EPN

BIB3500 Organisasjonsutvikling, ledelse og markedsføring Emneplan

Engelsk emnenavn
Organizationanl development, leadership and marketing
Studieprogram
Bachelorstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2021/2022
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Leiarfunksjonens rolle vert presentert og diskutert ut frå både teoretiske perspektiv og med døme frå bibliotek og andre og andre informasjons- og kulturformidlande verksemder. Det vert særleg lagt vekt på dei føresetnadene ein leiar har i kunnskapsorganisasjonar, mindre avdelingar og prosjekt. Døme på situasjonar og utfordringar i leiararbeidet som leiartrekk, -ferdigheiter og -atferd, kommunikasjon, samarbeid og konflikthandtering, leiarrolla og leiing som samspel og teambygging vert presentert og vurdert. I emnet diskuterer vi òg bibliotekleiarens mange konkurrerande roller, som leiar, profesjonsutøver og samfunnsaktør. Med utgangspunkt i organisasjonsteori vil studentane få eit innblikk korleis ein kan leggje til rette for  endrings- og utviklingsprosessar. Emnet gir grunnleggande kunnskapar om korleis økonomiske, politiske og regulative rammer, mål og visjonar og omgjevnader påverkar bibliotekets organisasjon og tilsette. Institusjonane inngår gjerne i nettverk med andre institusjonar og kandidatane må difor kunne jobbe med nettverksbygging, utretta verksemd og profilering og marknadsføring. Viktige verktøy for å planlegge korleis biblioteka si rolle kan bli realisert og tenester og ressursar evaluert vil òg vere tema i faget.

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskapskrav.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i problemstillingar knytt til leiing (inkludert teamleiing og prosjektleiing), administrasjon og endringsprosessar
  • har innsikt i biblioteka sine tekniske og institusjonelle omgjevnader
  • har innsikt i korleis økonomiske, politiske og regulative rammer påverkar biblioteka
  • har kjennskap til korleis kultur påverkar organisasjonen
  • kjenner til prinsipp for lærande organisasjonar
  • har innsikt i personalarbeid og korleis ivareta mangfald på arbeidsplassen
  • har innsikt i prinsipp for marknadsføring og merkevarebygging
  • har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere samspel mellom leiing og leiarstil
  • kan diskutere og reflektere over korleis tekniske og institusjonelle omgjevnader påverkar bibliotekets verksemd og tenester
  • kan reflektere kritisk over korleis kultur påverkar organisasjonsprosessar
  • kan vurdere marknadsføringstiltak og om desse når brukaren
  • kan reflektere over hvordan man kan legge til rette for læring og kompetanseutvikling
  • kan formulere ein prosjektsøknad
  • kan ta i bruk ulike styringsdata som verktøy i organisasjonsutvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjon og leiing i eit bibliotekperspektiv
  • kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg
  • kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, presentasjon og sjølvstudium.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Emnet har to arbeidskrav i grupper (tre til fem studentar).:

  1. Presententasjon av eit pensumrelatert tema munnleg for medstudentane og faglærarane. Kvar gruppe skal gje tilbakemelding på to av presentasjonane.
  2. Skriftleg prosjektarbeid knytt til eit gitt tema i faget (ca. 2-3 sider + vedlegg)

Arbeidskrav skal være gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentane få høve til å levere ein ny versjon.

Vurdering og eksamen

Individuell skriftlig tredagers heimeksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på 13000-18000 tegn med mellomrom (skrifttype og skriftstørrelse: Arial/ Calibri 12pkt. Linjeavstand: 1,5).

Hjelpemidler ved eksamen

 Alle hjelpemiddel er tillatte så lenge reglar for kjeldetilvisning blir følgde.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F

Sensorordning

Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 prosent av oppgåvene vert sensurert av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene.