Velkommen til oss som student på vidareutdanning i Økonomisk rådgivning. Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet – storbyuniversitetet. Informasjon om studiet finn du i emneplanen lengre opp på sida.
Kvar held vi til?
Undervisning er i Pilestredet. Sjå kart over campus her (mazemap.com).
Undervisningsdatoar
Samlingsdatoar høst 2024:
16.-18. september
14.-16. oktober
11.-13. november
Undervisning føregår innanfor ordinær arbeidstid (9-16).
Semesterregistrering
Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten.
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post).
Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.
Frist for semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).
Aktivere brukarkontoen din
Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene.
Du får e-post og SMS frå OsloMet når IT-kontoen din er klar for aktivering. Gå til brukarkonto og aktiver kontoen med ID-porten. Opprett eige passord og aktiver tofaktorautentisering.
Canvas
OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervisning og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (til dømes abcde1234) og passord for å logge inn. Er du allereie innlogga vert du sende direkte til Canvas.
Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.
Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.
Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app. Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-appen med meir: lenke til veiledning.
Studiekort
Studiekort er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan rukast både som studiekort, bruk av bibliotek og tilgjenge. PIN-koden din må brukast saman med kortet for tilgjenge om ettermiddagen. Studiekortet er gyldig studentlegitimasjon berre saman med semesterkvitteringa. Studiekortet vert utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42. Kostsenteret har ope mellom 08:15 og 15:00.
Hugs å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort. Gamle kort frå tidligare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til kortsenteret@oslomet.no.
Anna
Informasjonssenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. etasje ved hovudinngangen. Dei svarer på alt av praktiske spørsmål, semesterregistrering og liknande.
Bibliotek ligg i 3. etasje. Her finn du også PC som du kan nytte.
Trådlaust nettverk kan nyttast.
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfristen for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknaden må også ha vedlagt attest/uttale frå lege. Meir informasjon på Studentweb og lengre opp på sida om eksamen. Ved spørsmål bruk sam-evo@oslomet.no.
Vennleg helsing
Team for etterutdanning, vidareutdanning og oppdragsundervisning.