EPN-V2

M5GNO1100 Norwegian, Subject 1 Course description

Course name in Norwegian
Norsk, emne 1
Weight
15.0 ECTS
Year of study
2023/2024
Course history
Curriculum
FALL 2023
Schedule
  • Description of integrated courses

    FAGPLAN

    Norsk (60 studiepoeng)

    Fagplanen blei godkjent i studieutvalet 9. november 2016.

    Pensum oppdatert 23. mai 2017.

    Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2017, 30. januar 2020, 23. november 2020 og 4. mars 2021

    Gjeldande frå haustsemesteret 2021

    Innleiing

    Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for trinn 5-10, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5-10 av 1. september 2016 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10 ved OsloMet - storbyuniversitetet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

    Faget norsk i lærarutdanninga for grunnskulen skal utdanne lærarar som kan førebu elevane i norsk skule på ei tekstleg, mediert og globalisert verd. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Studiet skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag.

    Grunnskulelæraren i norsk har eit særskilt ansvar for å utvikle elevane sin tolkingskompetanse. I eit tekstbasert samfunn er elevane si evne til å forstå, skape og bruke skriftleg og munnleg tekst ein føresetnad for at dei skal nå sine livsmål, kunne fortsette å lære og kunne delta på demokratiske og kulturelle arenaer. Tekst blir alltid skapt i gitte kontekstar og er meint å verke i andre kontekstar. Evna til å bruke tekst er derfor knytt til tolking av tekst og kontekst. I norskfaget blir kontekstmedvit trent gjennom tolking av tekst i både historiske og samtidige kontekstar.

    Samstundes knyter tekstkompetanse seg til bruk av og kunnskap om språk. Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i fiktive og saksretta tekstsjangrar.

    Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

    Målgruppe

    Studentar som har fått opptak til femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10.

    Opptakskrav

    Faget er tilgjengeleg som valfag for aktive studentar ved grunnskulelærarutdanninga ved HiOA, i tråd med programplanane for utdanninga.

    Læringsutbytte

    Fagplanen inkluderer læringsutbytte i tråd med dei nasjonale retningslinjene for faget Norsk1 og 2 trinn 5-10. Sjå nærare omtale i emneplanane.

    Fagleg innhald og oppbygging

    Norsk trinn (60 studiepoeng) er bygd opp av fire emne à 15 studiepoeng. I grunnskulelærarutdanninga trinn 5-10 må studenten ta 60 studiepoeng for at faget skal bli godkjend som del av utdanninga. Dette er begrunna med at 60 studiepoeng er minste kompetansegivande eining for 8.-10. trinn. Utdanninga skal forberede studenten til å vere lærar for alle trinn frå 5. til 10. trinn.

    Studiet er lagt opp for å sikre god heilskap og progresjon frå og med emne 1 til og med emne 4. Språk og tekstkunnskap blir undervist i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og didaktisk perspektiv til bruk for undervisning på mellomtrinn og ungdomstrinn.

    For studentar som tar faget i 1. og 2. studieår

    Norsk for trinn 5-10 er organisert som 45 studiepoeng i første studieår (emne 1, 2 og 3) og 15 studiepoeng i andre studieår (emne 4), til saman 60 studiepoeng.

    Haust: M5GNO1100 Norsk, emne 1, 15 studiepoeng

    Vår: M5GNO1200 Norsk, emne 2, 15 studiepoeng

    Vår: M5GNO1300 Norsk, emne 3, 15 studiepoeng

    Haust: M5GNO2100 Norsk, emne 4, 15 studiepoeng

    For studentar som tar faget i 3. studieår

    Norsk for trinn 5-10 er også eit tilbod organisert som 60 studiepoeng over eitt studieår. Undervisninga i faget er organisert i fire emne à 15 studiepoeng. Undervisninga skjer i hovudsak saman med studentane som tar faget i 1. og 2. studieår.

