Oppmøte
Emnet blir gjennomført digitalt, med nettundervisning og webinarar. Du finn informasjon om tid og sted i timeplanen øvst på denne sida. Timeplanen blir publisert i juni.
Hugs å takke ja til studieplass
Du må svare på tilbodet om studieplass innan fristen. Det gjer du i nettsøknaden i Søknadsweb (fsweb.no). Dersom du har takka ja til studieplass, men likevel ikkje skal ha plassen, send ein e-post til sam-evo@oslomet.no.
Alt om studiestart
Sjå OsloMet si samleside om studiestart. Der finn du ei sjekkliste for studiestart, svar på ofte stilte spørsmål og nyttig informasjon til deg som ny student. (Merk at oppstart for dykk som tek etter- og vidareutdanningar er seinare enn 11. august. Sjå timeplanen.)
Tilgang til systemer og verktøy
OsloMet oppretter ein brukerkonto til deg, og du får ein e-post fra oss om kva du må gjere for å aktivere konto og få tilgang til dei systema og verktøya du treng. Dette får du automatisk i løpet av vekene før studiestart.
Bruk appen Mine studier for å få eit samla oversyn over timeplanen din, emna dine, sjekkliste ved semesterstart og varsel. I tillegg kan du lage personlege snarvegar til verktøy og tenester som du treng i studiekvardagen din.
Semesterregistrering og faktura
Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. Sjekk om kontaktinformasjonen er korrekt (adresse, tlf., e-post).
Faktura finn du under Betaling i venstre felt. Dersom det er arbeidsgjevaren din som skal betale studieavgift, må du ta kontakt med sam-evo@oslomet.no og opplyse det arbeidsgjevaren ynskjer skal stå på giroen: NAMN/føretak, postadresse og eit føretaksnummer/referansenummer.
Her finner du informasjon om betingelser for betalingsstudier ved Fakultet for samfunnsvitenskap.
Canvas
OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha aktivert brukarkontoen din og semesterregistrert deg.
Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt og passord for å logge inn. Av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Eit tips er å bruke Canvas-appen.
Anna
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på student.oslomet under eksamen.
Spørsmål?
Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no