Programplaner og emneplaner - Student
M1GNO2100 Norsk 1, emne 3 Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Norwegian 1, Subject 3
- Omfang
- 10.0 stp.
- Studieår
- 2026/2027
- Emnehistorikk
-
- Pensum
-
HØST 2026
- Timeplan
-
Innledning
Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.
Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.
Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.
Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.
Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving
Norskfaget på 1-7 skal gje studentane kunnskap om begynnaropplæring, mellom anna tidleg lese- og skriveutvikling og innsikt i arbeidsmåtar på småtrinnet. Studentane skal lære om overgang frå barnehage til skole i eit norskfagleg perspektiv, blant anna med tanke på den munnlege kompetansen til elevane. Studentane skal lære om korleis elevar lærer og utviklar språk, og korleis skulen kan styrke dette. Kunnskap om det fleirspråklege klasserommet i begynnaropplæringa er sentralt. Vidare lærer studentane korleis dei kan nytte leikande og utforskande tilnærmingar i norskfaget.
-
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har omfattande kunnskap om barns språkutvikling
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på dikt og bildebøker
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis for trinn1-4
- har kunnskap om læremiddel for trinn 1-4, både digitale og andre
- har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for elevar på 1.-4. trinn
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre for elevar på 1.-4. trinn
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
-
Innhold
I emne 3 byggjer arbeidet i norskfaget vidare på kunnskapane frå emne 1 og 2, og studentane arbeider særleg med begynnaropplæring i dette emnet. Det er særleg vekt på den første lese- og skriveopplæringa og praktisk-estetiske arbeidsformer. Undervisninga knyter linjer tilbake til og utdjupar det grunnleggjande språkperspektivet i emne 1, og byggjer vidare på og spissar litteratur- og tekstperspektivet i emne 2.
-
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeids- og undervisningsformene i norskfaget vil i stor grad integrere dei faglege og didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. Praktisk-estetiske arbeidsformer og digitale verktøy blir nytta i eigen tekstskaping, presentasjonar og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i korleis dei kan nytte ulike praktisk-estetiske arbeidsmåtar og digitale verktøy på måtar som fremjar fagleg progresjon, mellom anna ved å tolke, vurdere og produsere ulike typar samansette tekstar.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjende arbeidskrav og krav om oppmøte i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Fleirfagleg arbeid med begynnaropplæring
Ei individuell oppgåve knytt til faga norsk, matematikk og pedagogikk og elevkunnskap om begynnaropplæring. Utgangspunktet for arbeidskravet er to observasjonsdagar i 1. klasse. Arbeidskravet inneheld ei skriftleg oppgåve med eit omfang på 2200 ord +/- 10 %. Føremålet med oppgåva er å få reflektert over fleirfaglege perspektiv knytt til begynnaropplæring.
Målform: Nynorsk
- Lage ei bildebok
Studentane lager ei bildebok for 5-7-åringen i grupper på to til fire studentar. Føremålet med arbeidskravet er at studentane skal bruke estetiske arbeidsmåtar og å modellere ei arbeidsform som er tenkt brukt på småtrinnet.
Målform: Valfri.
- Dikt, digitale og analoge uttrykksformer
Studentane presenterer eit utval dikt i grupper ved bruk av digitale og analoge uttrykksformer, og bruk av musiske og dramapedagogiske element. Føremålet med arbeidskravet er å utforske ulike uttrykksformer for tekstskaping og tekstpresentasjon som modellerer arbeidsformer til bruk på småtrinnet. Arbeidet med diktframføringa er eit samarbeid mellom musikk og norskfaget, og er dermed fagovergripande (jf. programplanen om fagovergripande tema ulike studieår). Det er krav om deltaking i kurs i musikk i samband med arbeidskravet.
Krav til oppmøte:
Det blir kravd 80 prosent oppmøte i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent inneber at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet.
Sjå programplan for utfyllande informasjon om obligatoriske aktivitetar og krav til oppmøte.
-
Vurdering og eksamen
Individuell munnleg eksamen på om lag 20 minutt med 30 minutt førebuing.
Ny/utsett eksamen blir arrangert som ved ordinær eksamen.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Analoge hjelpemiddel tillatne i førebuingsfasen.
-
Vurderingsuttrykk
Det blir gitt gradert karakter frå A-E for bestått og F for ikkje bestått.
-
Sensorordning
To interne sensorar. Ein tilsynssensor er tilknytt emnet etter retningslinjene for oppnemning og bruk av sensorar ved OsloMet.