Prosjektledelse 1 - Styring mot verdiskapende prosjekter - Student

Studieoversikt Offentlig

Prosjektledelse 1 - Styring mot verdiskapende prosjekter Studieinformasjon

Studiested
Pilestredet, Oslo
Studiepoeng
10
Kull/termin
Vår 2024
Omfang

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Emner og pensumlister

Systemet kan ikke hente emner for dette studieprogrammet på det nåværende tidspunktet.

Programplan

Nyhet

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Prosjektleiing 1 - styring mot verdiskapande prosjekter. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.

Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet. Sjå kart over campus Pilestredet (mazemap.com).

Informasjon om studiet finn du i emneplanen

Lenkje til emneplan finn du lengre opp på sida.

Timeplan

Emnet blir gjennomført to gonger per år, haust og vår.

Undervisning føregår innanfor ordinær arbeidstid (9-16).

Haust 2024:
OBS! Dette er planlagde datoar og det blir tatt atterhald om endringar.

10.-11. september (Fysisk samling i OsloMets lokaler)
22.-23. oktober (Digital samling)
18.-19. november (Digital samling)

Følg med i Canvas for eventuelle endringar etter studiestart.

Vår 2024:
OBS! Dette er planlagde datoar og det blir tatt atterhald om endringar.

12.-13. februar (Fysisk samling i OsloMets lokaler)
11.-12. mars (Digital samling)
15.-16. april (Digital samling)

Følg med i Canvas for eventuelle endringar etter studiestart.

Semesterregistrering

Semesterregistrering gjer du i StudentWeb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. 
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post). 

Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.

Frist for semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Aktiver IT-konto

Du får tilsendt informasjon om aktivering av IT-konto i veka før studiestart.

Ta kontakt med fakultetet ditt viss du ikkje får dette første studiedag.

Bruk informasjonen for å aktivera IT-kontoen din. Når du loggar inn på student.oslomet.no finn du snarvegar til verktøya du treng i studiekvardagen din. Etter at du er semesterregistrert, vil emnet du tek vera synleg i Canvas.

Les meir om IT-konto, tilgangar og PIN-kode.

Canvas

OsloMet brukar Canvas (oslomet.instructure.no) som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg.

Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. abcde1234 eller s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.
Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.

Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.
Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, bruk Canvas-appen.

Studiekort

Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen.

Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.

Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42 (neste trikkestopp). Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.

Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@oslomet.no

Anna

Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc. Også kantine er i 1. et.

Bibliotek finn du i 3. et. Her finn du også pc du kan nytte.

Trådlaust nettverk kan nyttast.

Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.

Spørsmål?

Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no

Venleg helsing,
Team EVU

Studentweb lenke

Kontakt oss

Kontakt oss