EPN

M1GNO1200 Norsk 1, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 1, Subject 2
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2020/2021
Timeplan
Emnehistorikk

Fagplan

FAGPLAN

Norsk 1 (30 studiepoeng)

Norsk 2 (30 studiepoeng)

Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7

Fagplanen blei godkjent i studieutvalet 9. november 2016

Pensum oppdatert 22. mai 2017

Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2017, 19. april og 7. juni 2018 

Redaksjonelle endringar lagt inn 3. juli 2019, 30. januar 2020 og 21. mai 2021

Gjeldande frå haustsemesteret 2020

Innleiing

Fagplanen bygger på forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for trinn 1-7, fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2016, nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7 av 1. september 2016 og programplan for grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 ved OsloMet, fastsett av studieutvalet 16. november 2016.

Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle

for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Språket er dermed sentralt for identitetsutviklinga til den enkelte språkbrukaren samstundes som det speglar og gir tilgang til  kultur- og samfunnsutviklinga. Språket er inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal norskfaget i lærarutdanninga legge grunnlaget for at studentane kan medverke til at elevar utviklar språk- og tekstkunnskap og blir trygge og aktive språkbrukarar. 

Litterære tekstar går i dialog med utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar i kulturen. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 1.-7. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

Grunnskulelæraren i norsk har eit særskilt ansvar for å utvikle tolkingskompetansen til elevane. I eit tekstbasert samfunn er evna til å forstå, skape og bruke skriftlege og munnlege tekstar ein føresetnad for å nå livsmål, kunne halde fram å lære og kunne delta på demokratiske og kulturelle arenaer. Tekstar er tett innvovne i dei kontekstane dei blir skapte og brukte i. Evna til å bruke, forstå og skape tekstar er derfor knytt til tolking av tekst og kontekst. I norskfaget blir kontekstmedvit trent gjennom tolking av tekst i både historiske og samtidige kontekstar.

Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving. IKT er derfor integrert i studiet, både knytt til fagdidaktisk arbeid retta mot norskundervisning i skulen og som reiskap i studentens eigen læringsprosess.

Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For reglar om fritak, sjå forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, § 5.

Målgruppe

Studentar som har fått opptak til femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Lærarar som ønsker vidareutdanning (gjeld ev. Norsk 2).

Opptakskrav

Faget er tilgjengeleg for studentar ved grunnskulelærarutdanninga ved OsloMet, i tråd med programplanane for utdanninga. Dei første 30 studiepoenga, Norsk 1, emne 1-3, er obligatorisk fag på lærarutdanninga trinn 1-7, Norsk 2 (30 studiepoeng) er valfag. Interne søkjarar som søkjer opptak til Norsk 2 medan dei framleis er aktive studentar ved grunnskulelærarutdanninga for trinn 1-7, kan få opptak utan å ha fullført Norsk 1.

Eksterne søkjarar (gjelde ev. Norsk 2) må ha bestått lærarutdanning som kvalifiserer for arbeid i skulen. Opptak til Norsk 2 krev fullført Norsk 1 eller tilsvarande.

Søkjarar som Utdanningsdirektoratet har vurdert til å ha lærarutdanning frå utlandet, men som manglar fag/studiepoeng for å bli godkjent lærar i norsk grunnopplæring, kan også søke. Slike søkjarar må i tillegg oppfylle kravet til generell studiekompetanse.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet er formulert i tråd med dei nasjonale retningslinjene for faget Norsk 1 og 2 trinn 1-7, sjå nærare omtale i emneplanane.

Innhald og oppbygging av faget

Norsk 1 (30 studiepoeng) er bygd opp av tre emne à 10 studiepoeng. Norsk 2 består av eitt emne à 30 studiepoeng. Norsk 2 byggjer på Norsk 1. Undervisninga i Norsk 1 er lagt over tre semester, medan undervisninga i Norsk 2 er lagt til eitt semester. Minste kompetansegivande eining for dette faget er 30 studiepoeng.

Fleirfaglege tema

I fleire av emna inngår fleirfaglege temaperiodar eller temaveker, i tillegg til at emna nedanfor er fagovergripande. Det gjeld arbeid med språk og læring, vurderingsformer, praktisk-estetiske arbeidsformer, begynnaropplæring og fellestema i samband med praksisretta oppgåver (sjå meir informasjon om praksis i fagplanen for praksis).

