Dine digitale verktøy

Nyhetportlet

En person som tar notater fra pensum og fremhever viktige setninger med en rosa markeringstusj.

Dine digitale verktøy

E-post, timeplan (TP), Canvas, Studentweb og Office-pakka. Her finn du informasjon om alle verktøy du har bruk for som student ved OsloMet.

student.oslomet.no

student.oslomet.no finn du informasjon om retningslinjer, reglar, arrangement og livet rundt studiane dine. Om du har semesterregistrert deg når du loggar inn har du også tilgang til timeplanen din, emna dine og programplanen. Frå student.oslomet.no får du også tilgang til dei andre systema du kan lese om under.

E-post

Alle studentar har sin eigen student-e-post. Det er di plikt å sjekke e-posten jamleg. Det kan kome informasjon som angår deg som student, ditt studie eller viktige beskjedar frå universitetet.

Timeplan (TP)

Du finn timeplanen din i Outlook eller når du loggar inn på student.oslomet.no. Du må vere semesterregistrert for å sjå timeplanen.

Canvas

Canvas er læringsplattformen din. Her finn du informasjon relatert til dine emne, og du kan ha kontakt med læraren din eller gruppa di. Du må vere semesterregistrert for å få tilgang til emna dine i Canvas.

Studentweb

I Studentweb skal du semesterregistrere deg og betale semesteravgift. Der får du også informasjon om eksamenane dine.

Hugs at du kan få studentbevis og semesterkort som app på mobilen din.

Office 365

Office 365 gir deg tilgang til gratis Word, Powerpoint og Excel. Du får også tilgang til OneDrive, der du får 1 TB lagringsplass. I Office 365 finn du også student-e-posten din. Synkroniser denne med telefonen din slik at du alltid er oppdatert!