    Haust: M5GNO1100 Norsk, emne 1, 15 studiepoeng

    Vår: M5GNO1200 Norsk, emne 2, 15 studiepoeng

    Vår: M5GNO1300 Norsk, emne 3, 15 studiepoeng

    Haust og vår: M5GNO3100 Norsk, emne 4, 15 studiepoeng

    Klasseleiing og lærarrolla sett frå faget

    Gjennom praksiserfaring, og fagleg samarbeid med faget pedagogikk og elevkunnskap får studenten kunnskap om og innsikt i ulike tilnærmingsmåtar knytt til klasseleiing og ulike roller ein har som lærar.

    Tilpassa opplæring

    Elevens rett til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova med forskrift. Tilpassa opplæring for ulike elevgrupper er eit gjennomgåande perspektiv i undervisninga i norskfaget.

    Studentane lærer å vurdere korleis elevane utviklar seg, og korleis dei kan leggje til rette for den enkelte elev.

    Vurdering

    Gjennom studiet får studenten møte ulike vurderingsmåtar, både formative og summative. Dei får øving i å vurdere kvarandre, og å ta i mot vurdering frå faglærar. Både i opplæringa på høgskulen og i praksis får dei høve til å vurdere ulike typar elevarbeid.

    Grunnleggande ferdigheiter

    Dei grunnleggande ferdigheitene - digitale ferdigheiter, munnlege ferdigheiter, og å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive - er nøkkelferdigheiter både for studentanes eiga læringa på høgskulenivå og for å kunne utvikle dei grunnleggande ferdigheitene til elevane i skulefaga. Ferdigheitene er ein integrert del av undervisninga i faget.

    Digital kompetanse

    Digital kompetanse er integrert i fagets arbeidsmåtar, gjennom arbeidskrav og i tekstskriving. Studentane får kunnskap om og opplæring i bruk av ulike pedagogiske og relevante digitale verktøy.

    Berekraftig utvikling

    Gjennom tekstarbeid (fiksjonstekstar og saktekstar) skal studenten gjere seg kjent med litteratur knytt til spørsmål om klimatrugsmål og berekraftig utviking.

    Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet

    Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Kjønnsperspektiv er ein del av dette. Studentane skal kunne forstå korleis barn og unges identitet blir danna og utvikla i eit samfunn med stort mangfald. Dette perspektivet blir vektlagt både når det gjeld språk og litteraturarbeid. Når det gjeld språkarbeid, skal studentane mellom anna kunne legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    Yrkesretting

    Norskfaget skal i innhald og arbeidsmåtar førebu eleven på vidare opplæring også innan yrkesfaglege studieretningar. Gjennom studiet får studenten kunnskap om korleis bevisste tekstval og arbeidsmåtar med fokus på fagspråk kan førebu elevar for yrkesfaglege studieretningar.

    Internasjonale perspektiv

    Som kultur- og språkfag står norskfaget i eit dynamisk forhold til internasjonale strøymingar. Norskfaget i skulen skal inkludere elevar som ikkje har norsk som heimespråk, men har norsk som opplæringsspråk. Dette mangfaldet skal nyttast som ein ressurs både ved at det synleggjer «det norske» og ved at det endrar «det norske» på ein inkluderande måte. Likskapen og ulikskapen med dei skandinaviske landa kan også utnyttast, og legge grunnen for eit framleis nært kulturelt og demokratisk samarbeid landa mellom. Som didaktisk formidlings- og vitskapsfag drar norskfaget vekslar på kunnskapstilfang også frå andre land.

    Psykososialt læringsmiljø

    I arbeid med norskfaget skal studentane lærast opp til å sjå språk og tekst som formande element i den psykososiale utviklinga til elevane.

    Praksistilknyting

    I alle emna i faget står intergrering i høve til praksis og samarbeid med grunnskolen sentralt.

