EPN-V2

NORC6120 Videreutvikling av lese- og skriveferdigheiter, litteratur og litterær danning Emneplan

Engelsk emnenavn
Subject 2
Studieprogram
Norsk 1, trinn 1-7
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Emne 2 byggjer på emne 1.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om metodar i den andre lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege tekstar, med vekt på dialog og forteljing
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om korleis lesing og didaktisk arbeid med litteratur kan fremje livsmeistring, demokrati og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om språknormering og språkleg mangfald i Noreg og Norden.
  • har kunnskap om språkleg identitet og litteratur for barn og unge som tematiserer språkleg og kulturell identitet
  • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og ulike norskfaglege læremiddel for 5.-7. trinn
  • har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for elevar på mellomtrinnet
  • kan bruke kunnskap om forteljinga som munnleg og skriftleg tekst i arbeid med å leggje til rette for utvikling av skriftleg og munnleg kompetanse hos elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, for elevar på barnetrinnet
  • kan bruke estetiske arbeidsmåtar og ta i bruk ulike digitale verktøy
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale litterære emne, skriving, lesing og munnlege ferdigheiter og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Innhold

Studentens læringsutbytte vil bli vurdert ved en bacheloroppgave i samsvar med etablert akademisk standard innen faget og ifølge instituttets retningslinjer for oppgaveskriving.

En student kan ved ikke bestått levere omarbeidet versjon av oppgaven til sensur én gang ved ny/utsatt eksamen. Studenten har krav på begrunnelse og en time ekstra veiledning.

Dersom bacheloroppgaven fortsatt ikke er bestått etter ny/utsatt eksamen, må det leveres en helt ny bacheloroppgave med ny problemstilling ved neste ordinære eksamen. Studenten utarbeider ny problemstilling i samarbeid med faglærer, utover det gis det ingen veiledning.

Studenter som ønsker å forbedre karakteren, må levere en helt ny bacheloroppgave basert på en ny problemstilling ved neste ordinære eksamen. Det gis ingen veiledning ved forbedring av karakteren.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Individuelt arbeid i form av sjølvstudium og skriving av oppgåver vekslar med medstudentrespons i gruppe og undervisning på samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff og didaktisk refleksjon. I tillegg til undervisning blir samlingane brukte til deling av erfaringar studentane gjer i eiga undervisning.

I emne 2 er det lagt vekt på å lære å bruke nettbasert plattform som verktøy for mappevurdering, med både lærar og medstudentar som responsgjevarar. I tillegg til å vidareutvikle kompetanse i å bruke dei digitale verktøya som blei brukte i emne 1, vil studentane prøve ut fleire former for digitale verktøy til bruk i undervisning.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgjande arbeidskrav må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:

Individuelle arbeidskrav

  • Digital innlevering av to fagtekstar knytte til fagemna i norsk etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Studentane vil få respons frå lærar og/eller medstudent(ar) på tekstane. I tilbakemeldinga til medstudentar skal studentane prøve ut ulike digitale verktøy. Tekstane blir vurderte i samband med avsluttande vurdering.
  • Mappetekst 1:; Fagartikkel om skjønnlitteratur for barn og litteraturdidaktikk. Omfang: mellom 1800; ord (+/- 10 %) Målform: nynorsk.
  • Mappetekst 2: Fagartikkel om sakprosa og arbeid med lesing av sakprosa i klasserommet. Omfang: 1800 ord (+/-10%). Målform: bokmål.

Andre arbeidskrav, i gruppe og individuelt

  • Leggje fram eit valfritt emne frå oppdragskurset for kollegaer på skolen der studenten; arbeider. Innlevering: skriftleg rapport med refleksjon over dette framlegget. Omfang : 800 ord (+/-10%). Målform: nynorsk.
  • Førebu og gjennomføre undervisning som inneber bruk av digitalt presentasjonsverktøy. Sjå nærare retningslinjer i undervisningsplanane. Arbeidskravet føreset deltaking i gruppearbeid på den aktuelle samlinga.
  • Munnleg framlegg om skjønnlitteratur for barn, gruppevis i plenum på ei av samlingane. Arbeidskravet føreset deltaking på den aktuelle samlinga.
  • Deltaking i digital medstudentrespons - der den enkelte student sit ved eigen PC og kommuniserer med ein eller fleire studentar.

Studentar som på grunn av sjukdom ikkje har høve til å delta i gruppeframlegg på ei av samlingane, gjennomfører arbeidskravet individuelt på ei anna samling.

For meir informasjon om innhaldet i arbeidskrava, sjå informasjon på universitetets læringsplattform ved studiestart.

Vurdering og eksamen

Avsluttande vurdering vert gjennomført i vårsemesteret. Eksamen er ei digital vurderingsmappe med to fagtekstar (sjå «Individuelle arbeidskrav», over). Målform: nynorsk og bokmål. I tillegg skriv studentane ein refleksjonstekst, der dei mellom anna grunngir tekstutvalet. Refleksjonsteksten (omfang: om lag 1000 ord) inngår i vurderingsmappa saman med dei to valde fagtekstane.

Alle tekstane i vurderingsmappa må vere vurderte til godkjent. Studentar som utan gyldig grunn ikkje har lagt inn tekstar innan fristane, får ikkje levere vurderingsmappe.

;

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av vurderingsmappa. Også refleksjonsnotatet må skrivast om for å gjera greie for endringane i vurderingsmappa. Ved seinare forsøk må studenten levere ny vurderingsmappe og nytt refleksjonsnotat.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen går fram av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Vurderingsuttrykk

Kunnskaper

Studenten

  • har kjennskap til arkivvitenskapelig teori, metode og forskning
  • har god oversikt over aktuell teori og forskning på det området som oppgaven omhandler

Ferdigheter

Studenten

  • er i stand til å utarbeide en presis og avgrenset arkivvitenskapelig problemstilling
  • kan anvende relevant teori på eget materiale
  • er i stand til å innhente, analysere, vurdere og organisere relevant materiale
  • kan drøfte egne valg av metode og teoretisk grunnlag i forhold til alternative løsninger
  • er i stand til å gjennomføre og formidle et selvstendig arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge et selvstendig prosjekt som strekker seg over tid
  • kan formidle skriftlig sentralt fagstoff som teorier, problemstillinger og funn

Sensorordning

Arbeidsform for emnet er forelesninger, veiledning og seminar.

Opptakskrav

Studenten skal levere tre arbeidskrav:

  • Tema, foreløpig problemstilling samt ønske om veileder skal meldes til administrasjonen innen fastsatt frist. Studenter som ikke overholder denne fristen, har ikke krav på veiledning. Etter en faglig godkjenning av tema og foreløpig problemstilling, vil studenten få tildelt en veileder. Den enkelte student vil få inntil 10 timer veiledning, inkludert veileders forberedelsestid.
  • En skriftlig plan for arbeidet (2-3 sider).
  • En muntlig presentasjon av pågående arbeid ved et midtveisseminar.

Arbeidskravene kommenteres muntlig eller skriftlig av faglærer. De skal være gjennomførte og godkjente av faglærer innen fastlagt tid før studenten kan framstille seg til eksamen.