EPN

NORD6210 Norsk 2, trinn 1-7, emne 1 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 2 level 1-7, Subject 1
Studieprogram
Norsk 2, trinn 1-7
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Programplan
Emnehistorikk

Innledning

Emne 1 ligg i haustsemesteret og har avsluttande munnleg eksamen før jul.  Studentane har arbeidskrav som føreset arbeid i eigne grunnskuleklassar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert som kunnskap, dugleik og generell kompetanse:Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskapar om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskapar om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne 
  • har kunnskapar om kva for funksjonar skriving har hatt og har i kulturen vår
  • har utvida kunnskapar om skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har inngåande kjennskap til teoriar om skriving og skriveopplæring, også for elevar med norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
  • har kunnskap om barnelitteraturhistorie og skjønnlitterære klassikarar for barn
  • har kunnskap om skjønnlitterære klassikarar for vaksne og adaptasjon av desse for barn
  • har kunnskap om adaptasjon og remediering av klassikarar for barn, ungdom og vaksne

Dugleik

Studenten

  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan gje tilpassa opplæring for andrespråkselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan organisere og drive tilpassa skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i skriveprosessen
  • kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan utføre litterær analyse

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget

Innhold

Emne 1 gjev brei kunnskap om literacy (tekstkompetanse) generelt og elevtekstar spesielt, både når det gjeld elevane si forståing av tekst og elevane sin eigen skapande produksjon av munnlege, skriftlege og samansette tekstar. Studentane vil få fordjupa kunnskap om eldre og nyare barne- og ungdomslitteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, på norsk, dansk og svensk og i omsetjing frå samisk, og om valg av litteratur og arbeidsmåtar. I tråd med det nye læreplanverket, vil studiet vektleggje djupnelæring, tekst i kontekst og dei fagovergripande tema som folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. I undervisninga vil det bli lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter som rustar studentane til å bruke kreative og utforskande arbeidsmåtar i norskfaget.

Faglege hovudemne

  • Norsk som identitets- og danningsfag
  • Litteratur, særleg barne- og ungdomslitteratur
  • Barnelitteraturhistorie
  • Skjønnlitterære klassikarar for barn, ungdom og vaksne
  • Adaptasjon og remediering
  • Skriving normering/valfridom og vurdering
  • Elevane si skapande tekstproduksjon
  • Språk og identitet
  • Språkhistorie
  • Språkleg variasjon og talemålskunnskap

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet i kurset vil i stor grad integrere dei faglege og dei didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. IKT blir nytta som eit verktøy i undervisninga til eiga skriving, presentasjon og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i å vere digitale i norsk, mellom anna ved å vurdere, produsere og lese ulike digitale tekstar.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 1:

  • Individuell oppgåve (2200 ord): Elevtekstanalyse på mikro- og makronivå, levert som Word-dokument. Respons frå faglærar med «spor endringar». Innlevering på høgskulens digitale læringsplattform. Målform: nynorsk. I tillegg skal studenten levere ein videorespons av den aktuelle elevteksten i valfritt format.
  • Didaktisk presentasjon i gruppe med felles notat og individuell refleksjon etter nærare retningsliner i undervisningsplanane. Målform: valfri.

Vurdering og eksamen

Avsluttande vurdering blir gjennomført i haustsemesteret, og er ein munnleg individuell eksamen med presentasjon og påfølgjande fagsamtale. Studenten får tre dagar før eksamenstidspunktet eit tema innan litteratur eller språk. Studenten skal førebu ein fagleg og didaktisk presentasjon med sjølvformulert problemstilling og val av fokus. Vurderinga vil leggje vekt på fagleg og didaktisk innhald, presentasjonsform og munnleg framstillingsevne. Etter presentasjonen trekkjer studenten eit emne innan den andre delen (litteratur eller språk), som nyttast som utgangspunkt for ein  munnleg fagsamtale.

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakter A-F.

Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen. 

Sensorordning

Det blir nytta intern sensor og ekstern sensor.

Opptakskrav

Sjå programplanen.