Nyheter - Student

Nyhetportlet

En hånd holder en mobiltelefon som viser nytt design på nettsider for studenter

Oppgradering og nytt design på student.oslomet.no

I månadsskiftet november-desember får student.oslomet.no eit splitter nytt design.

Vi ønskjer å gjere nettsidene våre både enkle å finne fram på og tilgjengeleg for alle. Difor lanserer vi no eit heilt nytt design på nettsidene våre, eit design som både går hand i hand med OsloMet sin grafiske profil og som er universelt utforma.

Tilgjengeleg for alle

Universell utforming er viktig for at nettsidene våre skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne. Slik som at vi for eksempel har rullestoltilgang i våre bygg, vil vi også passe på at nettsidene våre er tilgjengeleg for dei som har nedsett funksjonsevne.

Innhaldsløft

Den store skilnaden for deg som brukar vil først og fremst vere utsjånaden. Innhaldet er framleis det same, ligg på same nettadresse og vil ikkje føre til brutte lenker. Dei lenkene du sjølv har lagt opp på di innlogga side vil også vere med vidare.

Men, innhaldet treng også eit løft. Slutten av 2020 og fyrste halvdel av 2021 vil bli brukt til å gå gjennom innhald, strukturar og meny, nettopp for å gjere det enklare for deg å finne fram.

Fyrste vekene etter oppgradering kan det hende du snublar over feil her og der, men frykt ikkje; vi er på saken!