Programplaner og emneplaner - Student
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn Programplan
- Engelsk programnavn
- Teacher Education 5.-10. grade
- Gjelder fra
- 2025 HØST
- Studiepoeng
- 240 studiepoeng
- Varighet
- 8 semestre
- Timeplan
- Her finner du et eksempel på timeplan for førsteårsstudenter.
- Programhistorikk
-
Innledning
Programplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskolelærarutdanninga for trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016.
Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) utdannar dyktige lærarar til norsk skule. I løpet av grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10 skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å handsame heile mennesket gjennom undervisninga og læringa i faga. Studentane vil gjennom den integrerte, profesjonsnære, forskingsbaserte og utviklingsorienterte grunnskulelærarutdanninga utvikle solid kunnskap i fag, fagdidaktikk, pedagogikk, og solide ferdigheiter i å undervise i faga, leie ein klasse og fylle rolla som kontaktlærar.
Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 er ei femårig integrert masterutdanning (300 studiepoeng) som kvalifiserer for tilsetting i undervisningsstillingar i grunnskulen på 5.-10. trinn. Utdanninga legg vekt på både fagleg spesialisering og fordjuping, samt breiddekunnskap i fag.
I alle fag i utdanninga blir det lagt på å utvikle profesjonsrelevant digital kompetanse og ferdigheiter i bruk av estetiske arbeidsformer og ein fleirfagleg og mangfaldig dimensjon vil vere eit gjennomgåande trekk. Dei grunnleggande ferdigheitene har ein sentral plass i alle fag utdanninga i, og studentane utviklar kompetansen innan forsking og utvikling (FoU) gradvis fram mot ei praksisretta masteroppgåve i utdanninga.
Blant anna i arbeidet med psykososialt læringsmiljø møter studentane studentar frå andre profesjonsutdanningar ved HiOA, som barnevernspedagogutdanninga, helsesøsterutdanninga og barnehagelærarutdanninga, for å lære om andre profesjonar og samtidig bli meir bevisst sin eigen. Gjennom slike møte opparbeider dei ein tverrprofesjonell kompetanse.
Målgruppe
Målgruppa for studiet er personar som ønsker å arbeide som grunnskulelærarar på 5.-10. trinn.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Minst snittkarakter 3 i norsk (hovudmål, sidemål og munnleg).
- Minst snittkarakter 4 i matematikk (kan erstattast av bestått fag på høgare nivå frå vidaregåande skule).
- Minst 35 skulepoeng.
Det er ikkje mogleg å søke opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse.
Læringsutbytte
Grunnskulelærarutdanninga skal kvalifisere lærarar til å utøve eit krevjande og komplekst yrke i eit samfunn som er prega av mangfald og endring. Ein må sjå læringsutbyttet i samanheng med innhaldet og arbeidsmåtane i faga. Kandidaten skal etter fullført grunnskulelærarutdanning ha læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse, som fundament for arbeid i skulen og vidare kompetanse- og profesjonsutvikling (jf. § 2 «Læringsutbytte» i forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10):
Kunnskap
Kandidaten
- har avansert kunnskap anten i eit valt undervisningsfag og didaktikken i faget eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
- har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
- har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, samt vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
- har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnetrinn til ungdomssteg og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
- har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læring og kva som fremmar læring i faga
- har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unges utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
- har kunnskap om barn og unge i vanskelige livssituasjonar, inkludert kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og unges rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv,
- har brei kunnskap om lærarprofesjonen, eigenarten og historia til faga, og forståing av organisasjonen skulen og utviklinga av denne, mandatet til og verdigrunnlaget i skulen, og den plassen skulen har i samfunnet
Ferdigheter
Kandidaten
- kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
- kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
- kan setje i verk tidleg innsats og sikre progresjon hos elevane i arbeid med grunnleggjande ferdigheter og fag
- kan skape inkluderande og helsefremmande læringsmiljø som bidreg til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
- kan analysere, vurdere og dokumentere læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til dei føresetnadene og behova elevane har, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
- kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
- kan analysere og vere kritisk til nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerlig utvikling av praksis, både i kollektivet på skulen og på eigenhand, samt gjennomføre avgrensa forskingsprosjekter under rettleiing
- kan identifisere teikn på mobbing, vald og seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak, og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv i arbeidet på skulen, bidra til forståing av samanes status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
- kan initiere og ivareta eit godt skule-heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar relevante for skuleverksemda
- beherskar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, og har profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skulen
- kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skuleverksemda og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennom heile studiet blir det lagt opp til varierte arbeidsformer med studentaktive arbeidsmetodar, avhengig av tema og studieoppgåver. Det krev at studentane deltar i seminargrupper der ein løyser oppgåver både saman med andre og individuelt. Arbeidsformene vil også variere frå fag til fag. Eksempel på dette er rollespel og kasusarbeid i pedagogikk og elevkunnskap, rekneverkstader i matematikk, øvingar i munnleg formidling i norsk, strukturelle filosofiske samtaler i KRLE, «Tren tanken» i samfunnsfag, ekskursjonar i kroppsøving, praktiske forsøk i naturfag, skapande arbeid i musikk og mykje meir. Digitale læringsressursar er integrert i alle fag.