 

Begynnaropplæring

Den første lese- og skriveopplæringa er hovudtema i emne 3 (10 studiepoeng) i Norsk 1, og studentane skriv og presenterer munnleg ei fleirfagleg fagoppgåve om begynnaropplæring med vekt på praktisk-estetiske læringsprosessar. I Norsk 2 får studenten utvida innsikt i temaet begynnaropplæring gjennom undervisninga, og det digitale arbeidskravet er retta mot opplæring på småtrinnet.

 

Vurdering og kartleggingsverktøy, oppfølging og tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring for ulike elevgrupper er eit gjennomgåande perspektiv i undervisninga i norskfaget. Studentane lærer å vurdere korleis elevane utviklar seg i norskfaget. Dei tileigner seg kunnskap om og evne til å vurdere både kartleggingsverktøy og andre former for undervegs- og sluttvurdering. I emne 2 har studentane eit fleirfagleg arbeidskrav om vurderingsformer knytt til praksis.

 

Grunnleggande ferdigheiter

Undervisninga i både Norsk 1 og Norsk 2 tek på ulike måtar vare på dei grunnleggjande ferdigheitene munnlegheit, lesing, skriving og digitale ferdigheiter. I Norsk I deltek studentane i eit fleirfagleg arbeid om språk, læring og grunnleggande ferdigheiter som også inkluderer den grunnleggande ferdigheita rekning.

Digital kompetanse

Digital kompetanse og kunnskap om didaktisk bruk av digitale verktøy er integrert i arbeidsmåtane i faget. Dette gjeld til dømes arbeid med å lese, analysere og produsere samansette digitale tekstar. Studentane bruker i Norsk 1 digitale presentasjonsverktøy, arbeider med mappeskriving og analyserer digitale læremiddel. Dei gir i tillegg digital respons på ulike måtar i både Norsk 1 og 2. I Norsk 2 produserer studentane digital bildebok.

 

Lærararbeid i det mangfaldige klasserommet og internasjonale perspektiv

Norskfaget er eit kulturfag. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som gjer dei i stand til å møte og forstå ulikskap og bruke mangfaldet som ein ressurs i norskfaget. Studentane skal forstå korleis identiteten til barn og unge blir danna i møtet med språk og tekst i eit samfunn med stort mangfald. Mangfaldsperspektivet inkluderer mellom anna tema som kjønn, seksualitet, funksjonalitet og ulik kulturell bakgrunn. Dette perspektivet blir vektlagt gjennom utvalet av tekstpensumet i norskfaget, og gjennom den tolkingskompetansen arbeidet med litteratur gir. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

 

I arbeid med skjønnlitteraturen i Norsk 2 får studenten undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv som kontrasterer og konfronterer studentens eigne kulturelle og verdimessige ståstader. Slik kan studentane trene evne til refleksjon og forståing av menneskelege forhold og andre sine erfaringar. I Norsk 2 er nordisk kulturell og språkleg forståing og samarbeid vektlagt. I dette semesteret blir delar av undervisninga lagt til eit 3-5 dagars studieopphald i eit nordisk land. På pensum er det lagt opp nordiskspråkleg litteratur og internasjonal litteratur i omsetjing.

 

Estetiske arbeidsmåtar

Estetiske arbeidsmåtar er ein viktig del av norskfaget. Det er ein sentral del i fleire arbeidskrav. I Norsk I gjeld det til dømes munnleg forteljing, i det fleirfaglege arbeidskravet i begynnaropplæringa knytt til emne 3, arbeid med digitale læringsressursar og arbeid med bildebok. I undervisninga i Norsk 1 og 2 møter også studenten dramapedagogiske arbeidsmåtar. Studentane har i Norsk 1 dramakurs og kurs i stemmebruk, song og musikk. I Norsk 2 er estetiske arbeidsmåtar vektlagt i arbeidskrava adaptasjon av klassikarar og produksjon av digital bildebok. Forskingsforankring