    Forskingsforankring

    I tråd med Lov om universiteter og høgskoler skal utdanninga vere forsking- og utviklingsbasert (FoU). Gjennom forskingsbaserte læringsprosessar skal studentane øve opp sjølvstende, analytiske ferdigheiter og kritiske refleksjon slik at dei som lærarar kan ta i bruk ny kunnskap og vidareutvikle både seg sjølv, profesjonen sin og arbeidsplassen sin etter fullført utdanning.

    Samiske forhold og rettar

    Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er integrert i emne 1, 2 og 3.

    Praksisopplæring

    Om praksisopplæringa, sjå programplanen.

    Overgangen mellom trinna når det gjeld eige fag

    I opplæringa skal studentane bli kjende med korleis dei kan gjere overgangane i skulen lettare for elevane. Dette gjeld særskild i overgang frå mellomtrinn til ungdomstrinn, og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule.

    Skikkavurdering

    Lærarutdanningsinstitusjonar har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Kontinuerleg skikkavurdering med ei heilskapleg vurdering om kva slags faglege og personlege føresetnader studenten har for å kunne fungere som lærar skjer gjennom heile studiet. Om studenten er ei mogleg fare for elevars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er studenten ikkje skikka for yrket. Studentar som viser manglande evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogleg i utdanninga få melding om dette. Dei skal få råd og rettleiing som gjer dei dei i stand til å oppfylle krava om å vere skikka som lærarar eller få råd om å avslutte utdanninga. Avgjerder om dette kan fattast gjennom heile studiet.

    Sjå universitetet sin nettstad for meir informasjon om skikkavurdering.

    Fagets arbeids- og undervisningsformer

    Undervisninga skjer over tre semester og er organisert i fire emne, sjå over. Integrert praksis gir studentane høve til å arbeide med fagets innhald i skulen. Aktuelle arbeidsmåtar er individuelt studiearbeid med lesing av pensum, forelesingar, klasse- og gruppearbeid, tekstproduksjon m.a. i digital mappe, munnlege framlegg, tilbakemelding på medstudentarbeid, ekskursjonar m.m. Det vert gjennomført fleirfaglege periodar og kurs i løpet av året.

    I starten av studiet skal studentane ha nokre veker med grunnlagsundervisning i emne 1, inkludert fellesemnet «Læraren og språket».

    Estetiske arbeidsmåtar

    Estetiske arbeidsmåtar er ein sentral del av norskfaget, sjå t.d. emne 2 og emne 4. Estetiske arbeidsmåtar finst m.a. i det munnlege arbeidskravet med framføring av eventyr og i det skriftlege mappearbeidskravet produksjon av samansett tekst knytt til emne 2.

    Arbeidskrav

    Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert gyldig årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. Ny frist for å innfri arbeidskrav blir avtalt i kvart enkelt tilfelle med fagansvarleg.

    Arbeidskrav blir vurderte til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til to nye innleveringar/gjennomføringar. Studenten må då sjølv avtale ny innlevering av det aktuelle arbeidskravet med faglærar. Studentar som ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen og som ikkje har dokumentert gyldig årsak, får ingen nye forsøk.

    I programplanen finn ein dei fagovergripande temaa på dei ulike studieåra og semestera. I tilknyting til desse kan det vere krav til oppmøte og/eller andre arbeidskrav.

    Nærare informasjon om arbeidskrav finst i den enkelte emneplanen.

    Deltaking i undervisning

    Det er obligatorisk deltaking i all undervisning. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Profesjonsfaget norsk har nøye samanheng mellom teoriforelesingar og arbeidsøvingar, og obligatorisk oppmøte i heile studiet er eit vilkår for å tileigne seg grunnleggande undervisningskunnskap i faget.

    Dersom studentar ikkje oppfyller kravet om deltaking (80 prosent), må dei levere kompensasjonsoppgåver om sentrale profesjonsrelevante tema. Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnt over fører til at studenten ikkje får avleggje eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking.

    Vurderings-/eksamensformer

    Sjå den enkelte emneplan for informasjon om vurdering-/eksamensformer.

