norsk. Studenten vel dei resterande 90 studiepoenga ut frå fagtilbodet på universitetet og etter dei retningslinjene som er fastsette i forskrift og nasjonale retningslinjer.

    Syklus 2 (4.-5. studieår)

    I syklus 2 er faga pedagogikk og elevkunnskap (30 studiepoeng), vitskapsteori og metode (15 studiepoeng) og ei masteroppgåve (30 studiepoeng) likt for alle. Dei resterande 45 studiepoenga kan vere fagdidaktikk i ulike fag eller pedagogikk, avhengig av fagval i syklus 1, tilgjengeleg studietilbod og etter nasjonale føringar.

    Fagtilbodet kan variere

    Målet er å kunne tilby eit stabilt fagtilbod frå studieår til studieår, men dette kan ikkje garanterast. Fagtilbodet vil kunne variere blant anna på grunn av dei fagvala studentane gjer. For å sikre eigne fagønske tilrår ein derfor studentane å velje fag som dei svært gjerne vil studere, ved første moglege høve. Samansetninga av faga i utdanninga bestemmer den enkelte studenten sjølv på grunnlag av det fagtilbodet som er tilbydd dei enkelte studieåra, nasjonale føringar og behovet for kompetanse i arbeidsmarknaden. Studentane får kvart studieår informasjon om fagtilbodet i god tid før val av fag.

    Plassering av fag i Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 ved OsloMet

    Studenten har ei rekke val gjennom studieløpet. Val studenten ta tidleg i studiet påverkar vala studenten har seinare i løpet. Når studenten søker seg inn på studieprogrammet, tar hen val om kva som skal vere det første undervisningsfaget (fag 1).

    1. og 2. semester:

    • Studenten vel eit undervisningsfag (fag 1) – 45 stp.
      • engelsk, matematikk eller norsk
    • Pedagogikk og elevkunnskap – 15 stp.
    • INTER1100 – INTERACT1 – 0 stp.

    3. semester:

    • Studenten held fram med fag 1 (frå 1. og 2. semester) – 15 stp.
      • engelsk, matematikk eller norsk
    • Pedagogikk og elevkunnskap – 15 stp. med «Det mangfaldige klasserommet» (utgjer 10 stp.)

    4. semester:

    • Studenten vel eit nytt fag (fag 2) - 30 stp.
      • RLE 1, kroppsøving 1, kunst og handverk 1, mat og helse 1, musikk 1, naturfag 1 eller samfunnsfag 1
    • INTER1200 – INTERACT2 – 0 stp.

    5. semester:

    Eit av følgande val:

    • Studenten held fram med fag 2 (frå 4. semester), - 30 stp.
      • RLE 2, kroppsøving 2, kunst og handverk 2, musikk 2, naturfag 2 eller samfunnsfag 2
      • Merk at det ikkje er mogleg å halde fram med faget mat og helse

    eller

    • Studenten vel eit nytt fag (fag 3) – 30 stp.
      • norsk teiknspråk (studenten må halde fram med faget i 6. semester), eller
      • framandspråk (studenten må halde fram med faget i 6. semester)
      • tysk, spansk eller fransk (i Tyskland/Spania/Frankrike)
      • engelsk, matematikk eller norsk (studenten må halde fram med faget i 6. semester)
      • faget må vere eit fag studenten ikkje har frå første studieår.

    6. semester:

    Eit av følgande val:

    • Studentar som vald eit nytt fag i 5. semester må halde fram med dette
      • norsk teiknspråk, framandspråk, engelsk, matematikk eller norsk

    eller

    • Eit nytt fag (fag 4) – 30 stp.
      • RLE 1, kroppsøving 1, kunst og handverk 1, mat og helse 1, musikk 1, naturfag 1 eller samfunnsfag 1

    eller

    • Fordjuping i pedagogikk
      • profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk eller spesialpedagogikk

    eller

    • Emnet Sustainability and Outdoor Education

    eller

    • Utveksling i utlandet, val av emne etter egne reglar

    INTER1300 – INTERACT3 – 0 stp.

    7. semester:

    • Vitskapsteori og metode – 15 stp.
    • Studenten vel eit undervisningsfag som masterfag – 15 stp. (studenten må ha 60 stp. frå tidlegare i løpet)
      • engelsk, norsk, matematikk, RLE, kroppsøving, kunst og handverk, musikk, naturfag, norsk teiknspråk eller samfunnsfag

    8. semester:

    • Undervisningsfag som masterfag – 15 stp. (bygger på fag frå 7. semester)
      • engelsk, norsk, matematikk, RLE, kroppsøving, kunst og handverk, musikk, naturfag, norsk teiknspråk eller samfunnsfag
    • Pedagogikk og elevkunnskap – 15 stp. med «Det mangfaldige klasserommet» (utgjer 5 stp.)

