EPN

LIG6400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan

Engelsk emnenavn
Perspectives on Literature in History
Studieprogram
Årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap - nettstudium
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2020/2021
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag tro tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.

Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskapskrav

Læringsutbytte

Kunnskaper

Studenten

  • har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som litteratursosiologi, formidling og vurdering, lesing og danning 
  • tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
  • ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
  • kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen

Ferdigheter

Studenten

  • kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget. 
  • kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid         
  • har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
  • har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv

Arbeids- og undervisningsformer

Innlevering av obligatoriske oppgåver. Oppgåvene blir retta og kommentert.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

6 innleveringar. Omfanget varierer med tema for oppgåva.

Alle arbeidskrav må vere gjennomført og godkjend innan fastlagt frist før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein eller fleire arbeidskrav ikkje blir godkjente, blir det gitt høve til å kunna levera ein forbetra versjon éin gong innan angitt frist.

Vurdering og eksamen

Vurderingsforma er ei mappeinnlevering. Mappa skal innehalde to av oppgåvene frå arbeidskrava, der kvar av oppgåvene skal vere på ca.6 sider (minus tittelside og litteraturliste). Skrifttype og skriftstorleik: Arial / Calibri 12pkt. Linjeavstand: 1,5.

Studentar som ikkje består ordinær eksamen, må ved ny/utsatt eksamen levere ei omarbeida mappe. Viss mappa framleis ikkje er bestått må det leverast ei heilt ny mappe med nye problemstillingar.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate så lenge reglar for kjeldetilvising følgjast.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F.

Sensorordning

Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 % av oppgåvene sensurerast av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene