EPN

MOK1000 Språklig formidling Emneplan

Engelsk emnenavn
Linguistics and Communication
Studieprogram
Bachelorstudium i medier og kommunikasjon / Årsstudium i medier og kommunikasjon
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Språkleg formidling skal gjere studentane til meir medvitne språkbrukarar.

Forkunnskapskrav

Ingen forkunnskapskrav.

Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon har generelle progresjonsvilkår (sjå programplanen).

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om norsk rettskriving og normer for god språkføring

  • kjenner grunnleggande perspektiv, omgrep og modellar innanfor retorikk og andre former for tekstanalyse

  • er medviten og har kunnskap om samanhengen mellom språk, tanke og røyndom

  • har kunnskap om kva rolle språket speler i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • har utvikla evna til å uttrykke seg i eit klart og engasjerande språk

  • kan analysere skriftlege og munnlege tekstar med utgangspunkt i retorikk og andre teoriar om språk og tekst

  • kan presentere og drøfte faglege problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit reflektert forhold til språkbruken hos seg sjølv og andre

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidsformene vekslar mellom eigenstudium, plenumsforelesingar og individuell og gruppebasert oppgåveløysing med gjennomgang i grupper.

Praktisk og teoretisk undervising går hand i hand. Tanken er at teorien skal kaste lys over og skape forståing for det praktiske arbeidet og omvendt. Prosessorientert skriving står sentralt, der studentane diskuterer tekstutkast i responsgrupper og forbetrar tekstane sine etterpå.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Studentane skal gjennomføre tre arbeidskrav.

  • Arbeidskrav 1 er eit obligatorisk skriveseminar der studentane skal skrive individuelle debattinnlegg. Dei jobbar prosessorientert og diskuterer tekstutkast i responsgrupper. Samla tekstlengde er om lag to sider. Formålet er å utvikle evna til å argumentere sakleg og overbevisande, og å trene på debattinnlegget som sjanger.
  • Arbeidskrav 2 er eit obligatorisk skriveseminar der studentane skal analysere og diskutere normer for godt nyheitsspråk, og øve seg på å formulere ein nyhetstekst. Dei jobbar både individuelt og i grupper. Samla tekstlengde er to til fem sider. Formålet er å bli medviten om dei ulike aspekta ved godt språk, og å lære korleis journalistar tenker når dei skal nå ut til eit bredt publikum med informasjon.
  • Arbeidskrav 3 er ein individuell, skriftleg retorisk analyse av ein aktuell tekst. Oppgåva blir gjennomgått i obligatoriske responsgrupper saman med faglærarar. Lengda er tre til fem sider. Formålet er å prøve ut retorisk teori i praktisk analysearbeid, og å trene på å skrive akademisk.

Studentane skal levere arbeidskrava på norsk, da emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

Arbeidskrava blir godkjende av faglæraren. Alle arbeidskrava må vere leverte innan fristen og godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Ved dokumentert sjukdom eller ein annan tvingande grunn kan studenten avtale ein eigen frist med læraren. Dersom eit arbeidskrav blir underkjent, får studenten opptil to nye forsøk.

Det er obligatorisk å delta på skriveseminara. Ved dokumentert sjukdom eller ein annan tvingande grunn kan studenten avtale ei kompensasjonsoppgåve med faglæraren. Uteblir studenten frå eit obligatorisk seminar utan gyldig grunn, mistar studenten eksamensretten. Ferie og jobbing utanom studiet er ikkje gyldig fråværsgrunn.  

Det er òg obligatorisk å delta i responsgruppene. Her skal studentane fungere som opponentar for kvarandre. Ved fråvær må derfor studenten gi skriftleg respons til alle studentane på gruppa. Er fråveret ugyldig, får studenten inga fagleg tilbakemelding på oppgåva utover "godkjent" eller "ikkje godkjent". Ved for sein levering må studenten framleis delta aktivt i responsgruppa, men får inga fagleg tilbakemelding på førsteutkastet.

Vurdering og eksamen

Karakteren blir satt på bakgrunn av ein individuell, seks timars skuleeksamen.

Eksamenssvaret skal leverast på norsk, da emnet er eit norskfagleg ferdigheitsfag.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F

Sensorordning

Både intern og ekstern sensor blir nytta til å sensurere eksamenssvara. Eit utdrag på 25 prosent av svara blir sensurerte av to sensorar. Karakterane på utdraget fastset nivået for korleis resten av svara skal vurderast.

Emneansvarlig

Yngve Benestad Hågvar