Praksisstudier
Praksis er nærare beskrive i fagplan for praksis for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.
Praksisopplæringa består av 110 dagar rettleidd, variert og vurdert praksis. Alle dagane er lagt til 5.-10. trinn i grunnskulen, men fem av dagane kan leggast til den vidaregåande skulen etter nærare retningslinjer. Tidleg i studiet kjem fem dagar observasjon av lærararbeid i og utanfor klasserommet.
Det skal vere eit integrert forhold mellom studiefaga og praksisstudiet. Studentane skal få erfaringar med studiefaga i praksis og under og etter praksis reflektere over samanhengar mellom praksiserfaringar og teoristudium i studiefaga. Dette krev eit nært og tett samarbeid mellom studentar, faglærarane, praksislæraren og leiinga på praksisskulen. For å få til eit slikt samarbeid vil det bli gjennomført felles møter i samband med førebuingar og oppsummering av praksis.
Praksisopplæringa er fordelt med 80 dagar på syklus 1 og 30 dagar på syklus 2. I syklus 1 er det lagt vekt på utvikling av ferdigheiter, sosialisering til lærarprofesjonen, samt undervisningskunnskap i studiefaga. I syklus 2 er det lagt vekt på å gi studentane meir inngåande kunnskap om læringsprosesser, barn- og unges utvikling og forskings- og utviklingsarbeid i skulen, samt at det blir lagt til rette for utvikling av endringskompetansen til studentane.
Praksis er ein arena der det blir lagt til rette for læring gjennom øvingssituasjonar og rettleiing. Første året skal studenten i samarbeid med medstudentar planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med rettleiing frå praksislæraren og faglærarane. Vidare i studiet vil studenten få eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Innhaldet i praksis er beskrive i ein eigen fagplan for praksis i tillegg til at det er utarbeidd vurderingsrapport for kvart studieår. Vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga, praksislærar og rektor. Det er praksislærar som set karakteren bestått/ikkje bestått. Praksisutvalet annullerer eller stadfestar karakteren ikkje bestått. Praksis er også omtala i fagplanane til kvart enkelt fag.
Profesjonstemaa konkretiserer progresjonen i opplæringa og knyter opp mot dei studiefaga studenten tar dei ulike åra
Internasjonalisering
Det fleirkulturelle og internasjonale perspektivet er forankra i alle fag og alt lærararbeid i lærarutdanninga. Utdanninga førebur studenten på det internasjonale og fleirkulturelle læringsmiljøet som ventar i praksisperiodane og i framtidig yrke som lærar blant anna gjennom bruk av relevant og komparativ internasjonal forsking, faglitteratur og nettressursar.
Det blir lagt til rette for at delar av utdanninga kan takast i utlandet gjennom dei internasjonale avtalane lærarutdanninga har etablert. Dette gjeld både fagstudium og praksisopphald. 6. semester er spesielt tilrettelagt for utvekslingar, men det er også mogleg andre semestre avhengig av eige fagval. Det 6. semesteret, det internasjonale semesteret, er ikkje bare lagt opp med tanke på utveksling, men også med internasjonalt perspektiv for studentar som studerer heime. Det fagovergripande temaet dette semesteret er internasjonal utdanning. Læringsarbeidet på campus nyttar den ressursen internasjonale studentar og dei utanlandske forelesarane som lærarane våre samhandlar med, innehar. Det vil også bli trekt vekslar på kompetansen til internasjonale organisasjonar som Redd Barna og Røde Kors. Pensum i alle fag inneheld oppdatert litteratur på engelsk. Det er i løpet av studiet mogleg å velje engelskspråklege emne der interne studentar møter internasjonale studentar. Den internasjonale dimensjonen blir tillagt auka vekt gjennom utdanningsløpet. I kvar fagplan er det beskrive korleis dei ulike studiefaga arbeider med internasjonalisering.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Arbeidskrav skal vere levert/utført innan fastsette fristar. Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med den aktuelle læraren.