    Rettar og plikter ved eksamen

    Rettane og pliktene til eksamenskandidaten går fram av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskrifta beskriv mellom anna vilkår for ny/utsett eksamen, høve til klage og kva som blir rekna som fusk ved eksamen.

    Vurderingskriterium for emne 1-4 for studentar som tar faget i 1. og 2. studieår Vurderingskriterium for emne 1-3 for studentar som tar faget i 3. studieår

    A, Framifrå: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

    B, Mykje god: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

    C, God: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

    D, Nokså god: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt språkleg formulert

    E, Tilstrekkeleg: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

    F, Ikkje bestått: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

    Vurderingskriterium for emne 4 for studentar som tar faget i 3. studieår

    A, Framifrå: Framifrå prestasjon som klårt merker seg ut. Kandidaten viser svært god vurderingsevne, stor faglig oversikt og stor grad av sjølvstende. Arbeidet er særleg godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    B, Mykje god: Mykje god prestasjon som viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er svært godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    C, God: Solid prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei fleste områda. Arbeidet er godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    D, Nokså god: Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er nokså godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    E, Tilstrekkeleg: Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men ikkje meir. Arbeidet er tilfredsstillande utforma både når det gjeld innhald og språk.

    F, Ikkje bestått: Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava fagleg og og/eller når det gjeld utforming av innhald og språk.

    Utfyllande kriterium for FoU-oppgåva vil gå fram av retningslinjene som blir kunngjorde ved oppstart av emne 4.

  • Required preliminary courses

    Eksamensform

    Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, 4 timar. Målform: Bokmål.

    Ny/utsett eksamen

    Ny/utsett eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.

  • Learning outcomes

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk, og språket som tolkingsreiskap og forståing
    • har kunnskap om språkhistorie, talemål og språklige endringsprosesser
    • har omfattande kunnskap om norsk som første- og andrespråk
    • har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og om nabospråk
    • har kunnskap om gjeldande normering for nynorsk og bokmål
    • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar med språkvariasjonar i eldre og nyare tid
    • har kunnskap om språklæring og språkutvikling inkludert begynnaropplæring i lesing og skriving
    • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinn og ungdomstrinn og om utvikling av elevanes skriveferdigheiter inkludert digitale ferdigheiter

    Ferdigheter

    Studenten

    • kan analysere variert norsk språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
    • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege, også mellomspråkstekstar
    • kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar
    • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
    • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
    • kan skrive fagtekstar på nynorsk og bokmål
    • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og retorikk for å fremje læring
    • har kunnskap om gjeldande reglar for norsk som opplæringsmål og undervisningsspråk

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
    • kan formidle fagstoff om språk i relevante uttrykksformer
  • Content

    Språk er grunnleggande for tenking og handling, og er sentral i danning av mennesket og i formidling. Emne 1 gir systematisk kunnskap om å forstå og formulere samanhengar mellom språk og læring, og øvingar i å grunngje og nytte denne kunnskapen inngåande og kritisk. Ulike skrivehandlingar blir sett i samanheng med sentral teoretisk kunnskap og funksjonelle didaktiske perspektiv for å skape situasjonar for læring i ulike meiningsberande kontekstar.

    • Språket som system og språket i bruk
    • Norsk språk i eit historisk og kontrastivt perspektiv
    • Språkutvikling og språklæring (særleg knytt til metaspråkleg medvit og skriveutvikling)
    • Nynorsk og bokmål
    • Språkdidaktikk, nynorsk- og bokmålsdidaktikk
    • Elevtekstanalyse og -vurdering
    • Skrivestrategiar og teoriar om skriving
    • Retorikk (knytt til skriving)
    • Språkhistorie, talemål og språkleg variasjon
  • Teaching and learning methods

    Den graderte karakterskalaen blir nytta. A til E for bestått og F for ikkje bestått eksamen.

  • Course requirements

    To interne sensorar. Ein tilsynssensor er tilknytt emnet etter retningslinjene for oppnemning og bruk av sensorar ved OsloMet.