    9. semester:

    Masterfag – 15 stp. Studenten vel mellom:

    • Undervisningsfag som masterfag – 15 stp. (bygger på fag frå 7. og 8. semester)

    eller

    • Pedagogikk som masterfag – 15 stp.
      • profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk eller spesialpedagogikk

     10. semester:

    • Masteroppgåve – 30 stp. i undervisningsfag eller pedagogikk, avhengig av tidlegare fagval.

    Masteroppgåva

    Masteroppgåva skal vere knytt til undervisning og læring i fag, men innanfor desse rammene har studenten somme val:

    • Studenten kan velje å gjennomføre masteroppgåve i fagdidaktikk i faget studenten har 60 studiepoeng i frå syklus 1.
    • Studenten kan velje å gjennomføre masteroppgåve i ei av dei pedagogiske fordjupingane profesjonsretta pedagogikk, digital pedagogikk eller spesialpedagogikk. Dette krev at studenten har valt pedagogikk og same fordjuping i 6. semester. Vel studenten pedagogikk som masterfag, skal studenten også ha 30 studiepoeng i syklus 2 i det undervisningsfaget studenten har 60 poeng i, frå syklus 1.

    Det er viktig å merke seg at det studenten kan velje i syklus 2, er avhengig av val gjort i syklus 1.

    På grunnlag av prosjektskisse, der studentane beskriv tema for masteroppgåva og om dei vil gjennomføre oppgåva individuelt eller i gruppe på inntil tre, får kvar student tildelt rettleiar. Rettleiar vert tildelt seinast i 9. semester.

    Fleir- og tverrfaglegheit og fagovergripande oppgåver

    Fleir-, tverrfaglegheit og fagovergripande oppgåver tar utgangspunkt i kunnskapsområde og problemstillingar der faga har felles interesse, og der dei har moglegheit for fordjuping gjennom samarbeid. I løpet av studietida møter studentane fleirfaglege tema som skal gjere dei i stand til å fordjupe seg og arbeide på tvers av fag. Nokre er lista opp nedanfor, andre er konkretiserte i emneplanane for dei faga som er involverte.

    Oversikt over andre fagovergripande tema og fleirfaglege oppgåver med eiga organisering

    1. studieår:

    • Grunnleggande ferdigheiter: Læraren og språket
    • Kurs i munnleg fortelling
    • Drama som metode
    • Song- og stemmebruk
    • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1100)

    2. studieår:

    • Temaperiode om helse og psykososialt miljø
    • Førstehjelpskurs
    • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1200)

    3. studieår:

    • Berekraft og innovasjon - med praktisk-estetiske arbeidsformer
    • Internasjonal utdanning
    • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1300)

    4. studieår:

    • Lærarverkstad knytt til estetiske læringsprosessar

    5. studieår:

    • Demokrati og menneskerettar

    Studentane deltar også i undervisningsopplegget INTERACT (Interprofessional Interaction with Children and Youth). Gjennom INTERACT får studentane forskingsbasert kunnskap om tema som er knytt til kvardagen til barn og unge. Samtidig får dei trening i tverrprofesjonelt samarbeid med studentar frå andre profesjonsutdanningar ved OsloMet. Slik legg INTERACT grunnlaget for betre samordning av tenester i samfunnet på tvers av profesjonar, retta mot barn og unge og føresette. Undervisningsopplegget består av seminardagar i 2., 4. og 6. semester (INTER 1100, 1200, 1300), der det blant anna er case-baserte oppgåver om relevante tema i grupper med studentar frå andre profesjonsutdanningar ved universitetet.

