Nyheter - Student

Nyhetportlet

Bilde av hand som held ein iPhone som viser det nye designet på student.oslomet.no.

Velkomen til dei nye studentsidene!

I dag fekk både ansatt.oslomet.no og student.oslomet.no ei etterlengta oppfrisking. Nytt design og oppgradert publiseringssystem er på plass.

Innhaldsløft på veg

Innhald vil også få eit løft. Student.oslomet.no er først ut, og arbeidet er allereie i gang. Etter at studentsidene er fullført står ansatt.oslomet.no for tur. Målet er at alle tilsette, studentar og andre som er inne på sidene våre skal enkelt finne fram til god, brukarretta informasjon.

Spørsmål og svar

Vi veit at det ofte kjem spørsmål i farvatnet av større endringar, og har difor prøvd å svare på dei mest stilte spørsmåla her:

Kvifor har de endra designet?

Publiseringssystemet som blir nytta til både ansatt- og studentsidene måtte oppgraderast av sikkerheitsmessige årsaker. Fordi designet uansett måtte implementerast på nytt, bestemte vi oss for å legge om til eit design som er meir lik oslomet.no og som dermed følgjer vår grafiske profil.

Ein anna viktig grunn er også at vi ønskjer at nettsidene våre skal vere universelt utforma og tilgjengeleg for alle – uavhengig av funksjonsevne.

Eg syns ikkje så mykje om den oransje fargen som er brukt. Kvifor har de brukt akkurat den fargen?

Vi må følgje OsloMet sine grafiske profil. For at sidene skulle skilje seg frå oslomet.no, kunne vi ikkje bruke gul som hovudfarge. Av dei resterande fargane var det oransje som var best, i henhold til krav som logobruk og universell utforming. Vi syns også at den er fin!

Eg vil inn på den engelske versjonen av sida. Korleis gjer eg det?

Klikk på "EN" i den oransje menylinja, då kjem du direkte til den engelske versjonen av sida du står på. På mobil kan du klikke eg inn i meny og velge "English version". Du kan også trykke på "Engelsk side" i den oransje "footeren" som ligg helt i botnen av alle sidene, men då vil du bli sendt til framsida. Når du står på dei engelske sidene kan du gjere det same; Klikk på "NO" i menyen eller "Norwegian site" i footeren.

Eg vil inn på mi personlige side. Korleis finn eg den?

Når du loggar inn kjem du direkte inn på sida di. Om du vil inn på sida di seinare kan du finne den ved å klikke på menyen og deretter klikke på navnet ditt.

Eg saknar høgremargen. Kor er den blitt av?

Vi har ikkje lenger høgremarg på våre sider. Vi ønskjer å brukarrette informasjonen vår ytterlegare, og det gjer vi ved å ha all informasjon i ei kolonne. Den viktigaste informasjonen skal komme først, slik at brukarane våre forhåpentlegvis ikkje skal ha behov for å kontakte oss for å finne svar. Difor ligg alt som før låg i høgremargen nedst på sida.

Eg syns nokre av sidene ser rare ut. Dei har titlar med ugunstige størrelsar og store kvite mellomrom. Kvifor det?

Dette er ein del av arbeidet med det store løftet vi skal gjennom dei neste vekene. Tida før jul kjem til å bli brukt til eit universelt utformingsløft. Det betyr for eksempel endring på størrelsar på mellomtitlar, gode lenketekstar, alternativ tekst til alle bilete, med meir. Vi veit at nokre av sidene per dags dato ser «rare» ut, men vi er på saken!

Må eg gjere endringar på bokmerka i nettlesaren min?

Nei, det treng du ikkje. Denne oppgraderinga er først og fremst ei oppgradering av publiseringssystemet (som berre er synleg for dei som jobbar med publisering) og oppgradering av design. Det betyr at alt ligg på same lenke som før. Vi har ikkje endra informasjon, anna enn å ha retta feil.

Eg har samla opp mange lenker i verktøya på «Min side». Er dei der endå?

Ja, dei er med. 

Er det gjort endringar i innhaldet?

Nei, ikkje i forbindelse med designoppgraderinga. Men, vi er i gang med ein gjennomgang av innhald som ligg på student.oslomet.no. I første omgang vil alt som ligg ute på student.oslomet.no bli gjennomgått for å sikre god, forståeleg informasjon. Deretter skal vi justere menyar og framsider. Det gjer vi etter at vi har brukartesta og funne ut kva brukarane våre vil finne når dei er inne på student.oslomet.no. Etter at student.oslomet.no er ferdig, går vi i gang med ansatt.oslomet.no.

Eg har funne feil på ei side. Kor kan eg melde frå om det?

Du kan sende inn feilmelding til vårt feilmeldingsskjema (nettskjema.no).

Vi jobbar kontinuerleg med feilretting, spesielt dei første månaden etter oppgradering. Vi veit at nokre sider vil sjå mindre optimale ut ein periode, men vi jobbar med å forbetre det.

Vi strebar etter å ha ei god, oversiktleg og universelt utforma nettside som er tilgjengeleg for alle. Vi veit likevel at no i starten vil det vere nokre sider som ikkje er like bra som vi ønskjer. Vi vil difor bruke dei neste vekene på å rette feil og gjere endringar på sider som har behov for det. 

For spørsmål eller melding om feil, bruk vårt nettskjema (nettskjema.no).