EPN-V2

NYFIK1000 Introduksjon til kvanteverdenen for nyfikne Emneplan

Engelsk emnenavn
Introduction to the Quantum World for the Curious
Omfang
5.0 stp.
Studieår
2025/2026
Emnehistorikk
Timeplan
  • Innledning

    Mange vil hevde at vi no ser ein ny teknologisk revolusjon i emning - den andre kvanterevolsjonen. Ein revolusjon som kan komme til å endre verda på fleire måtar. I samband med det, kan ein stille seg fleire spørsmål, for eksempel:

    • Korleis vil denne revolusjonen påverke oss?
    • Kva er den første kvanterevolusjonen?
    • Og kva er eigentleg kvantefysikken, som ligg til grunn for kvanteteknologien?

    I dette kurset vil vi prøve å gi svar på desse spørsmåla. Og vi ønsker å gi dei på ein måte som ikkje legg til grunn at ein kan avansert matematikk - eller har djup kunnskap om fysikk - frå før. Det held at du er interessert og nyfiken.

    Gjennom semesteret vil vi, både gjennom teori, simulering og praksis, komme innom følgande tema - og undertema:

    • Korleis kvantefysikken blei til
      • Plancks strålingslov og fotoelektrisk effekt
      • Partikkel/bølge-dualitet - for lys og materie
      • Materie som bølger
    • Bølgefunksjonen
      • Bølgemekanikk, tunnelering
      • Tolking av bølgefunksjonen
      • Kollaps av bølgefunksjonen
      • Stasjonære tlistandar - kvantisering
    • Spinn og polarisering
      • Stern-Gerlach-eksperimentet
      • Eit eksempel på kollaps: Lys gjennom polariseringsfilter
      • Samanfiltring og EPR (Einstein, Podolsky, Rosen)-paradokset
    • Den første kvanterevolusjonen
      • Tunneleringsmikroskop
      • Kjermemagnetisk resonans - og spin 1/2-system
      • Spektroskopi
      • Laseren
    • Den andre kvanterevolusjonen
      • Kvante-bits, "qubits" - eksemplifisert gjennom spin 1/2-system
      • Eksempel på kvantefordelar innan informasjonsbehandling
      • Kvantedatamaskinar og kvantealgoritmar
      • Digital og analog kvanterekning
  • Anbefalte forkunnskaper

    Etter gjennomført emne har studenten følgende læringsutbytte definert i kunnskap og ferdigheter:

    Kunnskap

    Studenten kan

    • gjøre rede for tennenes makroskopiske anatomi, anatomiske variasjoner og nomenklatur
    • beskrive den respektive tann i det permanente tannsettet

    Ferdigheter

    Studenten kan

    • angi riktig terminologi på tenner, tannflater, anatomiske strukturer, retning og plan både skriftlig og muntlig
    • illustrere tennenes morfologiske form ved bruk av formspråk og skisser
    • fremstille funksjonelle arbeidsmodeller til fast protetikk
    • gjenskape en fullanatomisk krone i voks med god og gjenkjennbar morfologi
  • Forkunnskapskrav

    Ingen.

  • Læringsutbytte

    Etter å ha gjennomført dette emnet har studenten følgande læringsutbytte, definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • kan gjere greie for hovudtrekka i den historiske utviklinga av kvantefysikken.
    • har ei viss forståing for at materie må oppfattast som både bølger og partiklar.
    • kjenner til fenomen som er spesifikke for kvanteverda - som ikkje har nokon parallellar i den verda vi ser til dagleg.
    • veit korleis visse enkle algoritmar for kvanteinformasjonsbehandling fungerar.

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan vise til eksempel på korleis kvantefenomen som tunnellering, kvantisering og samanfiltring kan utnyttast teknologisk.
    • kjenner til hovudforskjellane mellom korleis ei vanleg, klassisk datamaskin og ei kvantedatamskin fungerar.
    • er i stand til å sette opp og køyre enkle kvante-program - anten på simulatorar eller på faktiske kvantedatamskinar.

    Generell kompetanse

    Studenten

    • beherskar - til ei viss grad - begrepsapparatet knytt til kvantefysikk og -teknologi.
    • kan bidra konstruktivt i faglege samtalar som har med kvanteteknologi å gjere.
    • evnar å diskutere og problematisere aspekt ved tolkinga av kvantefysikken.
  • Arbeids- og undervisningsformer

    Undervisinga vil bli lagt opp som klasseromsundervising - på dagtid. Det vil vere snakk om økter på tre timar, éin gong i veka gjennom omtrent to månader.

    Deltakarane vil bli kjend med stoffet gjennom ulike tilnærmingar:

    • Presentasjon av stoff
    • Praktiske demonstrasjonar av enkle kvante- og bølgefenomen
    • Tilrettelagte simuleringar
    • Køyring av eigne, små program på faktiske kvantedatamaskinar
    • Gjesteførelesingar
    • Diskusjonar og samtalar

    Vi vil legge til rette for høg grad av student-deltaking ved undervisinga. Det vil bli rikeleg med rom for å stille spørsmål, komme med undring og diskutere ulike, til dels ikkje-intuitive, aspekt ved kvantefysikk og -teknologi.

    Det vil i liten grad bli lagt opp til eige arbeid mellom undervisingsøktene - ut over det å lese relevant litteratur.

  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Obligatorisk oppmøte

    Det kreves at studenten møter opp på minst halvparten (50%) av undervisingsøktene for å kunne framstille seg for eksamen.

  • Vurdering og eksamen

    Individuell munnleg eksamen på 30 minutt.

  • Hjelpemidler ved eksamen

    Ingen.

  • Vurderingsuttrykk

    Gradert skala A-F.

  • Sensorordning

    To interne sensorar.

  • M�lgruppe og opptakskrav (enkeltemner)

    For å fremstille seg til eksamen må følgende være godkjent:

    • minimum 90 % tilstedeværelse på demonstrasjonsforelesninger
    • minimum 80 % tilstedeværelse i ferdighetstrening, seminarer og gruppearbeid
    • en skriftlig oppgave med illustrasjoner (totalt inntil 700 ord)
    • en praktisk oppgave etter gitte kriterier (arbeid tilsvarende 3 laboratoriedager)
  • Emneansvarlig

    Emnet tannmorfologi omfatter kunnskap om tennenes makroskopiske anatomi og manuell utforming av tenner. Gjennom kasusstudier og innledende arbeidsprosesser tilknyttet protetikk, introduseres tannteknikerens morfologiske kunnskapsbehov.

    Fordeling av studiepoeng: Teori 4 og ferdighetstrening 6.