    Læringsmiljø og studieinnsats

    Femårig grunnskulelærarutdanning er eit fulltidsstudium som kvalifiserer for kyndig yrkesutøving. Gode læringsprosessar er den beste motivasjonen til innsats. Tiltak som utdanninga vil satse spesielt på for å sikre ein høg studieinnsats:

    • Relevant undervisning som er kopla til for- og etterarbeidet til studentane, aleine og i grupper.
    • Vurderingsordningar og kriterium er tydeleg relevante for framtidig yrke og knytt til jamt arbeid gjennom semesteret.
    • Det blir lagt til rette for jamn arbeidsbelastning gjennom semesteret, blant anna ved at arbeidskrav og andre oppgåver er tilgjengelege i god tid.
    • Studiemiljøet blir jamleg evaluert, og tiltak vurderte og følgde opp.
    • Studentane blir årleg kalla inn til ein kontaktlærarsamtale.
    • Studentane vel ved starten av kvart studieår representantar til fagutval for faga. Fagutvala møter faglærarar og studieleiar med jamne mellomrom.
    • Fagutvala, studieevalueringane og kontaktlærarsamtalane er viktige element i kvalitetssikringssystemet på universitetet.

    Progresjonskrav i studiet

    For å kunne starte i tredje studieåret må alle eksamenar frå første studieår (60 studiepoeng) og 30 studiepoeng frå andre studieår vere bestått. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i andre studieåret.

    For å kunne starte i fjerde studieåret, syklus 2 (7. semester), må studenten ha bestått minst 150 studiepoeng frå dei tre første studieåra i utdanninga. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i tredje studieåret.

    I spesielle tilfelle kan studenten søke om unntak frå progresjonskravet på 90 studiepoeng inn mot tredje studieår, og kravet om 150 studiepoeng inn mot fjerde studieår. Ei slik heilheitsvurdering vil bland anna vere basert på resultata til studentane, antal studiepoeng og om studenten har hatt høve til å ta ny/utsett eksamen eller ikkje. Det vil ikkje gjerast unntak frå kravet om at alle eksamenar frå første studieår (60 studiepoeng) er bestått for å kunne starte på tredje studieår.

    I tredje studieåret skal studentane skrive ei profesjonsretta FoU-oppgåve. Oppgåva må vere bestått innan utgangen av 8. semester for at studenten skal kunne halde fram på 9. semester.

    Reglar/avgjersler med omsyn til bestått praksis

    Progresjonskrav

    Praksisopplæringa i første studieår må vere bestått før studenten kan halde fram i andre studieår. Tilsvarande krav gjeld for alle studieår i syklus 1. Praksis tredje år syklus 1 må vere bestått før studenten kan halde fram på syklus 2.

    Antal forsøk på å bestå praksis

    Dersom praksisstudiet ikkje er bestått og det er brukt to forsøk, må studiet normalt avbrytast, (jf. Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet - storbyuniversitetet § 4-4, punkt e).

    Skikkavurdering

    Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentane er skikka for læraryrket, gjennom løpande og særskild skikkavurdering. Løpande vurdering går føre seg gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av dei faglege og personlege føresetnadene for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ei mogleg fare for elevars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser manglande evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogleg i utdanninga bli informert om dette. Dei skal eventuelt få råd og rettleiing slik at dei kan forbetre seg, eller få råd om å avslutte utdanninga.

    Valgfritt emne Løper over flere semestre

    1. studieår

    Obligatoriske emner - Engelsk

    1. semester

    2. semester

    Obligatoriske emner - Matematikk

    1. semester

    2. semester

    Obligatoriske emner - Norsk

    1. semester

    2. semester

    2. studieår

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1

    4. semester

    Valgfritt fag - Musikk 1, trinn 5-10

    4. semester

    Valgfritt fag - RLE1, trinn 5-10

    4. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving 1

    4. semester

    Valgfritt fag - Naturfag 1, trinn 5-10

    4. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag 1, trinn 5-10

    4. semester

    Obligatoriske emner - Engelsk

    3. semester

    Obligatoriske emner - Matematikk

    3. semester

    Obligatoriske emner - Norsk

    3. semester

    3. studieår

    Pedagogikk fordypning 1: Digitalt støttet pedagogikk

    6. semester

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1

    6. semester

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 2

    5. semester

    Valgfritt fag - Mat og helse 1

    6. semester

    Pedagogikk fordypning 1: Profesjonsrettet pedagogikk

    Pedagogikk fordypning 1: Spesialpedagogikk

    6. semester

    Sustainability in Education

    6. semester

    Valgfritt fag - Tegnspråk (del 1 av 2)

    5. semester

    6. semester

    Valgfritt fag - Tegnspråk (del 2 av 2)

    6. semester

    Valgfritt fag - Engelsk (del 1 av 2)

    5. semester

    6. semester

    Valgfritt fag - Engelsk (del 2 av 2)