  • Assessment

    Individuell skriftleg eksamen under tilsyn. Omfang: seks timar. Vekt på språk, læring og danning.

    Målform: Valfri.

    Ny/utsett eksamen blir gjennomført som ved ordinær eksamen.

  • Permitted exam materials and equipment

    FAGPLAN

    Norsk 1 (30 studiepoeng)

    Norsk 2 (30 studiepoeng)

    Norwegian 1 (30 ECTS credits)

    Norwegian 2 (30 ECTS credits)

    Studieprogramkode: M1GLU

    Emnekoder: M1GNO1100, M1GNO1200, M1GNO2100, M1GNO3100

    Fagplanen blei godkjent i studieutvalet 9. november 2016

    Pensum oppdatert 22. mai 2017

    Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2017, 19. april og 7. juni 2018

    Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2019

    Gjeldande frå haustsemesteret 2019

    Innleiing

    Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for trinn 1-7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 ved OsloMet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

    Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

    Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle

    for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Språket er dermed sentralt for identitetsutviklinga til den enkelte språkbrukaren samstundes som det speglar og gir tilgang til kultur- og samfunnsutviklinga. Språket er inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal norskfaget i lærarutdanninga legge grunnlaget for at studentane kan medverke til at elevar utviklar språk- og tekstkunnskap og blir trygge og aktive språkbrukarar.

    Litterære tekstar går i dialog med utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar i kulturen. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.–7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

    Grunnskulelæraren i norsk har eit særskilt ansvar for å utvikle tolkingskompetansen til elevane. I eit tekstbasert samfunn er evna til å forstå, skape og bruke skriftlege og munnlege tekstar ein føresetnad for å nå livsmål, kunne halde fram å lære og kunne delta på demokratiske og kulturelle arenaer. Tekstar er tett innvovne i dei kontekstane dei blir skapte og brukte i. Evna til å bruke, forstå og skape tekstar er derfor knytt til tolking av tekst og kontekst. I norskfaget blir kontekstmedvit trent gjennom tolking av tekst i både historiske og samtidige kontekstar.

    Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og

    læring. Norskfaget gir kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1–7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving. IKT er derfor integrert i studiet, både knytt til fagdidaktisk arbeid retta mot norskundervisning i skulen og som reiskap i studentens eigen læringsprosess.

    Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, § 5.

    Målgruppe

    Studentar som har fått opptak til femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Lærarar som ønsker vidareutdanning (gjeld ev. Norsk 2).

    Opptakskrav

    Faget er tilgjengeleg for studentar ved grunnskulelærarutdanninga ved OsloMet, i tråd med programplanane for utdanninga. Dei første 30 studiepoenga, Norsk 1, emne 1-3, er obligatorisk fag på lærarutdanninga trinn 1-7, Norsk 2 (30 studiepoeng) er valfag. Interne søkjarar som søkjer opptak til Norsk 2 medan dei framleis er aktive studentar ved grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, kan få opptak utan å ha fullført Norsk 1.

    Eksterne søkjarar (gjelde ev. Norsk 2) må ha bestått lærarutdanning som kvalifiserer for arbeid i skulen. Opptak til Norsk 2 krev fullført Norsk 1 eller tilsvarande.

    Søkjarar som Utdanningsdirektoratet har vurdert til å ha lærarutdanning frå utlandet, men som manglar fag/studiepoeng for å bli godkjent lærar i norsk grunnopplæring, kan også søke. Slike søkjarar må i tillegg oppfylle kravet til generell studiekompetanse.

    Læringsutbytte

    Læringsutbyttet er formulert i tråd med dei nasjonale retningslinjene for faget Norsk 1 og 2 trinn 1-7, sjå nærare omtale i emneplanane.

    Innhald og oppbygging av faget

    Norsk 1 (30 studiepoeng) er bygd opp av tre emne à 10 studiepoeng. Norsk 2 består av eitt emne à 30 studiepoeng. Norsk 2 byggjer på Norsk 1. Undervisninga i Norsk 1 er lagt over tre semester, medan undervisninga i Norsk 2 er lagt til eitt semester. Minste kompetansegivande eining for dette faget er 30 studiepoeng.

    Haust: M1GNO1100 Norsk 1, emne 1, 10 studiepoengVår: M1GNO1200 Norsk 1, emne 2, 10 studiepoengHaust: M1GNO2100 Norsk 1, emne 3, 10 studiepoengHaust: M1GNO3100 Norsk 2, emne 4, 30 studiepoeng

    Fleirfaglege tema

    I fleire av emna inngår fleirfaglege temaperiodar eller temaveker, i tillegg til at emna nedanfor er fagovergripande. Det gjeld arbeid med språk og læring, vurderingsformer, praktisk-estetiske arbeidsformer, begynnaropplæring og fellestema i samband med praksisretta oppgåver (sjå meir informasjon om praksis i fagplanen for praksis).

    Begynnaropplæring

    Den første lese- og skriveopplæringa er hovudtema i emne 3 (10 studiepoeng) i Norsk 1, og studentane skriv og presenterer munnleg ei fleirfagleg fagoppgåve om begynnaropplæring med vekt på praktisk-estetiske læringsprosessar. I Norsk 2 får studenten utvida innsikt i temaet begynnaropplæring gjennom undervisninga, og det digitale arbeidskravet er retta mot opplæring på småtrinnet.

    Vurdering og kartleggingsverktøy, oppfølging og tilpassa opplæring

    Tilpassa opplæring for ulike elevgrupper er eit gjennomgåande perspektiv i undervisninga i norskfaget.Studentane lærer å vurdere korleis elevane utviklar seg i norskfaget. Dei tileigner seg kunnskap om og evne til å vurdere både kartleggingsverktøy og andre former for undervegs- og sluttvurdering. I emne 2 har studentane eit fleirfagleg arbeidskrav om vurderingsformer knytt til praksis.

    Grunnleggande ferdigheiter

    Undervisninga i både Norsk 1 og Norsk 2 tek på ulike måtar vare på dei grunnleggjande ferdigheitene munnlegheit, lesing, skriving og digitale ferdigheiter. I Norsk I deltek studentane i eit fleirfagleg arbeid om språk, læring og grunnleggande ferdigheiter som også inkluderer den grunnleggande ferdigheita rekning.

    Digital kompetanse

    Digital kompetanse og kunnskap om didaktisk bruk av digitale verktøy er integrert i arbeidsmåtane i faget. Dette gjeld til dømes arbeid med å lese, analysere og produsere samansette digitale tekstar. Studentane bruker i Norsk 1 digitale presentasjonsverktøy, arbeider med mappeskriving og analyserer digitale læremiddel. Dei gir i tillegg digital respons på ulike måtar i både Norsk 1 og 2. I Norsk 2 produserer studentane digital bildebok.

    Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet og internasjonale perspektiv

    Norskfaget er eit kulturfag. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Studentane skal forstå korleis identiteten til barn og unge blir danna i møtet med språk og tekst i eit samfunn med stort mangfald. Mangfaldsperspektivet inkluderer mellom anna tema som kjønn, seksualitet, funksjonalitet og ulik kulturell bakgrunn. Dette perspektivet blir vektlagt gjennom utvalet av tekstpensumet i norskfaget, og gjennom den tolkingskompetansen arbeidet med litteratur gir. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

    I arbeid med skjønnlitteraturen i Norsk 2 får studenten undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv som kontrasterer og konfronterer studentens eigne kulturelle og verdimessige ståstader. Slik kan studentane trene evne til refleksjon og forståing av menneskelege forhold og andre sine erfaringar. I Norsk 2 er nordisk kulturell og språkleg forståing og samarbeid vektlagt. I dette semesteret blir delar av undervisninga lagt til eit 3-5 dagars studieopphald i eit nordisk land. På pensum er det lagt opp nordiskspråkleg litteratur og internasjonal litteratur i omsetjing.

