Programplaner og emneplaner - Student
PHUV9390 Hermeneutikk og humanistisk forsking Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Hermeneutics and Humanistic Research
- Studieprogram
-
Ph.d.-program i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
- Omfang
- 5.0 stp.
- Studieår
- 2020/2021
- Emnehistorikk
-
Innledning
Godkjent av doktorgradsutvalet 28.03.2019. Redaksjonell endring 27.04.2020.
Dette ph.d.-emnet fokuserer på hermeneutikk og humanistisk forsking i profesjonsfeltet. I emnet blir det humanistiske feltet brukt som innfallsvinkel til det å tolke som ei vesentleg side ved einkvar vitskapleg praksis. Hermeneutikken står sentralt med sine spørsmål om korleis mennesket tolkar og bringer meining i verda. Kurset gir både praktisk trening i fortolking og teoretisk innsikt i hermeneutikk som forskingsmetode. Vi undersøkjer korleis tolking og andre filologiske arbeidsmåtar er fruktbart for det profesjonsfaglege feltet og for profesjonsutøvinga til den einskilde. I den samanhengen står spørsmåla om ulike kunnskapsformer og kva for kunnskap forskaren tek i bruk i humanistisk vitskapleg arbeid sentralt. Vidare vil filosofi og språkvitskap også stå sentralt i emnet, og det vil vere opning for andre perspektiv innanfor humanistisk forsking som til dømes historie og pedagogikk.
Emnet kan inngå som del av opplæringsdelen av ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning.
Læringsutbytte
Emnet vil fremje erkjenning, fortolking og refleksjon kring fortolkingsmetodologi, eigen forskingspraksis og kva humanistisk forsking kan ha å seie for profesjonsutøvinga. Når emnet er gjennomført vil deltakarane ha betre kjennskap til filologiske arbeidsmåtar i eigen forskingspraksis og kva humanistisk forsking kan bidra med i utdanningsvitskaplege samanhengar.
Deltakaren skal etter avslutta emne ha avansert kunnskap om:
- hermeneutikk og humanistisk forsking
Deltakaren skal etter avslutta emne ha fordjupa evne til:
- lesing og tolking som handverk – hermeneutikk som metode
- sensibilitet og forståing i møte med kjelder
- skriving som handverk - argumentasjonslære og tekstkjennskap
- samanlikning som metodisk grep - komparasjon
- å nytte multimodale kommunikasjonskanalar i eige fortolkingsarbeid
Deltakaren skal etter avslutta emne ha generell kompetanse til å:
- kunne reflektere over det å utføre humanistisk forsking
- kunne handtere førforståing, kjelder, spørsmålsstilling, dømmekraft og grunnteoriar for humanistisk forsking i praksis
- kunne drøfte korleis humanistisk forsking kan vere fruktbar for profesjonsutøving
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bestå av førelesingar, eksplorerande arbeidsmetodar, tekstnær fortolkning og deltakeraktive læringsformer der både kurshaldar og deltakarar er aktive saman.
Emnet vil bli gjennomført over fire dagar med omlag ein månad mellom kvar kursdag. Det vil bli gitt tilbod til deltakarane om å sende inn skriftleg arbeid i forkant av kvar kursdag slik at kurshaldar kan gje tilbakemeldingar på arbeidet.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
- Kvar enkelt deltakar skal lage ein podkast/lydfil på minimum sju minutt med utgangspunkt i innhaldet i kurset. Podkasten skal innehalde ein samtale mellom kandidat og ein annan person. Deltakaren veljer sjølv tema, form og presentasjonsspråk for denne publikasjonen. Podkasten vil gi kandidaten høve til dialog omkring sentrale tema i kurset og vise eiga evne til spørsmålstilling, forståing og tolking av teoretiske kjelder. Hensikta er å vise evne til å bruke ein multomodal kommunikasjonkanal i eige fortolkingsarbeid.
- Kandidatane skal levere eit utkast til essay seinast tre veker før endelig eksamensdato. Utkastet skal vise ein disposisjon, innleiing over tema, førebels problemstilling og val av pensumlitteratur. Arbeidet skal vere på 600 ord (+/- 20%).
Begge arbeidskrava må vere godkjent for å gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppmøte
Det er krav om 80 % oppmøte. Viss ein student har deltatt på minst 60 % av kurset, men mindre enn 80 %, må han/hun levere en tekst på minimum 3000 ord, pluss kildehenvisning, om et tema gitt av kurslederen.
Vurdering og eksamen
The course promotes knowledge about design as a professional subject. It comprises two periods, where the first period of about two weeks is a preliminary course focusing on different methods or knowledge related to the profession. The second period lasting the remaining four weeks is a collaboration between the bachelor students on all three years of the programme. The students will be divided into groups across classes. In this period, students will put into practice the theory/subject matter they have learnt from the first period, and the groups will work with an external client and/or on external issues.
Vurderingsuttrykk
«Bestått» eller «ikkje bestått». Vurderinga av essayet blir gjort på grunnlag av læringsutbytebeskrivinga for emnet.
Sensorordning
After completing the course, the student is expected to have achieved the following learning outcomes defined in terms of knowledge, skills and competence:
Knowledge
The student
- is familiar with identity building (part 1)
- is familiar with theory and practice relating to branding (part 1)
- is familiar with intellectual property rights (part 1)
- is familiar with creative techniques in problem solving and product development (part 2)
- is capable of analysing a business/client
- is familiar with different marketing strategies
Skills
The student is capable of
- using branding and marketing as a basis for a design project (part 1)
- using design sketch techniques as a strategic tool in the design process (part 2)
- coordinating his/her own project with another project group (BAPD3000) (part 2)
- using ideation processes with other involved participants (part 2)
- presenting and arguing for the choices made in the project (part 2)
Competence
The student is capable of
- working on a project
- organising cooperation and sharing responsibility
- handling conflicts that arise during a project
- exchanging points of view and experience and in this way contribute to developing good practice
- reflecting on his/her own development in the learning process and adjusting it under supervision
Opptakskrav
Målgruppe
Emnet er relevant for alle som arbeider med tolking av kjelder og som ønskjer å dra nytte av perspektiv innafor ulike humanistiske fagretningar. Emnet er óg relevant for alle som er engasjerte i profesjonsutdanning og arbeidet med å gjere denne forskingsbasert.
Emnet er ope for kandidatar som er tatt opp ved ph.d.-program, som arbeider for å bli førstelektor eller som er tilsette ved ein høgare utdanningsinstitusjon.
Opptakskrav
Søkjarar må normalt ha fullført femårig masterutdanning (tre år + to år) eller tilsvarande i utdanningsvitskap for lærarutdanning, annan pedagogisk utdanning, utdanningsvitskap, utviklingsstudium eller annan utdanning på tilsvarande nivå i fagområde relevant for lærarutdanning.
Om det blir for mange søkjarar vil studentar ved ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning bli prioritert. Deretter studentar ved andre ph.d.-program, så andre vitskapeleg tilsette ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.
Søkjarar som ikkje er tatt opp til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning må sende inn eit samandrag på om lag 1 A4-side med informasjon om eige ph.d.-prosjekt eller anna prosjekt/interesseområde med tema, metode, teoretisk innfallsvinkel, kvar dei eventuelt er i ph.d.-løpet og korleis dette emnet er relevant for eige prosjekt.