Studieinfo emne MJ4200 2018 HØST
MJ4200 Videojournalistikk Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Video Journalism
- Studieprogram
-
Masterstudium i journalistikk, heltid / Masterstudium i journalistikk, deltid
- Omfang
- 10.0 stp.
- Studieår
- 2018/2019
- Timeplan
- Programplan
-
- Emnehistorikk
-
Innledning
Lite og lett utstyr har ført til at ein har fått videojournalisten (VJ), der ein person både skal vere journalist, videofotograf og redigerer. At ein person skal kunne gjere dette åleine, er både spennande og ei stor utfordring: Ein skal arbeide journalistisk med dei forteljartekniske moglegheitene som ligg i å bruke videokamera, intervju og redigering. Sjangerene VJ-en arbeider innanfor er også i sterk utvikling med nye digitale plattformer, og her ligg mykje spennande forsknings- og utviklingsarbeid innan videojournalistikken.
Forkunnskapskrav
Inga forkunnskapskrav
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- kan analysere VJ-innslag og nyheitsreportasjar for fjernsyn og internett.
- Har avansert kunnskap om dramaturgi og strukturering av innslag for fjernsyn og internett.
- Har inngåande kunnskap om videojournalistiske forteljinga og webkringkasting innan for nye digitale plattformer.
- Har avansert kunnskap om drøfting av VJ-innslag, samt analyse og refleksjon kring korleis desse innslaga kan representerer verkelegheita.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan jobbe sjølvstendig som videojournalist.
- kan filme og redigere VJ-innslag og nyheitsreportasjar for fjernsyn og internett.
- kan gjennomføre gode intervju som videojournalist.
- meistrar forteljarteknikk, bildekomposisjonar og redigeringsteknikkar innan ulike nye digitale plattformer.
- Kan analysere og ha ei kritisk tilnærming til intervjuteknikk, kamerateknikk, billedkomposisjonar og redigeringsteknikkar.
Generell kompetanse
Studenten:
- har avansert kompetanse innan presentasjon både av akademisk og journalistisk materiale.
- kan nytta kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område, også innan videojournalistikken.
- kan nytta journalistiske ferdigheiter gjennom analysearbeid og eigen praksis.
Innhold
Studentane skal få innsikt i:
- forteljartekniske moglegheiter med videokamera og redigering
- praktisk produksjon
- teori til å arbeide journalistisk med videokamera
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar (interne og eksterne), studentdrevne aktivitetar, redaksjonsbesøk, opplæring i kamera og redigeringsprogram, workshops, individuelt arbeid og rettleiing.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Arbeidskravet er sett saman av eit videoinnslag for fjernsyn eller nett (på inntil 5 minutt) laga som videojournalistikk, samt ein metoderapport på ca 5 sider. Dette arbeidet må vere levert og godkjend før studenten kan gå opp til eksamen.
Studenten kan få inntil tre forsøk på å få arbeidskravet godkjend. Dersom studenten ikkje gjennomfører arbeidskravet mister studenten retten til å gå opp til eksamen.
Vurdering og eksamen
Eit videoinnslag for fjernsyn eller nett (på inntil 5 minutt) laga som videojournalistikk og eit refleksjonsnotat på mellom 8-10 sider, i 12 punkt Times New Roman og 1,5 linjeavstand.
Refleksjonsnotatet skal vere knytt til eit aktuelt tema innan videojournalistens arbeid og til videoinnslaget. Karakteren vert sett etter ei samla vurdering.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillatne
Vurderingsuttrykk
Det gis karakter etter ein skala frå A-F, der E er lågaste beståtte karakter.
Sensorordning
Vurderingskommisjonen består av ekstern og intern sensor. Kandidatar som ikkje står til eksamen, kan framstille seg til ny/utsett eksamen.
Opptakskrav
En bachelorgrad eller tilsvarende.
Søkjer må ha karaktersnitt C eller betre i det faglige grunnlaget for opptak, jamfør forskrift om opptak til studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus .
Ver merksam på at det leggjes opp til stor grad av sjølvstendig arbeid med filming og redigering. Det er tilbod om ein kort opplæring i kamera (til utlån) samt redigeringsprogrammet Final Cut X første kursveke.