Programplaner og emneplaner - Student
M5GNO3100 Norsk, emne 4 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian, Subject 4
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2026/2027
- Emnehistorikk
-
- Pensum
-
HØST 2026
- Timeplan
-
Innledning
Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.
Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.
Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 5.-10. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter. Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.
Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 5- 10. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving.
-
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sjangrar, deriblant akademiske teksttypar
- har kunnskap om læremiddel, digitale og andre
- har kunnskap om og oversyn over teori knytt til faget
- har kunnskap om kriterium for vurdering av munnlege og skriftlege kunnskapar
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- har kunnskap om korleis ein kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett
Ferdigheter
Studenten
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kan sjå norskfaget i eit samfunnsperspektiv
- kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan presentere akademiske problemstillingar munnleg
- kjenner til vitskaplege arbeidsmåtar i norskfaget
- legge gjennomføre eit utviklings- og forskingsprosjekt
- kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan bruke faglege kunnskapar til kritisk refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig og saman med andre med elevanes læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan legge til rette for at norskopplæringa fremjar elevdeltaking på offentlege arenaer
-
Innhold
Emne 4 øver studentane i didaktisk refleksjon og i skriving av fagtekstar. Studentane skal utvikle ein utvida refleksjon om kva norskfagleg kompetanse kan bety også på andre arenaer enn i skulen. Utvikla innsikter i norskfaglege tenkjemåtar om språk og tekst står sentralt.
- Lesing og skriving av akademiske fagtekstar
- Norskfagleg formidling
- Didaktisk refleksjon
- Vurdering av munnlege og skriftlege tekstar
- Læremiddelanalyse
- FoU-arbeid
Sentralt i emnet er FoU-oppgaven, som skal ha en klart formulert problemstilling som det må være mulig å undersøke og utdype. Oppgaven skal gi studentene muligheter til å dokumentere faglig kunnskap og innsikt gjennom belysning og drøfting av et faglig problem som er relevant i grunnskolen.
Studentene skal velge å fordype seg i ett eller flere temaer i faget og kan velge å skrive en teoretisk oppgave, en empirisk oppgave eller en kombinasjon. Gjennom oppgaven skal studentene dokumentere kjennskap til aktuell forskning på det området som studenten skriver om. Studenten skal bruke teori og annet fagstoff som grunnlag for å undersøke problemstillingen.
-
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidet med FoU-oppgåva er organisert som undervisning og kurs, rettleiing/rettleiingsseminar, innlevering av skriftleg oppgåve, munnleg framlegg og annan deltaking på konferanse der alle studentane presenterer oppgåveområda sine. Kvar kandidat vil få oppnemnt ein fagleg rettleiar. Temaområde, problemstilling og opplegg for oppgåva skal godkjennast av rettleiaren.
Undervisninga i emnet skal mellom anna gje støtte til skriving av FoU-oppgåva. I tillegg til norskfaglege emne, skal undervisninga ta opp følgande tema:
- Utdanningsvitskap for lærarar, sentrale forskingstradisjonar og metodar.
- Forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
- Seminar i pedagogikk som tek opp sentrale utfordringar i dagens grunnskole.
- Skriving i forsking om skole og undervisning og i læraryrket.
Oppgåveskriving er ein problemløysingsprosess, der studenten skal belyse den valde problemstillinga si gjennom systematiske metodar som kan etterprøvast. Ein del av dette arbeidet vil til dømes vere å arbeide fram eit oppdatert kunnskapsoversyn. Studentar vil også ofte samle eit erfaringsmateriell og bruke utdanningsvitskapleg metode til å undersøke, systematisere og belyse materialet. Arbeidet med oppgåva skal gje erfaring i å søke og nytte litteratur og bygge på både oppgitt og sjølvvald pensum. Omtalar, analysar og vurderingar i oppgåva skal vere solid fagleg utvikla og underbygde.
