Velkommen til OsloMet og vidareutdanning i Organisering gjennom samhandling. Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet.
Oppmøte
Du finn informasjon om tid og stad i timeplanen øvst på denne sida rundt 1. juni.
Finn fram på campus Pilestredet (mazemap.com)
Hugs å takke ja til studieplass
Du må svare på tilbodet om studieplass innan fristen. Det gjer du i nettsøknaden i Søknadsweb (fsweb.no). Dersom du har takka ja til studieplass, men likevel ikkje skal ha plassen, send ein e-post til sam-evo@oslomet.no.
Timeplan
Endeleg timeplan vert publisert rundt 1. juni. Sjå Timeplan øvst på denne sida.
Tentativ timeplan høst 2026
(med atterhald om endringar)
- samling: 24. auguat
- samling: 21. september
- samling: 19. oktober
- samling: 18. november
Alt om studiestart
Sjå OsloMet si samleside om studiestart. Der finn du ei sjekkliste for studiestart, svar på ofte stilte spørsmål og nyttig informasjon til deg som ny student. (Merk at oppstart for dykk som tek etter- og vidareutdanningar er seinare enn 11. august. Sjå timeplanen.)
Tilgang til system og verktøy
OsloMet opprettar ein brukarkonto til deg, og du får ein e-post frå oss om kva du må gjere for å aktivere kontoen og få tilgang til system og verktøy du treng. Dette får du automatisk i løpet av vekene før studiestart.
Bruk appen Mine studier for å få ei samla oversikt over timeplanen din, emna dine, sjekkliste ved semesterstart og varslingar. I tillegg kan du lage personlege snarvegar til verktøy og tenester som du treng i studiekvardagen din.
Semesterregistrering og faktura
Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. Sjekk om kontaktinformasjonen er korrekt (adresse, tlf., e-post).
Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Dersom det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og opplyse det arbeidsgjevaren ynskjer skal stå på giroen: namn/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.
Her finner du informasjon om betingelser for betalingsstudier ved Fakultet for samfunnsvitenskap.
Canvas
OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha aktivert brukarkontoen din og semesterregistrert deg.
Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt og passord for å logge inn. Av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Eit tips er å bruke Canvas appen.
Anna
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på student.oslomet under eksamen.
Spørsmål?
Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no