Videreutdanning i bibliotek- og informasjonsvitenskap (nettstudium) - Student

Studieoversikt Offentlig

Videreutdanning i bibliotek- og informasjonsvitenskap (nettstudium) Studieinformasjon

Studiested
Studiepoeng
60
Kull/termin
Vår 2024
Omfang

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Emner og pensumlister

Aktiv formidling i bibliotek

Emnekode AKTF6000
Studiepoeng 10.0

Bibliotekenes samfunnsansvar og demokratiske rolle

Emnekode VBINF6200
Studiepoeng 10.0

Grunnleggende metadata

Emnekode VBINF6100
Studiepoeng 10.0

Programplan

IKKE RØR!

Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Bibliotek- og informasjonsvitskap (nettstudium). Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.

Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet. Sjå kart over campus Pilestredet (mazemap.com).

Informasjon om studiet finn du i programplanen lengre opp på sida.

Undervisningsdatoar

Undervisningsdatoar finn du lengre opp på sida.

Betalingsinfo og semesterregistrering

Betalingsinformasjon for semesteravgifta finn du i Studentweb. Når du har aktivert IT-kontoen din kan du logge deg inn der.
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post).

Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og oppgi det arbeidsgivaren ønsker skal stå på giroen: Namn/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.

Merk at giro må hentast ut av Studentweb sjølv om det er arbeidsgivaren din som skal betale studieavgift.

Frist for betaling og semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Aktivere brukarkontoen din 

Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene.

Du får e-post og SMS frå OsloMet når IT-kontoen din er klar for aktivering. Gå til brukarkonto og aktiver kontoen med ID-porten. Opprett eige passord og aktiver tofaktorautentisering. 

Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.   

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.

Studiekort

Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen. Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.
Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42 (neste trikkestopp).

Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.

Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@oslomet.no

Anna

Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc. Også kantine er i 1. et.
Bibliotek finn du i 3. et. Her finn du også pc du kan nytte.

Trådlaust nettverk kan nyttast.

Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.
Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no

Venleg helsing
Team EVO

Web-innholdvisning (Studiestartsinfo)

Studieinfokontakt