EPN

MOKV2500 Fiksjonsfilmproduksjon for nett og TV Emneplan

Engelsk emnenavn
Fiction Film production for web and TV
Studieprogram
Bachelorstudium i medier og kommunikasjon
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Fiksjonsfilmproduksjon for nett og TV er eit valfritt emne i 4. semester av bachelorstudiet i medium og kommunikasjon.

Emnet tek for seg fiksjonsfilmproduksjon, både teoretisk og praktisk, for nett og TV. Emnet har særleg vekt på forteljartekniske ferdigheiter, manusutvikling og kunnskap om produksjonsprosessen, frå ideutvikling til ferdig film.

Forkunnskapskrav

For å ta dette emnet må studenten ha bestått karakter i emnet MOKV2200 Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV eller emne som tilsvarer dette.

Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om

  • teoriar og prinsipp for manusskriving, samt manusutvikling
  • opptaksteknikk - kamera, lydopptak, lyssetting og redigering
  • lyd og bilde som forteljarelement i ei audiovisuell fortelling
  • prosjektarbeid med eit større prosjekt for nett og TV

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • skrive og utvikle manus til korte fiksjonsfilmar
  • visualisere og fortelje effektivt med lyd og levande bilde
  • klippe fiksjonsfilm for nett og TV
  • planlegge og produsere ein kort fiksjonsfilm frå ide til ferdig film

Generell kompetanse

Studenten kan

  • ha roller som produsent, foto, regi, lyd, klipp eller manusforfattar på ein kort fiksjonsfilm eller ein web-serie
  • gjere regiarbeid, både visuelt og i arbeid med skodespelarar
  • lage korte fiksjonsfilmar og ein webserie for nett og TV, levert som eit prosjektorganisert arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet strekker seg over eitt semester og er lagt opp som forelesingar, seminar, kollokvie- og gruppearbeid, tekniske kurs og praktisk retta gruppeoppgåver. Studentane vil få ei grundig teoretisk innføring i opptaksteknikk for så å prøve ut dette i praksis.

Studentane skal utvikle og skrive manus i grupper for ein fiksjonsfilmproduksjon. I tillegg skal dei lage ein produksjonsplan. Etter gjennomgang og rettleiing av manus og produksjonsplan skal medieproduksjonen produserast i grupper på normalt 3-5 studentar. Alle grupper skal ha ein rettleiingstime før produksjonsstart for å kvalitetssikre arbeidet.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er fire arbeidskrav i emnet:

  • Gjennomført klippeøving. Formålet med dette arbeidskravet er å klippe saman ei scene frå ein film eller serie individuelt, for å øve seg på fiksjonsfilmklipping.
  • Gjennomført kurs i manusutvikling. Formålet med dette arbeidskravet er å sikre nødvendig deltaking for å få nødvendige manuskunnskapar.
  • Refleksjonsnotat om forarbeidet til eksamensproduksjonen, med vekt på den fagfunksjonen studenten har i produksjonen. Formålet med dette arbeidskravet er å sikre at studentane har budd seg til sin fagfunksjon på eksamensproduksjonen.
  • Deltaking i rettleiingstime og gjennomgang av arbeidskrav

Arbeidskrava vert godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må være leverte innan fastsett frist og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

For å sikre at studentane får fagleg kontinuitet og grunnlag for å nå nødvendige tekniske ferdigheiter, er det obligatorisk deltaking ved all undervisning. Fråvær utover 20 prosent kan føre til tap av eksamensretten.

Fristar og nærmare detaljar for innlevering av arbeidskrav kjem på undervisningsplanen som vert lagt ut i starten av kvart semester.

Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrav ved første forsøk, kan levere inn omarbeidd versjon ein gong. Fråvær utover 20% på kurset i manusutvikling gjer at studenten kan miste retten til å gå opp til eksamen. Ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande årsaker kan ein eigen frist avtalast med faglæraren. 

Vurdering og eksamen

Fiksjonsfilmproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid. Arbeidet skal dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt.

Den avsluttande vurderinga i emnet er sett saman av to eksamensdelar:

Eksamensdel 1: Gruppas fiksjonsfilmproduksjon inkludert manus og produksjonsplan. Det er ei felles gruppevurdering på eksamensdel 1. Omfanget på produksjonen er ca. 10 minutt.

Eksamensdel 2: Individuelt refleksjonsnotat med teoretisk del på 5-10 sider. Bruk fagtekstmalen i dette arbeidet. Normalt oppsett er halvannan linjeavstand, skriftstørrelse 11 eller 12 og Times New Roman, Calibri eller tilsvarande font. Litteraturliste, innhaldsliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Det individuelle refleksjonsnotatet dannar grunnlaget for justering av karakteren gitt i del 1. Karakteren kan justerast eitt trinn opp eller ned.

Alle delar av eksamen må vere bestått for at studenten skal stå på eksamen.  

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er lov, så lenge ein følger reglar for kjeldebruk.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F.

Sensorordning

Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.

Emneansvarlig

Frode Nordås