EPN

Emneplan forPHUV9390 Hermeneutikk og humanistisk forsking

Engelsk emnenavn
Hermeneutics and Humanistic Research
Studieprogram
Høst: Ph.d.-studium i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Vår: Ph.d.-studium i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Omfang
5 stp.
Studieår
2020
Emnehistorikk

Innledning

Godkjent av doktorgradsutvalet 28.03.2019. Redaksjonell endring 27.04.2020.

Dette ph.d.-emnet fokuserer på hermeneutikk og humanistisk forsking i profesjonsfeltet. I emnet blir det humanistiske feltet brukt som innfallsvinkel til det å tolke som ei vesentleg side ved einkvar vitskapleg praksis. Hermeneutikken står sentralt med sine spørsmål om korleis mennesket tolkar og bringer meining i verda. Kurset gir både praktisk trening i fortolking og teoretisk innsikt i hermeneutikk som forskingsmetode. Vi undersøkjer korleis tolking og andre filologiske arbeidsmåtar er fruktbart for det profesjonsfaglege feltet og for profesjonsutøvinga til den einskilde. I den samanhengen står spørsmåla om ulike kunnskapsformer og kva for kunnskap forskaren tek i bruk i humanistisk vitskapleg arbeid sentralt. Vidare vil filosofi og språkvitskap også stå sentralt i emnet, og det vil vere opning for andre perspektiv innanfor humanistisk forsking som til dømes historie og pedagogikk.

Emnet kan inngå som del av opplæringsdelen av ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Læringsutbytte

Emnet vil fremje erkjenning, fortolking og refleksjon kring fortolkingsmetodologi, eigen forskingspraksis og kva humanistisk forsking kan ha å seie for profesjonsutøvinga. Når emnet er gjennomført vil deltakarane ha betre kjennskap til filologiske arbeidsmåtar i eigen forskingspraksis og kva humanistisk forsking kan bidra med i utdanningsvitskaplege samanhengar.

Deltakaren skal etter avslutta emne ha avansert kunnskap om:

  • hermeneutikk og humanistisk forsking

Deltakaren skal etter avslutta emne ha fordjupa evne til:

  • lesing og tolking som handverk – hermeneutikk som metode

  • sensibilitet og forståing i møte med kjelder

  • skriving som handverk - argumentasjonslære og tekstkjennskap

  • samanlikning som metodisk grep - komparasjon

  • å nytte multimodale kommunikasjonskanalar i eige fortolkingsarbeid

Deltakaren skal etter avslutta emne ha generell kompetanse til å:

  • kunne reflektere over det å utføre humanistisk forsking

  • kunne handtere førforståing, kjelder, spørsmålsstilling, dømmekraft og grunnteoriar for humanistisk forsking i praksis

  • kunne drøfte korleis humanistisk forsking kan vere fruktbar for profesjonsutøving

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bestå av førelesingar, eksplorerande arbeidsmetodar, tekstnær fortolkning og deltakeraktive læringsformer der både kurshaldar og deltakarar er aktive saman.

Emnet vil bli gjennomført over fire dagar med omlag ein månad mellom kvar kursdag. Det vil bli gitt tilbod til deltakarane om å sende inn skriftleg arbeid i forkant av kvar kursdag slik at kurshaldar kan gje tilbakemeldingar på arbeidet.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

  1. Kvar enkelt deltakar skal lage ein podkast/lydfil på minimum sju minutt med utgangspunkt i innhaldet i kurset. Podkasten skal innehalde ein samtale mellom kandidat og ein annan person. Deltakaren veljer sjølv tema, form og presentasjonsspråk for denne publikasjonen. Podkasten vil gi kandidaten høve til dialog omkring sentrale tema i kurset og vise eiga evne til spørsmålstilling, forståing og tolking av teoretiske kjelder. Hensikta er å vise evne til å bruke ein multomodal kommunikasjonkanal i eige fortolkingsarbeid.

  2. Kandidatane skal levere eit utkast til essay seinast tre veker før endelig eksamensdato. Utkastet skal vise ein disposisjon, innleiing over tema, førebels problemstilling og val av pensumlitteratur. Arbeidet skal vere på 600 ord (+/- 20%).

Begge arbeidskrava må vere godkjent for å gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppmøte

Det er krav om 80 % oppmøte. Viss ein student har deltatt på minst 60 % av kurset, men mindre enn 80 %, må han/hun levere en tekst på minimum 3000 ord, pluss kildehenvisning, om et tema gitt av kurslederen.

Vurdering og eksamen

Deltakarane skriv eit avsluttande essay på 3000 ord (+/- 20 %).  

I tilfelle kandidaten får vurderinga «ikkje bestått», vil kandidaten få tilbod om å levere eit nytt arbeid innan ei nærare gitt frist etter at tilbakemeldinga er mottatt. Om arbeidet enno ikkje er bestått må kandidaten ta emnet på nytt.

Vurderingsuttrykk

«Bestått» eller «ikkje bestått». Vurderinga av essayet blir gjort på grunnlag av læringsutbytebeskrivinga for emnet.

Sensorordning

Essayet vil bli vurdert og kommentert av to sensorar.

Opptakskrav

Målgruppe

Emnet er relevant for alle som arbeider med tolking av kjelder og som ønskjer å dra nytte av perspektiv innafor ulike humanistiske fagretningar. Emnet er óg relevant for alle som er engasjerte i profesjonsutdanning og arbeidet med å gjere denne forskingsbasert.

Emnet er ope for kandidatar som er tatt opp ved ph.d.-program, som arbeider for å bli førstelektor eller som er tilsette ved ein høgare utdanningsinstitusjon.

Opptakskrav

Søkjarar må normalt ha fullført femårig masterutdanning (tre år + to år) eller tilsvarande i utdanningsvitskap for lærarutdanning, annan pedagogisk utdanning, utdanningsvitskap, utviklingsstudium eller annan utdanning på tilsvarande nivå i fagområde relevant for lærarutdanning.

Om det blir for mange søkjarar vil studentar ved ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning bli prioritert. Deretter studentar ved andre ph.d.-program, så andre vitskapeleg tilsette ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Søkjarar som ikkje er tatt opp til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning må sende inn eit samandrag på om lag 1 A4-side med informasjon om eige ph.d.-prosjekt eller anna prosjekt/interesseområde med tema, metode, teoretisk innfallsvinkel, kvar dei eventuelt er i ph.d.-løpet og korleis dette emnet er relevant for eige prosjekt.