Videreutdanning i Digital formidling i bibliotek - Student

Studieoversikt Offentlig

Videreutdanning i Digital formidling i bibliotek Studieinformasjon

Studiested
Studiepoeng
Kull/termin
Vår 2024
Omfang

Timeplan

Denne timeplanen viser timeplanen for første studieår - er du allerede student kan du logge inn for å se din personlige timeplan.

Timeplan Portlet

Emner og pensumlister

Systemet kan ikke hente emner for dette studieprogrammet på det nåværende tidspunktet.

Programplan

IKKE RØR!

Velkommen til oss som student på Digital formidling. Nedanfor kjem praktisk info om det å vere student ved OsloMet.

Kvar held vi til?

Dei fleste av studia våre har undervisning i Pilestredet. Sjå kart over campus Pilestredet (mazemap.com).

Informasjon om studiet finn du i emneplanen

Lenkje til emneplan

Timeplan

05. september kl. 12.00-15.00 Webinar
15. september kl. 13.00-15.00 Webinar
04-06. oktober kl. 09.00-14.00 Presentasjon av arbeidskrav
16. oktober kl. 13.00-15.00 Webinar
06-07. november kl. 09.00-14.00 Presentasjon av arbeidskrav
27. november kl. 13.00-15.00 Webinar

Følg med i Canvas for eventuelle endringar etter studiestart. 

Semesterregistrering

Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. 
Sjekk om kontaktinfo er korrekt (adresse, tlf., e-post). 

Studentweb vil etter kvart også innehalde info om slikt som oppmelding til eksamen, kandidatnummer og eksamensresultat.

Frist for semesterregistrering:
1. september (haustsemesteret) og 1. februar (vårsemesteret).

Aktivere brukarkontoen din 

Som ny student vert du tildelt ein brukarkonto som gir deg tilgang til mellom anna e-post og Canvas. Du må sjølv aktivere kontoen før du får tilgang til tenestene.

Du får e-post og SMS frå OsloMet når IT-kontoen din er klar for aktivering. Gå til brukarkonto og aktiver kontoen med ID-porten. Opprett eige passord og aktiver tofaktorautentisering. 

Canvas

OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervisning og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha semesterregistrert deg. Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt (til dømes abcde1234) og passord for å logge inn. Er du allereie innlogga vert du sende direkte til Canvas.

Ny student eller nyleg byrja å studere ved OsloMet igjen? Aktiver brukarkontoen din først.

Hugs at av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din.

Canvas vil gi deg større fleksibilitet i studiekvardagen ved å ta i bruk Canvas-app. Canvas er kopla til Minside med tilgang til timeplan og e-post. For informasjon om korleis læringsplattforma fungerer, Canvas-appen med meir: lenke til veiledning.

Studiekort

Studiekortet er eit kort med bilete og signatur som blir utskrive av OsloMet. Kortet kan brukast både som studiekort, bibliotekskort og tilgjengekort. PIN-koden din må brukast saman med tilgjengekortet på ettermiddagen.

Studiekortet saman med semesterkvitteringa er gyldig studentlegitimasjon.

Tilgjengekortet blir utferda av Kortsenteret i Pilestredet 42 (neste trikkestopp). Kortsenteret har opent mellom 0815 og 1500. Husk å ta med legitimasjon når du skal få utferda studiekort.

Gamle kort frå tidlegare studium ved OsloMet kan aktiverast igjen ved å sende e-post til: kortsenteret@oslomet.no

Anna

Infosenteret i Pilestredet 35 finn du i 1. et. ved hovudinngang, dei svarar på alt av praktiske spørsmål og hjelper deg med info om faktura, semesterregistrering etc. Også kantine er i 1. et.

Bibliotek finn du i 3. et. Her finn du også pc du kan nytte.
Trådlaust nettverk kan nyttast. 

Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen. Meir info på nettet under eksamen.

Spørsmål?

Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no

Web-innholdvisning (Studiestartsinfo)

Studieinfokontakt