    Estetiske arbeidsmåtar

    Estetiske arbeidsmåtar er ein viktig del av norskfaget. Det er ein sentral del i fleire arbeidskrav. I Norsk I gjeld det til dømes munnleg forteljing, i det fleirfaglege arbeidskravet i begynnaropplæringa knytt til emne 3, arbeid med digitale læringsressursar og arbeid med bildebok. I undervisninga i Norsk 1 og 2 møter også studenten dramapedagogiske arbeidsmåtar. Studentane har i Norsk 1 dramakurs og kurs i stemmebruk, song og musikk. I Norsk 2 er estetiske arbeidsmåtar vektlagt i arbeidskrava adaptasjon av klassikarar og produksjon av digital bildebok. Forskingsforankring

    Gjennom møtet med forsking skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon over eigen praksis og den kollektive praksisen i skulen. I norskfaget blir studentane introduserte for forskingsbasert kunnskap og tileignar seg kompetanse i å kunne vurdere, bruke og formidle relevante og oppdaterte forskingsresultat. Det er ein progresjon i utviklinga av forskingskompetansen. I Norsk 1, emne 1 har studentane ei fleirfagleg oppgåve der dei reflekterer teoretisk over observasjonar frå praksis, i emne 2 leverer dei ei digital mappe med fagtekstar, og i emne 3 skriv studentane ei fagoppgåve om begynnaropplæring. Dette arbeidet skal leggje grunnlaget for det store FoU-arbeidet på Norsk 2, som utgjer den eine deleksamenen.

    Psykososialt læringsmiljø

    Trening av tolkingskompetanse styrker demokratisk kompetanse, og skjønnlitteraturens særlege evne til å styrke førestellingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med psykososialt læringsmiljø og nærskylde tema i norskfaget (jf. innleiinga). Også arbeid med språk er relevant for arbeid med psykososialt læringsmiljø, mellom anna gjennom å lære å sjå kritisk på og vere medviten om korleis andre og ein sjølv brukar språket.

    Det semesteret studentane tek emne 3, deltek dei i ei fleirfagleg temaperiode om psykososialt læringsmiljø. I norskfaget dette semesteret vil studentane også arbeide med korleis dei kan bruke bildebøker i samband med tema som fellesskap og oppleving av det å stå utanfor, mobbing, vald og overgrep i nære relasjonar osb.

    Samiske forhold og rettar

    Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er ein viktig del av norskfaget. I Norsk 1 legg undervisninga vekt på samisk munnleg forteljing, eventyr og segner. I Norsk 2 får studenten utvida kunnskap om samisk språk, kultur og litteratur.

    Berekraftig utvikling

    Berekraftig utvikling er ikkje eit eige tema i norskfaget, men arbeid med skjønnlitteratur styrker på ein særleg måte førestellingsevne og empati. Dette er sentrale føresetnader for å kunne medverke til berekraftig utvikling. I tillegg vil arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene, også for studentane, styrkje den demokratiske deltakarkompetansen, og dermed føresetnadene for å arbeide konstruktivt for berekraftig utvikling. I løpet av semesteret med Norsk 2 deltek studentane i tillegg på ei fleirfagleg veke om berekraftig utvikling.

    Praksistilknyting, klasseleiing og lærarrolle

    Praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanningane er rettleidd og går over fire studieår. For nærare informasjon om praksisopplæringa, sjå plan for praksisopplæring i grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7. For å sikre progresjon i praksisopplæringa beskriv planen profesjonstema for dei ulike studieåra. Fleire av arbeidskrava i norskfaget er basert på observasjonar og erfaringar som studenten får i praksisperioden. I Norsk 1 er det til dømes fleirfaglege arbeidskrav knytt til praksis i alle tre emne. I Norsk 2 gjeld dette mellom anna arbeidskravet om adaptasjon av klassikarar. I praksisperiodane arbeider studentane også med kva det vil seie å vere ein god klasseleiar og lærar.

