Programplanen byggjer på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskolelærarutdanninga trinn 1 – 7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskolelærarutdanning for trinn 1 – 7 ved OsloMet – storbyuniversitet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.
Norsk er eit obligatorisk fag i grunnskolelærarutdanninga for 1. – 7. trinn. Norsk 1-studiet skal gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Studiet skal gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen. Dei skal kunne nytte ulike arbeidsmåtar som passar frå første til og med sjuande trinn. Arbeidet med norskfaget skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Eit overordna mål for studiet er å gje lærarar på barnetrinnet ei god forståing av norskfaget slik det no er utforma i det nye læreplanverket og gjere dei i stand til å implementere den nye læreplanen i norskundervisninga på sin arbeidsplass. Fagplanen i norsk vil bli analysert og sett i lys av verdiar og prinsipp i overordna del med fokus på fagets hovudintensjonar. Arbeid med kjerneelement i faget vil vere sentralt, og undervisninga vil dekkje temaa tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst, munnleg kommunikasjon, skriftleg tekstskaping, språket som system og moglegheit samt språkleg mangfald.
Kursinnholdet vil være basert på ny, forskingsbasert kunnskap om norskundervisning. I begge emne vil det vere arbeidsoppgåver (arbeidskrav) mellom samlingane knytt til fagleg refleksjon, praksiserfaringar og kunnskapsdeling på eigen skole. Fagdidaktiske problemstillingar er ein viktig del av studiet, som det å bruke og drøfte ulike læringsmiljø, undervisningsmetodar, hjelpemiddel og lærebøker. I tråd med innhaldet i det nye læreplanverket legg studiet vekt på kunnskap om bruk av estetiske arbeidsformer, utforskande tilnærmingar og bruk av digitale verktøy. tema?
I emne 1 er hovudområda grunnleggande skrive- og leseopplæring og språket som system og mogelegheit. Sentrale emne er barns språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, grammatikken i bruk og andrespråklæring. I tillegg lærer studenten om praktisk arbeid med lyrikk i skolen og får auka kompetanse i å vurdere elevtekstar og elevars skriveutvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget. Dette blir vidareutvikla og utdjupa i emne 2. Kunnskap om og praktisk bruk av digitale arbeidsmåter i begynnaropplæringa blir òg vektlagt.
I emne 2 er hovudområda vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, munnleg kommunikasjon, litteratur og litterær danning. Studentane skal få kunnskap og ferdigheiter til å vidareutvikle elevane sine lese- og skriveferdigheiter, munnlege ferdigheiter og skapande skriving. Studentane vil få brei innsikt i korleis arbeid med barnelitteratur og sakprosa kan engasjere barn og unge og bidra til identitetsutvikling. Studentane vil også få kunnskap om nyare forsking på lesing, samtale og estetiske arbeidsmåtar knytt til tverrfaglege tema som livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling.
Hovudfokus vil vere didaktisk arbeid med nyare litteratur, men studentane vil også arbeide med eldre tekster. Det er ei utvida tekstforståing som ligger til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med bildebøker, romanar, noveller, filmatiserte og digitaliserte tekstar samt forteljingar frå fortid og notid på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk og andre språk. Emnet vil også innehalde studium av og bruk av sakprosatekstar i undervisning, samt arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving knytt til dette.
Norsk 1 trinn 1 – 7 er eit studietilbod i regi av lærarutdanninga sin etterutdannings- og oppdragsverksemd, og blir tilbydd som del av vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet – strategi for vidareutdanning av lærarar.
Optional course
Spans multiple semesters