EPN-V2

M5GNO3100 Norwegian, Subject 4 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 4
Study programme
Master's Degree Programme - Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2021/2022
Curriculum
FALL 2021
Schedule
Course history

Introduction

Fagplanen som høyrer til dette emnet er lagt på emne M5GNO1100 Norsk, emne 1.

Required preliminary courses

Ingen.

Learning outcomes

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sjangrar, deriblant akademiske teksttypar
  • har kunnskap om læremiddel, digitale og andre
  • har kunnskap om og oversyn over teori knytt til faget
  • har kunnskap om kriterium for vurdering av munnlege og skriftlege kunnskapar
  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • har kunnskap om korleis ein kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

Ferdigheter

Studenten

  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan sjå norskfaget i eit samfunnsperspektiv
  • kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
  • kan presentere akademiske problemstillingar munnleg
  • kjenner til vitskaplege arbeidsmåtar i norskfaget
  • legge gjennomføre eit utviklings- og forskingsprosjekt
  • kan vurdere truverdet til kjelder henta frå Internett

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kan bruke faglege kunnskapar til kritisk refleksjon
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre med elevanes læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan legge til rette for at norskopplæringa fremjar elevdeltaking på offentlege arenaer

Content

5 innleveringsoppgaver. Omfanget varierer med temaet for oppgaven.

Alle arbeidskrav må være godkjent før studenten kan fremstille seg til eksamen.

Teaching and learning methods

For studentar som tar faget i 3. studieår

Arbeidet med FoU-oppgåva er organisert som undervisning og kurs, rettleiing/rettleiingsseminar, innlevering av skriftleg oppgåve, munnleg framlegg og annan deltaking på konferanse der alle studentane presenterer oppgåveområda sine. Kvar kandidat vil få oppnemnt ein fagleg rettleiar. Temaområde, problemstilling og opplegg for oppgåva skal godkjennast av rettleiaren.

Undervisninga i emnet skal mellom anna gje støtte til skriving av FoU-oppgåva. I tillegg til norskfaglege emne, skal undervisninga ta opp følgande tema:

  • Utdanningsvitskap for lærarar, sentrale forskingstradisjonar og metodar.
  • Forskingsetikk og grunnlagsspørsmål.
  • Seminar i pedagogikk som tek opp sentrale utfordringar i dagens grunnskole.
  • Skriving i forsking om skole og undervisning og i læraryrket.

Oppgåveskriving er ein problemløysingsprosess, der studenten skal belyse den valde problemstillinga si gjennom systematiske metodar som kan etterprøvast. Ein del av dette arbeidet vil til dømes vere å arbeide fram eit oppdatert kunnskapsoversyn. Studentar vil også ofte samle eit erfaringsmateriell og bruke utdanningsvitskapleg metode til å undersøke, systematisere og belyse materialet. Arbeidet med oppgåva skal gje erfaring i å søke og nytte litteratur og bygge på både oppgitt og sjølvvald pensum. Omtalar, analysar og vurderingar i oppgåva skal vere solid fagleg utvikla og underbygde.

FoU-oppgåva er eit individuelt arbeid. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningslinjer for vitskapleg og fagleg forfattarskap.

I oppgåver som brukar materiale som studenten sjølv samlar inn, er det eit krav at dette skal hentast inn slik at meldeplikt til Norsk senter for forskningsdata (NSD) ikkje blir utløyst. Føresette skal gje samtykke dersom elevane som deltar i undersøkinga, er umyndige («under myndigheitsalder»). Gjennom oppgåva skal studenten dokumentera kjennskap til aktuell forsking på det området studenten skriv om. Studenten skal bruke teori og anna fagstoff som grunnlag for å undersøke problemstillinga. Metodedelen skal dokumentera framgangsmåtar på ein slik måte at det gjev høve til å sjå korleis studenten har henta inn og brukt materialet og korleis han eller ho har kome fram til resultata. Resultata skal drøftast ut frå dei vanlege vitskaplege krava til kva som er påliteleg og gyldig.

Course requirements

Emnet omfatter klassifikasjon og indeksering i teori og praksis. Dette inkluderer klassifikasjonsskjemaer og ulike emneordsvokabular, som tesauri. Emnet omfatter også bredere systemer for kunnskapsorganisasjon, som brukertagger, ontologier og automatisk indeksering.

Assessment

LIG6201

Permitted exam materials and equipment

Kunnskaper

Studenten

  • kjenner prinsippene og teoriene for verbale indekseringsspråk og klassifikasjonsskjemaer
  • kjenner prinsippene for oppbygging og bruk av enumerative, analytisk/syntetiske og fasetterte klassifikasjonssystemer
  • forstår hva slags konsekvenser ulike typer emnebeskrivelser har for gjenfinning
  • har grunnleggende kunnskaper om ontologier og brukertagging innenfor informasjonsvitenskap
  • forstår forskjeller og likheter mellom emnespråk og mellom emnespråk og brukertagger, samt hva slags konsekvenser disse forskjellene har for gjenfinning
  • forstår sammenhengen mellom semantiske webteknologier og tradisjonelle beskrivelsessystemer fra bibliotek- og informasjonsvitenskap
  • har innsikt i binære og rangerende gjenfinningssystemer og forskjellene mellom dem

Ferdigheter

Studenten

  • kan foreta emneanalyse av dokumenter
  • kan tildele dokumenter emneord og tilpasse emneord til ulike gjenfinningsformål
  • kan foreta grunnleggende klassifikasjon etter Deweys desimalklassifikasjon (DDK)
  • kan konstruere tesauri i samsvar med eksisterende standarder
  • kan vurdere verbale beskrivelser til klassifikasjonskoder i DDK
  • kan forstå og tolke Universell desimalklassifikasjonskoder (UDK)
  • kan analysere og evaluere de ulike systemer for kunnskapsorganisasjon som inngår i emnet

Grading scale

Det blir nytta ein gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.

Examiners

For studentar som tar faget 1. og 2. studieår:

Intern og ekstern sensor både til deleksamen 1 og 2.

For studentar som tar faget i 3. studieår:

Det blir nytta ekstern og intern sensor. Normalt er rettleiaren den interne sensoren.