EPN-V2

GLSM6200 Assessment and Customized Training in Mathematics and Norwegian Course description

Course name in Norwegian
Vurdering og tilpasset opplæring i matematikk og norsk
Study programme
Development of Elementary Skills in Reading, Writing and Mathematics
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2020/2021
Course history

Introduction

Det faglege innhaldet i emne 2 er delt inn i 5 studiepoeng i norsk og 10 studiepoeng i matematikk.

Required preliminary courses

Opptak til studiet.

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte i faget definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • inngåande undervisningskunnskap om matematikken elevane arbeider med på 1.-4. trinn, særleg addisjon og subtraksjon, geometri og måling
  • kunnskap om sentrale trekk ved elevars utvikling av matematisk kunnskap på ulike alderstrinn både ut frå teori og forsking, mellom anna kunnskap om elevar med spesielle vanskar i faget
  • har kunnskap om lese- og skriveopplæring i ein mangfaldig skule

Ferdigheiter

Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre og vurdere matematikk- og norskundervisning for alle elevar på trinn 1-4 med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • bruke og vurdere kartleggingsprøver, diagnostiske prøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, og kan ut frå resultata tilpasse opplæringa til elevanes ulike behov
  • vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
  • vurdere ulike typar norsk- og matematikkfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
  • kunnskap om kva for utfordringar og moglegheiter skulen står overfor når det gjeld elevar med særskilte behov for tilrettelagt opplæring

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i matematikkfagets rolle innafor andre fag og i samfunnet elles
  • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • forstår samanhengar mellom relevant forsking og moglegheiter i pedagogisk praksis

Course requirements

Retten til å ta eksamen føreset godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar.

Arbeidskrav

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen i emne 2 (første studieår):

  • Skriftleg gruppeoppgåve med munnleg presentasjon om tilpassa opplæring i norsk og matematikk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Omfang om lag 10 sider.
  • Matematikk: Individuell arbeidsmappe. Studentane leverer tre mappearbeid knytt til fagemna i matematikk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Studentane utfører eit av desse mappearbeida i gruppe. Mappene skal leverast til faglærar, som gjev tilbakemelding til studenten. Omfang om lag seks sider kvar. Den munnlege eksamineringa i 2. studieår tar utgangspunkt i arbeidsmappa i matematikk, som inneheld tekstar studentane har arbeidd med i løpet av heile studiet, både 1. og 2. studieår.
  • Norsk: Kunnskapsprøve i nynorsk formverk. Presentasjon med vurdering av læremiddel, munnleg og skriftleg, etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen.

Faglege aktivitetar med krav om deltaking

  • Deltaking på munnleg presentasjon av fleirfagleg gruppeoppgåve og å gje vurdering til ei anna studentgruppe. Det er ikkje høve til fråvær. Det blir gitt ei moglegheit til å gjere arbeidskravet seinare; studenten har sjølv ansvar for å avtale dette med faglærar. Manglande frammøte og deltaking på munnleg framlegg kan føre til at studenten ikkje får avleggje eksamen i emne 2.
  • Deltaking på presentasjon med vurdering av læremiddel. Det er ikkje høve til fråvær. Det blir gitt ei moglegheit til å gjere arbeidskravet seinare; studenten har sjølv ansvar for å avtale dette med faglærar. Manglande frammøte og deltaking på munnlege framlegg kan føre til at studenten ikkje får avleggje eksamen i emne 2.

Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking.

Assessment

Avsluttande vurdering gjennomførast i vårsemestret. Eksamen er ein individuell heimeeksamen over to veker om tilpassa opplæring i norsk og matematikk. Omfanget på oppgåva skal vere på 5000 ord.

Grading scale

None

Examiners

After completing the course, the student should have the following overall learning outcomes defined in terms of knowledge, skills and general competence:

Knowledge

The student

  • has advanced knowledge of strategic management and leadership and specialised insight into strategic management and leadership in the public sector
  • is capable of using knowledge of strategic management and leadership in new areas of the public sector
  • is capable of analysing relevant issues on the basis of strategic management¿s history, traditions, distinctive nature and place in society

Skills

The student is capable of

  • analysing existing theories, methods and interpretations relating to strategy and working independently on practical and theoretical problems of relevance to the public sector
  • analysing and taking a critical approach to different sources of information and using them to structure and formulate arguments in the field of strategic management in the public sector

General competence

The student is capable of

  • carrying out an independent, limited research or development project under supervision and in accordance with applicable research ethical standards