Velkommen til OsloMet og vidareutdanning i Strategisk ledelse av digitale prosesser og KI. Nedanfor kjem praktisk informasjon om det å vere student ved OsloMet – storbyuniversitetet.
Digital undervisning
Studiet vart tilboden som nettstudium. Lenkje til samlingane blir lagt ut i Canvas. Meir informasjon kjem også i timeplanen øvst på denne sida rundt 1. juni.
Hugs å takke ja til studieplass
Du må svare på tilbodet om studieplass innan fristen. Det gjer du i nettsøknaden i Søknadsweb (fsweb.no). Dersom du har takka ja til studieplass, men likevel ikkje skal ha plassen, send ein e-post til sam-evo@oslomet.no.
Samlingar haust 2026
Vi legg inn planlagde datoar så snart det er klart
Alt om studiestart
Sjå OsloMet si samleside om studiestart. Der finn du ei sjekkliste for studiestart, svar på ofte stilte spørsmål og nyttig informasjon til deg som ny student. (Merk at oppstart for dykk som tek etter- og vidareutdanningar er seinare enn 11. august. Sjå timeplanen.)
Tilgang til system og verktøy
OsloMet opprettar ein brukarkonto til deg, og du får ein e-post frå oss om kva du må gjere for å aktivere kontoen og få tilgang til system og verktøy du treng. Dette får du automatisk i løpet av vekene før studiestart.
Bruk appen Mine studier for å få ei samla oversikt over timeplanen din, emna dine, sjekkliste ved semesterstart og varslingar. I tillegg kan du lage personlege snarvegar til verktøy og tenester som du treng i studiekvardagen din.
Semesterregistrering
Semesterregistrering gjer du i Studentweb: Logg inn med brukarnamn og passord, fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode (4 siffer), eller via ID-porten. Sjekk om kontaktinformasjonen er korrekt (adresse, tlf., e-post).
Canvas
OsloMet brukar Canvas som læringsplattform. Canvas er ei nettbasert teneste for læring, undervising og samarbeid. For å få tilgjenge til emna dine i Canvas må du ha aktivert brukarkontoen din og semesterregistrert deg.
Bruk OsloMet-brukarnamnet ditt og passord for å logge inn. Av tekniske årsaker kan det gå inntil eit døgn før du kan logge deg inn i Canvas etter å ha aktivert brukarkontoen din. Eit tips er å bruke Canvas-appen.
Anna
Samarbeid med NITO
Studiet blir arrrangert i samarbeid med NITO. Se Strategisk ledelse av digitale prosesser og KI
Tilrettelegging av eksamen
Dersom det er spesielle behov for tilrettelegging av eksamen, er søknadsfrist for dette 1. februar for våren og 1. september for hausten. Merk at søknad også krev utsegn frå legen.
Meir info på student.oslomet under eksamen.
Spørsmål?
Ved spørsmål bruk e-post sam-evo@oslomet.no