    Skikkavurdering

    Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Skikkavurdering skjer gjennom heile studiet med ei heilskapleg vurdering om kva faglege og personlege føresetnader studenten har for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ein mogeleg fare for elevane, livet, den fysiske eller psykiske helsa, rettane eller tryggleiken deira, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser liten evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogeleg i utdanninga få melding om dette. Dei skal få råd og rettleiing for å gjere dei i stand til å oppfylle krava om å vere skikka som lærar, eller få råd om å avslutte utdanninga. Avgjerder om studenten er skikka eller ikkje kan fattast gjennom hele studiet.

    Sjå nettstaden til OsloMet for meir informasjon om skikkavurdering.

    Arbeids- og undervisningsformer i faget

    Arbeids- og undervisningsformene i norskfaget vil i stor grad integrere dei faglege og didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. Praktisk-estetiske arbeidsformer og digitale verktøy blir nytta i eigen tekstskaping, presentasjonar og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i korleis dei kan nytte ulike praktisk-estetiske arbeidsmåtar og digitale verktøy på måtar som fremjar fagleg progresjon, mellom anna ved å tolke, vurdere og produsere ulike typar samansette tekstar.

    Arbeidskrav

    Godkjende arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar er ein føresetnad for å få rett til å ta eksamen. Arbeidskrav kan òg involvere framføringar og munnleg/skriftleg respons på andre sine arbeidskrav. Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilt høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskravet.

    Arbeidskrav blir vurderte til ”Godkjent” eller ”Ikkje godkjent”. Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga ”Ikkje godkjent”, har høve til to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.

    I programplanen er dei fagovergripande temaa i dei ulike studieåra og semestera omtalte. I tilknyting til desse kan det vere krav til deltaking og/eller andre arbeidskrav.

    Meir informasjon om arbeidskrav finst i emneplanane.

    Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff.

    Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet. Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.

    Vurderings-/eksamensformer

    Meir informasjon om vurderings-/eksamensformer finst i emneplanane.

    Vurderingskriterium for Norsk 1

    A, Framifrå: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

    B, Mykje god: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

    C, God: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

    D, Nokså god: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt språkleg formulert.

    E, Tilstrekkeleg: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

    F, Ikkje bestått: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

    Vurderingskriterium for Norsk 2

    A, Framifrå: Framifrå prestasjon som klårt merker seg ut. Kandidaten viser svært god vurderingsevne, stor faglig oversikt og stor grad av sjølvstende. Arbeidet er særleg godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    B, Mykje god: Mykje god prestasjon som viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er svært godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    C, God: Solid prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og

    sjølvstende på dei fleste områda. Arbeidet er godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    D, Nokså god: Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er nokså godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

    E, Tilstrekkeleg: Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men ikkje meir. Arbeidet er tilfredsstillande utforma både når det gjeld innhald og språk.

    F, Ikkje bestått: Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava fagleg og og/eller når det gjeld utforming av innhald og språk.

    Utfyllande kriterium for FoU-oppgåva vil gå fram av retningslinjene som blir kunngjorde ved oppstart av emne 4.

    Rettar og plikter ved eksamen

    Rettane og pliktene til eksamenskandidaten går fram av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskrifta beskriv mellom anna vilkår for ny/utsett eksamen, høve til klage og kva som blir rekna som fusk ved eksamen.

  • Grading scale

    I emne 1 får studentane inngåande kunnskap om språket som system, grammatikk, og om språket som reiskap for tenking og læring. Dei får også god kunnskap om språket som reiskap for kommunikasjon og identitetsdanning, blant anna gjennom å arbeide med forteljing og dialog, og å skrive refleksjonstekstar.

  • Examiners

    Det blir nytta to interne sensorar. Ein tilsynsynsensor er tilknytta emnet.