    6. semester

    Valgfritt fag - RLE1

    6. semester

    Valgfritt fag - RLE2

    5. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving 1

    6. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving 2

    5. semester

    Valgfritt fag - Matematikk (del 1 av 2)

    5. semester

    6. semester

    Valgfritt fag - Matematikk (del 2 av 2)

    6. semester

    Valgfritt fag - Musikk 1

    6. semester

    Valgfritt fag - Musikk 2

    5. semester

    Valgfritt fag - Naturfag 1

    6. semester

    Valgfritt fag - Naturfag 2

    5. semester

    Valgfritt fag - Norsk (del 1 av 2)

    5. semester

    6. semester

    Valgfritt fag - Norsk (del 2 av 2)

    6. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag 1

    6. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag 2

    5. semester

    Obligatoriske emner - Engelsk

    Obligatoriske emner - Matematikk

    Obligatoriske emner - Norsk

    4. studieår

    Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 1: Fagdidaktikk – kunst og design

    7. semester

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 2: Fagdidaktikk – kunst og design

    8. semester

    Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Naturfag og naturfagdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Naturfag og natursfagdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 2

    8. semester

    Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 1

    7. semester

    Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 2

    8. semester

    Obligatoriske emner - Engelsk

    7. semester

    8. semester

    Obligatoriske emner - Matematikk

    7. semester

    8. semester

    Obligatoriske emner - Norsk

    7. semester

    8. semester

    5. studieår

    Pedagogikk fordypning 2: Digitalt støttet pedagogikk

    Valgfritt fag - Engelsk og engelskdidaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Kroppsøving og kroppsøvingsdidaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Kunst og håndverk 3: Fagdidaktikk – kunst og design

    9. semester

    Valgfritt fag - Matematikk og matematikkdidaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Musikk og musikkdidaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Naturfag og naturfagdidaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Norsk og norskdidaktikk 3

    9. semester

    Pedagogikk fordypning 2: Profesjonsrettet pedagogikk

    Valgfritt fag - RLE og RLE-didaktikk 3

    9. semester

    Valgfritt fag - Samfunnsfag og samfunnsfagdidaktikk 3

    9. semester

    Pedagogikk fordypning 2: Spesialpedagogikk

    9. semester

    Valgfritt fag - Tegnspråk og tegnspråkdidaktikk 3

    9. semester

    Obligatoriske emner - Engelsk

    9. semester

    10. semester

    Obligatoriske emner - Matematikk

    9. semester

    10. semester

    Obligatoriske emner - Norsk

    9. semester

    10. semester

  • Arbeids- og undervisningsformer

    Gjennom heile studiet blir det lagt opp til varierte arbeidsformer med studentaktive arbeidsmetodar, avhengig av tema og studieoppgåver, noko som føreset at studentane kjem førebudde og er aktive i alle deler av studiet. Studentane må delta i seminargrupper der ein løyser oppgåver både saman med andre og individuelt. Arbeidsformene vil også variere frå fag til fag. Døme på dette er rollespel og kasusarbeid i pedagogikk og elevkunnskap, rekneverkstader i matematikk, øvingar i munnleg formidling i norsk, strukturelle filosofiske samtaler i RLE, problembasert læring i samfunnsfag, ekskursjonar i kroppsøving, praktiske forsøk i naturfag, skapande arbeid i musikk og kunst og handverk - og mykje meir. Profesjonsfagleg digital kompetanse er integrert i alle fag.

  • Praksisstudier

    Praksis har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga, som knyte saman studentane sine studiefag og praksisopplæringa. Dette føreset samarbeid mellom studentar, faglærare, praksislærare og skuleleiarar. Føremålet med praksisstudiet er å gradvis utvikle studentane sin profesjonelle lærarkompetanse, og praksisopplæringa skal vere rettleidd, variert og vurdert. Praksisstudiet har forventa læringsutbytte og progresjon som blir skildra i emneplanane for praksis. Praksis er ein arena der det blir lagt tilrette for læring gjennom at studentane får erfaring med ulike sider av læraryrket. Praksislærar skal legge til rette for at studentane får rettleiing, og bidra til at dei utviklar evna til å utforske, reflektere over og utvikle eigen profesjonsutøving. Innhaldet i rettleiinga skal knytast til praksisemna, og vurderinga blir gjennomført i vurderingsrapportar for kvar praksisperiode.

    Omfang i praksisopplæringa - antal praksisdagar

    Praksisopplæringa består av 110 dager rettleidd, variert og vurdert praksis og er lagt til mellom- og ungdomsteget i grunnskulen. 80 dager er lagt til syklus 1, 30 dager til syklus 2. I løpet av syklus 1 skal 5 dagar vere observasjon i grunnskulen.