Arbeidskrav skal vurderast til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til to nye innleveringar/forsøk. Studenten må da sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglæraren. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.
Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte fag- og emneplanen.
Krav om deltaking
Krav om deltaking er nedfelt i den enkelte fag- og emneplanen og i plan for praksis. Det kan også vere krav om deltaking knytt til fagovergripande periodar. Disse blir konkretisert i årsplanen for studieåret som er klar ved byrjinga av studieåret.
Vurdering og sensur
Bachelorprogrammet henvender seg til studenter som er interessert i tverrfaglig samfunnsvitenskap med vekt på utviklingsproblemer og Nord-Sør-forhold.
Øvrig informasjon
Læringsmiljø og studieinnsats
Femårig grunnskulelærarutdanning er eit fulltidsstudium som kvalifiserer for kyndig yrkesutøving. Gode læringsprosessar er den beste motivasjonen til innsats. Tiltak som utdanninga vil satse spesielt på for å sikre ein høg studieinnsats:
- Relevant undervisning som er kopla til for- og etterarbeidet til studentane, aleine og i grupper.
- Vurderingsordningar og vurderingskriterium er tydeleg relevante for framtidig yrke og knytt til jamt arbeid gjennom semesteret.
- Det blir lagt til rette for jamn arbeidsbelastning gjennom semesteret, blant anna ved at arbeidskrav og andre oppgåver er tilgjengelege i god tid.
- Studiemiljøet blir jamleg evaluert, og tiltak vurderte og følgde opp.
- Studentane blir årleg kalla inn til ein kontaktlærarsamtale.
- Studentane vel ved starten av kvart studieår representantar til fagutval for faga. Fagutvala møter faglærarar og studieleiar med jamne mellomrom.
- Fagutvala, studieevalueringane og kontaktlærarsamtalane er viktige element i kvalitetssikringssystemet på høgskulen.
Progresjonskrav i studiet
For å kunne starte i tredje studieåret må studenten ha bestått minst 90 studiepoeng frå dei to første studieåra i utdanninga. Alle eksamenane frå det første studieåret må være bestått. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i andre studieåret.
For å kunne starte i fjerde studieåret må alle eksamenane til og med femte semester være bestått. Kravet må vere oppfylt seinast ved utløpet av ordinær eksamen i vårsemesteret i tredje studieåret.
I tredje studieåret skal studentane skrive ei profesjonsretta FoU-oppgåve i kombinasjon mellom eit undervisningsfag og faget pedagogikk og elevkunnskap. Oppgåva må vere bestått før studentane kan begynne på masteroppgåva.
Bestemmelser med omsyn til bestått praksis
Progresjonskrav
Praksisopplæringa i første studieår må vere bestått før studenten kan fortsette i andre studieår. Tilsvarande krav gjeld for alle studieår i syklus 1. Praksis tredje år syklus1 må vere bestått før studenten kan fortsette på syklus 2.
Antall forsøk bestå praksis
Dersom praksisstudiet ikkje er bestått og det er brukt to forsøk, må normalt studiet avbrytes, (jf. forskrift om studiar og eksamen ved Høgskolen i Oslo og Akershus § 8-4).
Å vere skikka
Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentane er skikka for læraryrket. Løpande vurdering går føre seg gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av dei faglege og personlege føresetnadene for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ei mogleg fare for elevars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser manglande evne til å meistre læraryrket, skal så tidlig som mogleg i utdanninga bli informert om dette. Dei skal eventuelt få råd og rettleiing slik at dei kan forbetre seg, eller få råd om å avslutte utdanninga. Konkrete vedtak om studenten er skikka som lærar, kan fattast gjennom heile studiet.