EPN-V2

BIB1400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan

Engelsk emnenavn
Perspectives on Literature in History
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2018/2019
Emnehistorikk
  • Innledning

    Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag to tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.

    Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.

  • Forkunnskapskrav

    Ingen forkunnskapskrav.

  • Læringsutbytte

    Kunnskapar

    Studenten

    • har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som kommunikasjon, formidling, teori, praksis, lesing og danning
    • tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
    • ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
    • kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget.
    • kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid
    • har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
    • har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv
  • Arbeids- og undervisningsformer

    Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar, arbeid i seminar og kollokviegrupper. I emnet inngår eit utstillingsseminar.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Studentane skal lage ei bokutstilling og skrive ei refleksjonsoppgåve knytt til denne. Studentane skal også skrive ein fagtekst. Omfanget varierer med oppgåva sitt tema. Arbeidskrava skal vere gjennomførde innan fastsett tid, og godkjente av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. I samband med skriveveka skal studentane skrive ein formidlande tekst retta mot eit allment publikum.

  • Vurdering og eksamen

    Eksamen er ein fire timars skriftleg skuleeksamen.

    Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsatt eksamen.

  • Hjelpemidler ved eksamen

    Ingen hjelpemiddel tillate

  • Vurderingsuttrykk

    Vurderingsuttrykket er ein gradert skala med fem trinn frå A til E.

  • Sensorordning

    25 % blir trukke ut til ekstern vurdering.