Programplaner og emneplaner - Student
JB1400 Flermedial nyhetsjournalistikk 2 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Multimedia News Journalism 2
- Studieprogram
-
Bachelorstudium i journalistikk
- Omfang
- 20.0 stp.
- Studieår
- 2021/2022
- Programplan
- Emnehistorikk
-
Innledning
Mykje av læringa er studentaktiv. Studentane arbeider på følgande måtar:
- Individuell pensumlesing.
- Seminar og forelesingar i plenum.
- Produksjon for nettavis, radio og tv.
- Presentasjon av gruppeprosjekt.
- Individuell og gruppebasert oppgåveløysing med tilbakemelding i grupper.
Forkunnskapskrav
Studentane skal i løpet av emnet gjennomføre fem obligatoriske oppgåver. Formålet med oppgåvene er å gi praktiske og teoretiske øvingar knytte til pensum og undervising for å styrke forståinga av journalistikken som profesjon. Studentane løysar somme av oppgåvene i grupper og andre individuelt. Innhald og tidsfristar for oppgåvene blir kunngjorde gjennom Canvas.
Somme oppgåver er knytte til medierulleringar, der studentane produserer nyheiter for tv, radio og nett. I slike praktisk-journalistiske produksjonar vil omfanget variere ut frå kva medium studenten bruker. Omfanget blir spesifisert i oppgåvetekstane, eller studenten avtaler omfang med faglæraren. Det er òg ei teoretisk oppgåve om retorikk. Denne oppgåva løyser studentane i grupper og presenterer munnleg.
Oppgåvene blir godkjende av faglærarar undervegs i emnet. Studenten må levere alle dei fem oppgåvene ved;den fastlagde fristen, og minst fire av dei må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får oppgåva godkjend på første forsøk, kan levere omarbeidd versjon ein gong.
Det er obligatorisk å delta på rulleringane og oppgåvegjennomgangane. Viss studenten ikkje deltek, blir arbeidskravet underkjent. Vi kan tilpasse kravet ved dokumentert sjukdom eller andre tvingande grunnar. I slike tilfelle kan studenten òg søke faglæraren om utsett frist på einskilde oppgåver. Studentar som ikkje leverer oppgåva innan den fristen han eller ho har fått, mistar retten til å gå opp til eksamen.
Læringsutbytte
Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen som har to delar: ei teoretisk/analytisk, pensumrelatert oppgåve (5-8 sider) og eit av arbeidskrava studenten har gjennomført i løpet av semesteret. I praktisk-journalistiske oppgåver vil omfanget variere ut fra kva medium studenten har brukt.
Eksamenssvaret skal leverast på norsk, då emnet tek for seg norskspråkleg nyheitsjournalistikk. Andre skandinaviske språk kan bli akseptert etter søknad, men berre for den teoretiske/analytiske oppgåva. Innleveringa får ei samla vurdering. Skrifttype: Arial eller Calibri. Storleik: 12 pkt. Linjeavstand: 1,5.
Arbeids- og undervisningsformer
Alle hjelpemiddel er tillatne så lenge studentane følgjer reglane for kjeldetilvising.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Gradert skala A-F
Vurdering og eksamen
Alle eksamenssvara blir vurderte av to sensorar. Eit uttrekk på minst 25 prosent av svara blir i tillegg sensurerte av;ekstern sensor. Karakterene på svara som er vurderte i uttrekket, skal danne grunnlag for å fastsette nivået på resten av eksamenssvara.
Hjelpemidler ved eksamen
Yngve Benestad Hågvar
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F
Sensorordning
Alle eksamenssvara blir vurderte av to sensorar. Eit uttrekk på minst 25 prosent av svara blir i tillegg sensurerte av ekstern sensor. Karakterene på svara som er vurdert i uttrekket skal danne grunnlag for å fastsette nivå på resten av eksamenssvara.
Emneansvarlig
Yngve Benestad Hågvar