Velkommen til oss som student på Helserelatert sosialt arbeid. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.
Kvar held vi til?
Meir informasjon kjem.
Informasjon om studiet finn du i emneplanen
Emneplan VHSA6000 Kunnskapsperspektiver i sosialt helsearbeid (Vår 2025)
Timeplan vår 2025
Uke 7 (10.-12.02 - fysisk samling), uke 10 (5.03 - digital samling), uke 13 (26.03 - digital samling), uke 15 (9.04 - digital samling) og uke 19 (5.-7.05 - fysisk samling).
Undervisningen vil foregå i vanlig arbeidstid (kl. 09.00-15.00).
Semesterregistrering og betaling
Her finner du informasjon om betingelser for betalingsstudier ved Fakultet for samfunnsvitenskap.
Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten.
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post).
Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Dersom det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og opplyse det arbeidsgjevaren ynskjer skal stå på giroen: NAMN/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.
Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.
Frist for semesterregistrering og betaling:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).
Aktivere brukarkontoen din (få tildelt passord)
Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene. Gå til brukarkonto, tast inn studentnummer (6 siffer) med liten s foran og aktiveringspassord. Det er felles brukarnamn og passord for alle dei nemde IT-tenestene.
Brukarnamn (studentnummer + liten s foran) og aktiveringspassord blir sende ut i eigen e-post.
Canvas
OsloMet brukar Canvas (oslomet.instructure.no) som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg.
Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (t.d. s123456) og passord i Feide-vindauge for å logge inn. Er du allereie logga inn i Feide, vert du sendt direkte til Canvas.
Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.
Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.
Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app.
Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, bruk Canvas-appen.
Studiekort
Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen.
Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.
Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42 (neste trikkestopp). Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.
Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@OsloMet.no
Anna
Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc. Også kantine er i 1. et.
Bibliotek finn du i 3. et. Her finn du også pc du kan nytte.
Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.
Spørsmål?
Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no