EPN

MOKV2200 Dokumentar- og nyhetsproduksjon for nett og TV Emneplan

Engelsk emnenavn
Documentary and News Production for web and TV
Studieprogram
Bachelorstudium i medier og kommunikasjon
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV er eit valfritt emne i 3. semester og vert gjennomført i samarbeid med Medieseksjonen ved OsloMet - storbyuniversitetet.

Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV tek for seg både nyheitsproduksjon for nett og TV, og dokumentarfilm som sjanger, både teoretisk og praktisk.

Forkunnskapskrav

Ein føresetnad for å ta emnet er praktiske og teoretiske kunnskapar som tilsvarer 1. studieår. Bestått karakter i emna MOK1700 og MOK1800 (Multimedial produksjon 1 og 2), eller andre tilsvarande emne er forkunnskapskrav for å kunne ta emnet. Ved opptak til emnet vert studentane rangerte etter karakter i emnet MOK1800 Multimedial produksjon 2.

Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har god kunnskap om

  • reportasje for nett og TV
  • intervju for nett og TV
  • dokumentarfilmteori og -sjangrar
  • dokumentarfilmproduksjon

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere video- og lydopptak på HD-videokamera med lydmiksar
  • kan finne og utvikle saker til nyheiter og dokumentarfilm
  • kan visualisere ei historie
  • dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan lage TV-reportasje og små TV-portrett
  • kan lage korte dokumentarfilmar, levert som eit prosjektorganisert arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet strekker seg over eitt semester og er lagt opp som forelesingar, seminar, kollokvie- og gruppearbeid, tekniske kurs og praktisk retta gruppeoppgåver.

Ved semesterstart vert det arrangert eit intensivkurs i opptaksteknikk over normalt fem dagar. På kurset vert det arbeidd med avansert opptaksteknikk for video og lyd, og redigering. Studentane får dermed intensiv fordjuping knytt til locationarbeid på video. 

I produksjonsgrupper vert det skrive eit manus for eksamensfilmen (sjå vurdering), og det vert utarbeida ein produksjonsplan. Etter gjennomgang og rettleiing av manus og produksjonsplan, vert medieproduksjonen laga i grupper på normalt 3-5 studentar. Alle grupper skal ha ein rettleiingstime før produksjonsstart for å kvalitetssikre arbeidet.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Det er knytt tre arbeidskrav til emnet:

  • Ved semesterstart vert det gjennomført eit intensivt kurs i opptaksteknikk over normalt fem dagar. Innhald: Manusutvikling, opplæring i kamera, lyd og redigering, samt filming og redigering av ei historie. Formålet med dette arbeidskravet er å gje opplæring i avansert kamerautstyr, avansert lydutstyr og avansert redigering.
  • Produksjon av dokumentarfilmar i ulike sjangrar. Omfang: 5-10 min. Formålet med dette arbeidskravet er å få praktisk erfaring med dokumentarfilmsjangrar.
  • Manus og produksjonsplan til eksamensproduksjonen. Omfang manus: 5-10 sider. Omfang produksjonsplan: 1-2 sider. Formålet med dette arbeidskravet er å kvalitetssikre manus og produksjonsplan før opptak.

Arbeidskrava vert godkjende av faglærar. Alle arbeidskrav må være leverte innan fastsett frist og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

For å sikre at studentane får fagleg kontinuitet og grunnlag for å nå naudsynt tekniske ferdigheiter, er det obligatorisk deltaking ved all undervisning. Fråvær utover 20 prosent kan føre til tap av eksamensretten.

Fristar og nærmare detaljar for innlevering av arbeidskrav kjem på undervisningsplanen som vert lagt ut i starten av kvart semester.

Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrav ved første forsøk, kan levere inn omarbeidd versjon ein gong. Ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande årsaker kan eigen frist avtalast med faglærar. 

Vurdering og eksamen

Dokumentarproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid. Arbeidet skal dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt.

Avsluttande vurdering i emnet er sett saman av to eksamensdelar:

Eksamensdel 1: Gruppas dokumentarproduksjon inkludert manus og produksjonsplan. Det er ei felles gruppevurdering på eksamensdel 1. Omfang på produksjonen er ca. 10 minutt.

Eksamensdel 2: Individuelt refleksjonsnotat med teoretisk del på 5-10 sider. Bruk fagtekstmalen i dette arbeidet. Normalt oppsett er halvannan linjeavstand, skriftstørrelse 11 eller 12 og Times New Roman, Calibri eller tilsvarande font. Litteraturliste, innhaldsliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Det individuelle refleksjonsnotatet dannar grunnlaget for justering av karakteren gitt i del 1. Karakteren kan justerast eitt trinn opp eller ned.

Alle delar av eksamen må vere bestått for at studenten skal stå på eksamen.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel er lov, så lenge ein følger reglar for kjeldebruk.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F.

Sensorordning

Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.

Emneansvarlig

Frode Nordås