EPN

NORD6220 Norsk 2, trinn 1-7, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 2 level 1-7, Subject 2
Studieprogram
Norsk 2, trinn 1-7
Omfang
15 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Programplan
Emnehistorikk

Forkunnskapskrav

Emne 2 ligg i vårsemesteret og har avsluttande eksamen før sommaren. Emne 2 byggjer på emne 1. Arbeidskrav og eksamen i emne 1 må vere bestått før studentar kan ta eksamen i emne 2.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing og skriving
  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og leseforståing, særleg knytt til den andre leseopplæringa
  • har kunnskap om kva funksjonar lesing har og har hatt i kulturen vår
  • har utvida kunnskapar om munnnlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige arbeid
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om samtidslitteratur for barn og unge og barnelitteraturteori
  • har kunnskap om samspelet mellom tekst og bilde i bildebøker, teikneseriar og film
  • har kunnskap om bildebokteori og bildebokanalyse
  • har kunnskap om leselyst og lesemotivasjon og tilpassa opplæring i leseopplæringa

Dugleik

Studenten

  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa  
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar
  • kan organisere og drive tilpassa leseopplæring etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk og elevar med lese- og skrivavansker
  • kan organisere og drive tilpassa norskopplæring for alle elevar
  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • er stødig i skriftleg bokmål og nynorsk

Innhold

Emne 2  byggjer på emne 1, og gjev omfattande kunnskap om utforskande arbeidsmåtar i møte med litteratur som kan utfordre elevane kognitivt og emosjonelt, og ha innverknad på korleis elevane utviklar  empati, identitet og leselyst. Det utvida tekstomgrepet ligg til grunn for studiet, og studentane vil arbeide med samansette tekster i ulike medium, som bildebøker for barn, ungdom og vaksne, teikneseriar, digitale tekstar, film og musikkvideo. Studentane vil få fordjupa kunnskap om nyare barne- og ungdomslitteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, og i omsetjing fra samisk, og om valg av litteratur og arbeidsmåtar. Vidare gjev emnet fordjupa kunnskap om arbeid med kritisk tenking og argumenterande skriving, tilpassa opplæring, språkleg mangfald og andrespråklæring, og tilrettelagt undervisning for elevar med lese- og skrivevanskar. Elevane si utvikling av multimodal literacy, leselyst og lesemotivasjon er sentral.

  • Samansette tekstar i ulike medier
  • Litteratur-, tekst- og bildeeanalyse
  • Litteraturdidaktiske tilnærmingar og litteraturteoretiske perspektiv
  • Samtidslitteratur for barn- og unge
  • Bildebøker og bildebokteori
  • Leselyst og lesemotivasjon
  • Utforskande arbeidsmåter
  • Multimodal literacy
  • Lesing av fagtekstar
  • Munnleg kommunikasjon
  • Begynnaropplæring
  • Den andre leseopplæringa
  • Vurdering og kartlegging
  • Tilpassa opplæring
  • Lese- og skrivevanskar

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:

Adaptasjon med munnleg forteljing av klassiske verk for vaksne, tilpassa elevar på barnetrinnet. Gruppevis arbeid med adaptasjonen, som gjennomførast individuelt i eigen klasse. Opplegget skal presenterast i eige kollegium. Innlevering av adaptasjonen som Word-dokument i høgskulens digitale læringsplattform. Målform tilpassa forteljinga.

Utforming av informasjon til føresette om fagleg emne etter nærare retningslinjer i undervisningsplanane levert som Word-dokument. Omfang om lag 800 ord. Individuelt arbeid, respons og felles publisering. Målform: nynorsk.

Vurdering og eksamen

Eksamen er skriftleg dokumentasjon av eit sjølvvalt forskings- og utviklingsarbeid (FoU-arbeid) som studenten skal planleggje og gjennomføre i vårsemesteret med basis i eigne erfaringar og relevant teori. Omfang: om lag 5000 ord. Målform: bokmål. Nærare retningsliner i undervisningsplanen. Dato for innlevering av eksamen er i mai/juni.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av ordinær eksamen (sjølvvalt forskings- og utviklingsarbeid). Ved seinare forsøk må nytt sjølvvalt forskings- og utviklingsarbeid leverast. Det blir ikkje gitt ny rettleiing frå lærar.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta graderte karakterar A-F. Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen.

Sensorordning

Det blir nytta intern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara sensurert av intern sensor. Samsensur dannar grunnlaget for den øvrige karaktersettinga. 

Opptakskrav

Sjå programplanen.