Kreditering: Tuva Skare.

Pant frå campus går til grøne greier
Har du lagt merke til dei gule panteboksane på campus? Overskotet frå desse panteboksane skal gå til grøne tiltak for studentar på OsloMet.
OsloMet samarbeider med firmaet Infinitum (infinitum.no) om å samle inn pant i gule pantetønner rundt på våre campusar. Dette bidreg til å redusere mengda plast som kan forureine omgjevnadene våre. Pengane som kjem inn, skal gå til miljøtiltak for studentar.
Nå har du moglegheita til å melde inn ønsker til det vi kallar "Grøne greier" (nettskjema.no). Du kan melde inn ønsker frå no og fram til 15. mars 2025. Ein uformell jury vel ut 1-3 tiltak som blir prøvd ut i løpet av hausten 2025.