EPN

Emneplan forPHUV9330 Fenomenologi

Engelsk emnenavn
Phenomenology
Studieprogram
Høst: Ph.d.-studium i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Vår: Ph.d.-studium i utdanningsvitenskap for lærerutdanning
Omfang
5 stp.
Studieår
2020
Emnehistorikk

Fagplan

Innledning

Emneplanen blei godkjent av doktorgradsutvalet 25. oktober 2018. Redaksjonell endring 27.04.2020.

Dette emnet tar opp fenomenologi i relasjon til utdanningsvitskap. I emnet vil vi lese og diskutere både klassiske og moderne tekstar om fenomenologi som filosofi, som vitskapsteoretisk posisjon og som profesjonell praksis.

Forkunnskapskrav

Det er ein fordel om deltakarane alt har gjennomført emnet PHUV9110 Kunnskapsteorier for lærerutdanningsrelatert forskning eller tilsvarande før dei tar dette emnet.

 

Emnet kan takast som del av opplæringsdelen av ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning (180 studiepoeng).

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap

 

  • har kunnskap om historiske og moderne fenomenologiske perspektiv innanfor filosofi, metodologi og profesjonell praksis.

  • har kunnskap om sentral omgrep i fenomenologien, samt nøkkelspørsmål knytt til forsking og etikk innanfor feltet

 

Ferdigheit

 

  • kan gjere greie for og diskutere sentrale omgrep i fenomenologien

  • kan drøfte korleis fenomenologi kan nyttast til å skildre og forstå utdanningsvitskaplege fenomen.

  • kan drøfte etiske problemstillingar innanfor fenomenologisk forsking

kan gi kompetente munnlege presentasjonar av relevante tematikkar

 

Generell kompetanse

 

  • kan drøfte sentrale kritikkar retta mot fenomenologiske perspektiv innanfor utdanningsvitskap

Innhold

Emnet tar opp fenomenologi som filosofi, som vitskapsteoretisk retning og som pedagogikk, slik som:

 

  • klassiske, fenomenologisk arbeid

  • nyare utvikling i fenomenologisk filosofi

  • fenomenologisk forskingsmetode

  • fenomenologisk pedagogikk

  • fenomenologi nytta innanfor utdanningsvitskapleg forsking

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga i emnet går normalt over eit halvt semester. Emnet er i hovudsak organisert som studentaktivt seminar. Det blir lagt stor vekt på lesing og diskusjon av tekstar i leselista. På grunn av dette er det krav om 80 % deltaking i undervisninga. Deltaking betyr at kvar student kan dele lesenotata sine og deltar aktivt i presentasjonar og diskusjonar. Både før og undervegs i emnet er det ein føresetnad at studentane førebur seg til seminara gjennom å arbeide med pensumlitteraturen.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før eksamen kan avleggjast:

 

  • To munnlege framlegg på 10-15 min. basert på lesing av tekstar i litteraturlista.

 

Arbeidskrav skal vurderast til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent".

 

Det er krav om 80 % deltaking. Emnet er i stor grad organisert som studentaktive seminar som øver opp ferdigheit til å gi akademiske presentasjonar og føre kritiske diskusjonar om fenomenologi. Dette gir ein kompetanse som ikkje kan tileignast gjennom lesing av pensum åleine. Studentar med meir enn 20 % fråvær vil ikkje få sluttvurdering i emnet.

Vurdering og eksamen

Eit skrifteleg refleksjonsnotat på 2000 ord +/- 10 %. Refleksjonsnotatet skal utformast på bakgrunn av eit fritt valt tema innanfor faglitteraturen til emnet. Refleksjonsnotatet skal leverast inn seinast tre veker etter at undervisning er avslutta.

 

Ny og utsatt eksamen

 

Det blir gitt inntil tre forsøk på refleksjonsnotatet. Ny innlevering av refleksjonsnotat må avtalast mellom emneansvarleg og student.

Vurderingsuttrykk

Vurderingsuttrykk er bestått/ikkje bestått.

Sensorordning

Refleksjonsnotatet blir vurdert av to interne sensorar (seminarleiaren og ein vitskapleg tilsett knytt til ph.d.-studiet).

Opptakskrav

Målgruppe

Emnet er primært for studentar som er tatt opp i ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning, men vil vere ope for andre som ønskjer å fordjupe seg i feltet utdanningsvitskap, lærarutdanning og skule. Målgruppa er ph.d.-studentar som har eit fenomenologisk perspektiv i avhandlingsarbeidet sitt eller som er opptatt av å posisjonere sitt eige prosjekt i relasjon til fenomenologien.

Opptakskrav til enkeltemne for eksterne søkjarar

Søkjarar må normalt ha fullført femårig masterutdanning (tre år + to år) eller tilsvarande i utdanningsvitskap for lærarutdanning, annan pedagogisk utdanning, utdanningsvitskap, utviklingsstudium eller annan utdanning på tilsvarande nivå i fagområde relevant for lærarutdanning.

Om det blir for mange søkjarar vil studentar ved ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning bli prioritert. Deretter studentar ved andre ph.d.-program, så andre vitskapeleg tilsette ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Søkjarar som ikkje er tatt opp til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning må sende inn eit samandrag på om lag 1 A4-side med informasjon om eige ph.d.-prosjekt eller anna prosjekt/interesseområde med tema, metode, teoretisk innfallsvinkel, kvar dei eventuelt er i ph.d.-løpet og korleis dette emnet er relevant for eige prosjekt.