    1. studieår: 25 dagar på mellomsteget

    • 5 dagar observasjonspraksis haustsemester
    • 20 dager rettleidd praksis vårsemester

    2. studieår: 30 dagar småskulesteget

    • 15 dagar praksis haustsemester
    • 15 dagar praksis vårsemester

    3. studieår: 30 dagar trinn 5-10

    • 15 dagar praksis haustsemester
    • 15 dagar praksis vårsemester

    4. studieår: 30 dagar trinn 5-10

    • 10 dagar praksis haustsemester
    • 20 dagar vårsemester, hvor 10 dagar er klasse/trinnovertaking

    Innhald i praksisstudiet

    I syklus 1 skal studenten utvikle brei og variert kompetanse om lærararbeidet; undervisning og klasseleiing, kontaktlæraren si oppgåve overfor eleven og føresette, kollegasamarbeid og samarbeid med skulen sine samarbeidspartnarar. I syklus 2 skal studenten utvikle ein meir inngåande kunnskap om å leie eleven sin læringsprosess og om utviklings- og endringsarbeid i skulen.

    Syklus 1

    Hovudtema for praksisstudiet dei tre første studieåra er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring av fag for trinn 5-10.

    Dette omhandlar:

    • Utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse
    • Lærararbeidet i møte med det fleirkulturelle klasserommet
    • Klasseleiing
    • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
    • Tilpassa opplæring og læringsfremmande vurdering
    • Skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar

    Syklus 2

    Dei to siste studieåra skal studentane videreutvikle lærarkompetansen. Praksisstudiet skal i syklus 2 gi meir inngåande kunnskap om læringsprosessar, lærarens tilrettelegging for læring av fag og forskings- og utviklingsarbeid.

    Dette omhandlar:

    • Læringsleiing og djupare forståing av elevmangfald
    • Forskings- og utviklingsarbeid relatert til skulen
    • Utvikling av endringskompetanse

    Vurdering av praksisstudiet

    Grunnlaget for vurdering er læringsutbyttebeskrivingar for den enkelte praksisperioden, som er konkretisert i ein vurderingsrapport. Studentane blir vurderte på grunnlag av observasjon og skriftleg dokumentasjon knytt til planlegging og gjennomføring av undervisning, deltaking i rettleiing og skriftlege refleksjonsloggar.

    Vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarar i lærerutdanningena, praksislæraren og skoleleiar. Praksisperioden blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

    Frammøtå og fravær i rettleidd praksis

    Praksisopplæringa er ein obligatorisk del av studiet. Omfanget er fastset i forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, og manglande frammøte fører normalt til at studenten ikkje får vurdert praksisperioden. Sjå gjeldande retningslinjer for praksisopplæringa.

    Ny praksisperiode

    Ny praksisperiode blir gjennomført neste gong ordinær praksis blir organisert. Dersom praksis blir vurdert til «bestått» ved andre gangs forsøk, kan studenten halde fram med studiet. Dersom praksisperioden blir vurdert til «ikkje bestått» ved andre forsøk, må studiet normalt avbrytast. For nærare presisering av reglane, sjå forskrift om studium og eksamen ved OsloMet.

  • Internasjonalisering

    Det fleirkulturelle og internasjonale perspektivet er forankra i alle fag og alt lærararbeid i lærarutdanninga. Utdanninga førebur studenten på det internasjonale og fleirkulturelle læringsmiljøet som ventar i praksisperiodane og i framtidig yrke som lærar, blant anna gjennom bruk av relevant og komparativ internasjonal forsking, faglitteratur og nettressursar.

    Det blir lagt til rette for at delar av utdanninga kan takast i utlandet gjennom dei internasjonale avtalane lærarutdanninga har etablert. Dette gjeld både fagstudium og praksisopphald. 6. semester er spesielt tilrettelagt for utvekslingar, men det er også mogleg i andre semester, avhengig av eige fagval. Også dei studentane som ikkje reiser på utveksling skal arbeide med internasjonalisering heime gjennom studieløpet. Pensum i alle fag inneheld oppdatert litteratur på engelsk. Det er i løpet av studiet mogleg å velje engelskspråklege emne der interne studentar møter internasjonale studentar. Den internasjonale dimensjonen blir tillagt auka vekt gjennom utdanningsløpet.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Retten til å gå opp til eksamen føreset godkjende arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar, som blir skildra i den enkelte emneplan.

    Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsett(e) frist(ar). Gyldig fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, gir ikkje fritak frå kravet om å i oppfylle arbeidskrava. Studentar som på grunn av sjukdom eller anna dokumentert grunn ikkje leverer/utfører arbeidskrava innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskravet blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med den fagansvarlege.

    Arbeidskrav blir vurdert til «godkjend» eller «ikkje godkjend». Studentar som leverer/utfører arbeidskravet innan fristen, men som får vurderinga «ikkje godkjend», har som regel rett til ei ny innlevering/forsøk. Studenten må da sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærar. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, har ikkje krav på eit nytt forsøk.

    Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte emneplan.

    Krav om deltaking og fleirfaglege opplegg

    Grunnskulelærarutdanninga utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast berre gjennom å lese teori. Mykje av kunnskapen må utviklast saman med andre gjennom ulike læringsaktivitetar. I tillegg er det ei løpande skikkaheitsvurdering gjennom lærarstudiet. Deltaking i læringsaktivitetar blir derfor sett på som så viktig for førebuinga til ykret at det er gjort obligatorisk. Dette blir definert som undervisning, samlingar, praksis, praksisførebuing/oppsummering, ferdigheitsøvingar eller seminar der studentane skal delta, vere aktive, og gi kvarandre tilbakemeldingar/vurderingar. Aktiviteten må vere gjennomført for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Fagleg aktivitet med krav om deltaking kjem fram i den enkelte emneplan. Ved fråvær må studenten primært ta igjen manglande arbeid.

    Krav om deltaking i undervisning på syklus 1 (1.-3. år)

    Studiet er bygd opp rundt arbeids- og undervisningsformer som inneber kollektive læringprosessar som ikkje kan erstattast med individuelle studieformer.

    Faga på syklus 1 har krav om 80 prosent deltaking i all undervisning og/eller har sin obligatorikk skildra i sine emneplanar og knytt til konkrete arbeidskrav og/eller aktivitetar. Sjå emneplanane for presisering.

    Ved fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent medfører at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mister studenten retten til å avlegge eksamen i det aktuelle emnet, uansett fråværsgrunn.

    Krav om deltaking i undervisning på syklus 2 (4.-5. år)

    Studiet på syklus 2 har krav om 70 prosent deltaking i all undervisning og/eller har sin obligatorikk skildra i sine emneplanar og knytt til konkrete arbeidskrav. Sjå emneplanane for presisering.

    Fråvær over 30 prosent medfører at studenten mister retten til å ta eksamen i det aktuelle emnet, uansett fråværsgrunn. Det vil ikkje bli gitt tilbod om kompenserande arbeid.

    Krav om deltaking i fleir- og tverrfaglege opplegg

    I tillegg til de fleir-, tverrfaglege, og fagovergripande kurs/opplegg/arbeidskrav som er skissert i emneplanane skal alle studentar ha gjennomført og fått godkjent følgande arbeid for å få tildelt vitnemål:

    Syklus 1:

    • Grunnleggande ferdigheiter: Læraren og språket
    • Song- og stemmebruk
    • Dramakurs
    • Temaperiode om helse og psykososialt læringsmiljø
    • Førstehjelpskurs
    • Internasjonal utdanning
    • Berekraft og innovasjon med praktisk estetisk arbeidsformer
    • Tverrprofesjonelt samarbeid: INTERACT (INTER1100, INTER1200 og INTER1300)

    Syklus 2:

    • Lærarverkstad knytt til estetiske læreprosessar
    • Demokrati og menneskerettar
  • Vurdering og sensur

    Studenten møter ulike vurderingsformer i løpet av studiet. Dette har to føremål; å kunne vurdere alle sider ved lærarkvalifiseringa, samt å gi studentane erfaring med ulike vurderingsmetodar som er relevante for det seinare arbeidet i skulen, læring og vurdering av elevar. Nærare informasjon finst i den enkelt emneplanen.

  • Øvrig informasjon

    Godkjent av studieutvalet 16. november 2016.

    Redaksjonell endring lagt inn 29. mai og 5. juni 2018 og 7. mars og 25. juni 2019.

    Revisjon godkjent av utdanningsutvalet 25. januar 2021.

    Redaksjonell endring lagt inn 11. mai 2021.

    Gjeldande frå haustsemesteret 2021.

    Revisjon godkjent av utdanningsutvalet 24.11.25