Knut Oterholm og Pål Csaszni Halvorsen. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet
Skjermfrie djuplesingsseminar gir studentane lesero
Institutt for arkiv-bibliotek- og informasjonsfag testar seminar som gir studentane ein stad å kople av frå kvardagen og skjermane, slik at dei kan fordjupe seg i pensum.
– I ein digital kvardag treng folk rutinar og skjermfrie rom for å finne ro og fokus, seier Knut Oterholm ved ABI.
Han og kollega Pål Csaszni Halvorsen har denne våren starta eit pilotprosjekt med djuplesnadsseminar for studentar.
– Dette er noko dei gjer ved UiO, USN og UiS, og då eg spurte førsteårsstudentane våre om dei var interesserte, fekk eg massiv respons, seier Halvorsen.
Lesing utan distraksjonar og press
Oppskrifta er enkel: Dei samlar rundt 50 studentar og byr på kaffi, frukt og ein roleg stad å vere for å fordjupe seg i pensumlitteratur i opptil tre timar.
– Oppfordringa er rett og slett berre at dei skal sette seg ned og lese utan digitale distraksjonar. Her skal dei kunne puste ut og lese i ro og fred og la det dei les søkke inn, forklarer Halvorsen.
– Vi er til stades, slik at ein kan gå på gangen og stille spørsmål undervegs, seier Oterholm.
Anerkjenning og tilrettelegging
Halvorsen og Oterholm fortel at tilbodet spring ut av ei forståing av den tida vi lever i, med ein kultur prega av konstante avbrytingar som bryt konsentrasjonen.
– Vi kan ikkje berre riste på hovudet over at studentane ikkje les pensum. Det er ikkje sikkert vi heller hadde lese så mykje om vi hadde vore studentar no, seier Halvorsen.
– Vi opplever at studentane er kjempeinteresserte i å lese, og derfor prøver vi å legge best mogleg til rette for det.
Hjelper med skjerm-forbod
Begge forelesarane møter ofte studentar som seier dei ikkje finn ro til å konsentrere seg om å lese. Mange bur trongt i kollektiv, nokon har familieforpliktingar, og andre merkar at mobiltelefonen og andre stimuli stel fokus.
Ein av dei er Emilie Hermans Arntzen, som er førsteårsstudent på Bibliotek- og informasjonsvitskap.
– Når det sit tech-gigantar på andre sida av teknologien vi bruker og vil ha merksemda vår, hjelper det å ha eit rom der det er forbode å bruke dei tinga, seier ho.
Rutinar framfor viljestyrke
– Dei fleste av oss har ikkje så sterk viljestyrke som vi skulle ønske. Over tid er rutinar og faste rammar mykje betre, og derfor synest eg desse seminara er veldig ålreite, seier Arntzen.
Ho meiner det er annleis å vere på eit djuplesingsseminar enn å sitte heime eller på biblioteket.
– Her veit du at alle gjer akkurat det same som deg. Det gir ei anna ro i rommet.
Betre konsentrasjon med papir enn skjerm
Når pensum i stor grad har blitt digitalisert, blir det endå meir tid framfor skjermen for mange studentar.
Oterholm seier at det å lese digitalt i seg sjølv skaper distraksjonar fordi ei digital eining rommar så mange andre moglegheiter.
– Du bruker hjernekraft på å velje bort andre ting. Vi veit frå forskinga at det gir dårlegare konsentrasjon å lese på skjerm enn på papir.
– Eg hatar å lese på skjerm! Slik vi bruker skjermane, assosierer vi det med at det skal gå fort. Vi skumles og går ikkje i djupna, seier Arntzen.
– I eit djuplesingsseminar er det lagt til rette for at eg ikkje skal skunde meg gjennom teksta, men tenke ut tankane mine og prøve å få mest mogleg ut av det eg les.
Betre læringsmiljø
Så langt i vinter har det vore to seminar for førsteårsstudentar. Framover er planen å halde seminar annakvar veke.
– Midlane vi har fått frå OsloMet gjer at vi kan fortsette til hausten, bygge meir erfaring og tilby dette til fleire studentar, seier Halvorsen.
Forelesarane meiner seminara bidrar til eit betre læringsmiljø.
– Eg merkar det i undervisninga. Når fleire har lese pensum, er det fleire som deltar i diskusjonar, og det kjem fram fleire perspektiv, seier Oterholm.
I april skal dei ha ein konferanse saman med kollegaer frå UiO, USN og UiS der dei skal utveksle erfaring og innsikt.
– Målet med dette tiltaket er også å utvikle kunnskap og kanskje skrive noko fagleg om det, seier Halvorsen.