Studieinfo emne BIB3000 2020 HØST
BIB3000 Bibliotekutvikling Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Library Development
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2020/2021
- Emnehistorikk
-
Innledning
Innhaldet i emnet er knytt til biblioteka si rolle både i samfunnet og i organisasjon/verksemda dei opererer innan. Vi ser på kva rammer som påverkar biblioteka, korleis biblioteka si rolle kan bli realisert, og korleis evaluering av bibliotekverksemda kan bli brukt i tenesteutvikling.
Forkunnskapskrav
BIBPRAK2, BIB2000, BIB2100, BIB2201, BIB2300
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
har innsikt i biblioteka sine tekniske og institusjonelle omgjevnader
har kunnskap om biblioteket si rolle som offentleg stad og møteplass i samfunnet
har innblikk i teoriar og prinsipp for utvikling av fysiske og digitale samlingar
har innblikk i metodar og verktøy knytt til leiing, administrasjon, og marknadsføring
har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling
kjenner arbeidsformer som bygger på kunnskapsbasert praksis og metode
Ferdigheter
Studenten
kan diskutere og reflektere kritisk over biblioteket si rolle og samfunnsoppdrag
kan vidareutvikle biblioteka sine tenester og samlingar
kan anvende forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjonsformar
Generell kompetanse
Studenten
kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid
kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg
Innhold
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, studiebesøk, diskusjonar, gruppearbeid, presentasjon og sjølvstudium.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Det er knytt to arbeidskrav i emnet:
Presentere eit pensumrelatert tema munnleg for medstudentane og faglærarane. Kvar gruppe skal gje tilbakemelding på to av presentasjonane.
Skriftleg prosjektarbeid knytt til eit gitt tema i faget.
Prosjektarbeid og presentasjon blir utført i grupper (tre til fem studentar). Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.
Arbeidskrav skal være gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærer før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentene få høve til å levere ein ny versjon.
Vurdering og eksamen
Vurderingsforma er ein skriftleg, individuell 6-timars eksamen.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F.
Sensorordning
Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 prosent av oppgåvene vert sensurert av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene.
Emneansvarlig
Idunn Bøyum