FoU-oppgåva er eit individuelt arbeid. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningslinjer for vitskapleg og fagleg forfattarskap.
I oppgåver som brukar materiale som studenten sjølv samlar inn, er det eit krav at dette skal hentast inn slik at meldeplikt til Norsk senter for forskningsdata (NSD) ikkje blir utløyst. Føresette skal gje samtykke dersom elevane som deltar i undersøkinga, er umyndige («under myndigheitsalder»). Gjennom oppgåva skal studenten dokumentera kjennskap til aktuell forsking på det området studenten skriv om. Studenten skal bruke teori og anna fagstoff som grunnlag for å undersøke problemstillinga. Metodedelen skal dokumentera framgangsmåtar på ein slik måte at det gjev høve til å sjå korleis studenten har henta inn og brukt materialet og korleis han eller ho har kome fram til resultata. Resultata skal drøftast ut frå dei vanlege vitskaplege krava til kva som er påliteleg og gyldig.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav, deltaking på obligatoriske aktivitetar og i undervisninga.
Arbeidskrav
- Innlevering av eit notat på 400 ord +/- ti prosent om opplegg for oppgåva. Notatet skal ha med omtale av emne, spørsmål studenten vil undersøke, aktuell forskingslitteratur og anna fagstoff han eller ho forventar å sette seg inn i som del av arbeidet med oppgåva, kva slags materiale studenten planlegg å samle inn og undersøke, forskingsmetode studenten skal bruke og skisse til oppgåvedesign. Same målform som FoU-oppgåva.
- Notat før siste rettleiing med utdrag av oppgåvetekst på 1500 ord +/- ti prosent. Same målform som FoU-oppgåva.
Obligatoriske aktivitetar
- Delta på undervisning om vitskapsteori og metode.
- Delta på to rettleiingar i seminar eller individuelt. Rettleiaren set opp tidspunkt og krav til bidrag.
- Delta på delingskonferanse med eige framlegg og respons på medstudentar sine framlegg.
Det er i tillegg krav til at studenten gjennomfører flerfaglige/tverrfaglige aktiviteter:
- Obligatorisk deltakelse på internasjonal dag, med tilknyttede arbeidskrav.
- Obligatorisk deltakelse på bærekraftuka, med tilknyttede arbeidskrav.
Ved fravær i flerfaglige aktiviteter må studenten gjennomføre en kompensatorisk oppgave.
Krav om deltaking i undervisninga
Det er krav om 80 prosent deltaking i undervisninga for å gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent fører til at studenten må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å ta eksamen i emnet.
Sjå programplan for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til deltaking
-
Vurdering og eksamen
Individuell FoU-oppgåve må leverast elektronisk innan oppgitt frist. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 7000 ord og har valfri målform. Oppgåva må oppfylle formelle krav som står i retningslinjene for FoU-oppgåva. Oppgåva som blir levert inn, skal ha som vedlegg ei eigenerklæring som gjeld fusk og plagiering og ei eigenerklæring om korfor oppgåva ikkje utløyser meldeplikt til SIKT.
Ny/utsett eksamen
Dersom FoU-oppgåva har fått ein ikkje-bestått karakter, vil det vere høve til å omarbeide oppgåva ved første ny og utsett eksamen. Etter dette må studenten levere ny oppgåve. Dersom FoU-oppgåva har fått ein bestått karakter, kan studenten ikkje levere ei forbetra oppgåve, men må skrive ny FoU-oppgåve og levere ved neste ordinære innlevering. Dette inneber at studenten må skifta temaområde, eventuelt materialet for undersøkinga, fagleg grunnlag og problemstilling. Innlevering av forbetra versjon av same oppgåve som ved tidlegare eksamenar, er ikkje tillate. Slik innlevering vil ikkje bli vurdert.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne.
-
Vurderingsuttrykk
Det blir nytta ein gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.
-
Sensorordning
Det blir nytta ekstern og intern sensor.