EPN-V2

G1NOR1100 Norsk 1 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 1
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2016/2017
Emnehistorikk
  • Læringsutbytte

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
    • har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
    • har kunnskap om begynnaropplæring i lesing og skriving i ein andrespråkssituasjon
    • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
    • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
    • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
    • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan brukast som støtte i grunnleggjande lese- og skriveopplæring
    • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
    • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
    • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan planlegge, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring i norsk og grunngi faglege val
    • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i den grunnleggande lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk, for elevar som skriv bokmål og elevar som skriv nynorsk
    • kan kartlegge lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
    • kan legge til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
    • kan legge til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium og utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
    • kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel for begynnaropplæring ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
    • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i begynnaropplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
    • kan legge til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
    • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
    • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
    • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
    • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • Innhold

    Grunnleggjande lese- og skriveopplæring

    • Munnleg språkutvikling og språklæring
    • Skolestart: seksåringens språkkompetanse, også i eit andrespråksperspektiv
    • Kartlegging av lese- og skriveferdigheiter
    • Førebygging av lese- og skrivevanskar
    • Vurdering av læremiddel for lese- og skriveopplæring, mellom anna digitale verktøy og læringsressursar

    Litteratur og litterær danning i begynnaropplæringa

    • Rim og regler, dikt for barn
    • Litteratur for ungdom og vaksne som tematiserer barndom og oppvekst

    Språket som system og språket i bruk

    • Grammatisk kunnskap
    • Talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
    • Fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
    • Skriftkompetanse i bokmål og nynorsk
    • Didaktisk kompetanse i to norske skriftspråk
    • Munnleg formidling, til dømes høgtlesing, dramatisering, presentasjon og diskusjon
  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Følgjande arbeidskrav og faglege aktivitetar med krav om deltaking må vere godkjente før studenten kan gå opp til eksamen:

    Arbeidskrav

    Skriftleg gruppearbeid

    • Fleirfagleg oppgåve om begynnaropplæring (skriftleg og munnleg) etter nærare retningslinjer i undervisningsplanane. Skriftleg målform: bokmål.

    Faglege aktivitetar med krav om deltaking

    Deltaking i fleirfagleg periode om begynnaropplæring. Det er krav om deltaking fordi det i denne perioden blir gitt ein fagleg introduksjon som vil vere eit nødvendig grunnlag for det vidare lærarstudiet og læraryrket. Gyldig fråvær kan takast igjen ved oppmøte i undervisninga i ein annan klasse. Dersom det ikkje er mogeleg å ta igjen fråværet ved oppmøte, kan det gjevast ei større, kompensatorisk oppgåve.

    Manglande frammøte og deltaking i obligatorisk undervising i samband med arbeidskrav, og/eller manglande eller ikkje-godkjente arbeidskrav, fører til at studenten ikkje får høve til å gå opp til norskeksamen. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. For å få høve til å ta eksamen blir det kravd minimum 80 prosent deltaking.

    Sjå meir om arbeidskrav og faglege aktivitetar med krav om deltaking i fagplandelen på side 4-5.

  • Vurdering og eksamen

    Eksamen i haustsemesteret

    Individuell skriftleg 6-timars eksamen under tilsyn i språkkunnskap (15 studiepoeng). Målform: bokmål. Det blir nytta intern og ekstern sensor .

    Karakterskala

    Det blir gitt gradert karakter A-F.

    Ny/utsett eksamen

    Ny/utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.

    Pensum

    Oppdatert 9. juni 2016.

    Teoripensum

    Bjarnø, V. et al. (2008). DidIKTikk ¿ Fra digital kompetanse til IKT i praktisk undervisning . Bergen:

    Fagbokforlaget. Tilhøyrande nettstad: http://www.hoppebakken.no/ (Eit utval på 60 s.)

    Couppé, H. (1997). Bokstaver, musikk og bevegelse. Bok 1. Yrkeslitteratur as. (Kap. 1 og 2, 13 s.)*

    Couppé, H. (1997). Bokstaver, musikk og bevegelse. Bok 2. Yrkeslitteratur as. (Undervisningsopplegg, bokstaven S, 10 s.)*

    Engen, L. (2005). Kartlegging av leseferdighet på småskoletrinnet. Om bruk og tolking av

    kartleggingsprøven i lesing for 2.klasse. *I: S. Skjong, (red.): GLSM. Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring . Oslo: Det Norske Samlaget (15 s.)

    Hekneby, G. (2005). Elevens håndskrift. Skriftforming i grunnskolen (kap.1-4).

    Oslo: Universitetsforlaget (70 s.)

    Håland, A. (2005). Leik og læring. Universitetet i Stavanger: Nasjonalt senter for leseopplæring og

    leseforsking (s. 6-27, 40-50) (31 s.)

    Iversen, H. M., Otnes, H. og Solem, M. S. (2011). Grammatikken i bruk. (Kap. 8, s. 183-200 og Oppslagsdel s. 245-305)* Otta:

    Cappelen Damm. (77 s.)

    Kaldestad, P. O. & Knutsen, H. (2006). Diktboka (kap. 1-7). Bergen: Fagbokforlaget. LNU. (129 s.)

    Skjelbred, D. (2014). Elevens tekst. Et utgangspunkt for skriveopplæring. Oslo: Cappelen

    Akademisk Forlag. (Kap. 1-6, 122 s.)

    Solheim, R. og Aasen, A. J. (2011). ¿Rettleidd lesing ¿ ei ramme for den første leseopplæringa.¿ *

    I Norsklæraren ¿ Tidsskrift for språk og litteratur. Nr. 4. 2011. (10 s.)

    Traavik, H. og Jansson, B.K. (red.) (2013). Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7.

    Oslo: Universitetsforlaget (Kap. 1-10 og kap. 12-13; til saman 260 s.)

    Traavik, H. og Jansson, B.K. (red.) (2014). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget (Kap. 6, s.137-148, Kap. 7-9 og kap. 13; til saman 81 s.)

    Tekstar merkte med * blir trykte i eit kompendium.

    Filmar som handlar om nynorskopplæring for bokmålselevar på barnetrinnet frå http://www.skoleipraksis.no/nynorsk/

    Filmar om lese- og skriveopplæring på Lesesenterets nettstad: http://lesesenteret.uis.no/leseopplaering/

    Tekstpensum

    Eit utval tekstar/verk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen.

    Vaksenlitteratur

    To romanar som tematiserer barndom og oppvekst

    Rim og regler, dikt for barn

    Minst 15 dikt av forskjellige forfattarar i tillegg til eit utval rim og regler

    Elevtekstar

    Minst fire elevtekstar, forteljing og sakprosa, skrivne av elevar i grunnskolen. To av desse skal vere mellomspråkstekstar: Tekstar frå elevar som ikkje har norsk som morsmål.

    Læremiddeltekstar

    Minst to lærebok-/læremiddeltekstar

    Læreplan for grunnskolen

    Kunnskapsløftet (LK06) på Utdanningsdirektoratets nettstad: http://www.udir.no/grep

    Oppslagsverk

    Birkeland, T., Risa, G. & Vold, K. B. (2006). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget

    Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

    Faarlund, J. T., Lie, S. & Vannebo, K. I. (1995). Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget.

    Nynorskordbok og bokmålsordbok. Til dømes ordbøkene Lingua frå Kunnskapsforlaget (Nynorsk ordbok t.d. 2012) som har nye ordklassenemningar.

    Seksjonen tar atterhald om endring/revidering i pensumlitteraturen. Dette vil bli gjort i samråd med studentane, og under føresetnad av at studieleiaren godkjenner desse endringane.