Videreutdanning i Kollegaveiledning i grupper i NAV - Student

Studieoversikt Offentlig

Videreutdanning i Kollegaveiledning i grupper i NAV Studieinformasjon

Studiested
Pilestredet, Oslo
Studiepoeng
15
Kull/termin
Vår 2024
Omfang
Deltid

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Emner og pensumlister

Programplan

Nyhet

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i kollegarettleiing i grupper i NAV. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.

Studiestart vår 2023

Oppmøte 17. januar kl. 08.30

Du finn informasjon om tid og stad i timeplanen øvst på denne sida.

Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet. Sjå kart (mazemap.com).

Informasjon om studiet finn du i emneplanen

Undervisningsdatoar

  • 17.-19. januar
  • 22.-23. februar
  • 22.-23. mars
  • 26.-27. april

Undervisningsstad: Pilestredet 32 og Pilestredet 35.

Tilgang til OsloMets system

Du får tilsendt brukarnamn, aktiveringspassord og pin-kode på e-post og SMS i veka før studiestart. Viss du ikkje har fått dette første studiedag må du ta kontakt med fakultetet ditt.

Etter du har fått dette må du aktivera IT-kontoen. Seinast 24 timar etter dette kan du logga inn på student.oslomet.no. Her finn du den personlege timeplanen din og snarvegar til verktøy du treng i studiekvardagen din.

Semesterregistrering

Du semesterregistrerer deg i Studentweb. Når du har aktivert IT-kontoen din kan du logga deg inn der. Sjekk om kontaktinfo er korrekt og meld deg opp til undervisning.

Frist for semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.

I Canvas finn du pensumliste.

For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-appen, å logge inn, lenke til Canvas.

Studiekort

Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen. Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.
Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42 (neste trikkestopp). Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.
Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@oslomet.no

Anna

Bibliotek finn du i Pilestredet 48. Her finn du også pc du kan nytte.

Trådlaust nettverk kan nyttast.

Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.

Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no

Venleg helsing
Team EVO

Studentweb lenke

Studieinfokontakt

Kontakt oss