Gjennom møtet med forsking skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon over eigen praksis og den kollektive praksisen i skulen. I norskfaget blir studentane introduserte for forskingsbasert kunnskap og tileignar seg kompetanse i å kunne vurdere, bruke og formidle relevante og oppdaterte forskingsresultat. Det er ein progresjon i utviklinga av forskingskompetansen. I Norsk 1, emne 1 har studentane ei fleirfagleg oppgåve der dei reflekterer teoretisk over observasjonar frå praksis, i emne 2 leverer dei ei digital mappe med fagtekstar, og i emne 3 skriv studentane ei fagoppgåve om begynnaropplæring. Dette arbeidet skal leggje grunnlaget for det store FoU-arbeidet på Norsk 2, som utgjer den eine deleksamenen.

 

Psykososialt læringsmiljø

Trening av tolkingskompetanse styrker demokratisk kompetanse, og skjønnlitteraturens særlege evne til å styrke førestellingsevne og empati kjem inn som ein viktig del av arbeidet med psykososialt læringsmiljø og nærskylde tema i norskfaget (jf. innleiinga). Også arbeid med språk er relevant for arbeid med psykososialt læringsmiljø, mellom anna gjennom å lære å sjå kritisk på og vere medviten om korleis andre og ein sjølv brukar språket.

 

Det semesteret studentane tek emne 3, deltek dei i ei fleirfagleg temaperiode om psykososialt læringsmiljø. I norskfaget dette semesteret vil studentane også arbeide med korleis dei kan bruke bildebøker i samband med tema som fellesskap og oppleving av det å stå utanfor, mobbing, vald og overgrep i nære relasjonar osb.

Samiske forhold og rettar

Kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur er ein viktig del av norskfaget. I Norsk 1 legg undervisninga vekt på samisk munnleg forteljing, eventyr og segner. I Norsk 2 får studenten utvida kunnskap om samisk språk, kultur og litteratur.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er ikkje eit eige tema i norskfaget, men arbeid med skjønnlitteratur styrker på ein særleg måte førestellingsevne og empati. Dette er sentrale føresetnader for å kunne medverke til berekraftig utvikling. I tillegg vil arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene, også for studentane, styrkje den demokratiske deltakarkompetansen, og dermed føresetnadene for å arbeide konstruktivt for berekraftig utvikling. I løpet av semesteret med Norsk 2 deltek studentane i tillegg på ei fleirfagleg veke om berekraftig utvikling.

 

Praksistilknyting, klasseleiing og lærarrolle

Praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanningane er rettleidd og går over fire studieår. For nærare informasjon om praksisopplæringa, sjå plan for praksisopplæring i grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7. For å sikre progresjon i praksisopplæringa beskriv planen profesjonstema for dei ulike studieåra. Fleire av arbeidskrava i norskfaget er basert på observasjonar og erfaringar som studenten får i praksisperioden. I Norsk 1 er det til dømes fleirfaglege arbeidskrav knytt til praksis i alle tre emne. I Norsk 2 gjeld dette mellom anna arbeidskravet om adaptasjon av klassikarar. I praksisperiodane arbeider studentane også med kva det vil seie å vere ein god klasseleiar og lærar.

 

Skikkavurdering

Lærarutdanningsinstitusjonane har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Skikkavurdering skjer gjennom heile studiet med ei heilskapleg vurdering om kva faglege og personlege føresetnader studenten har for å kunne fungere som lærar. Ein student som utgjer ein mogeleg fare for elevane, livet, den fysiske eller psykiske helsa, rettane eller tryggleiken deira, er ikkje skikka for yrket. Studentar som viser liten evne til å meistre læraryrket, skal så tidleg som mogeleg i utdanninga få melding om dette. Dei skal få råd og rettleiing for å gjere dei i stand til å oppfylle krava om å vere skikka som lærar, eller få råd om å avslutte utdanninga. Avgjerder om studenten er skikka eller ikkje kan fattast gjennom hele studiet.

Sjå nettstaden til OsloMet for meir informasjon om skikkavurdering.

Arbeids- og undervisningsformer i faget

Arbeids- og undervisningsformene i norskfaget vil i stor grad integrere dei faglege og didaktiske aspekta. Det vil vere ein kombinasjon av førelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentane vil få variert erfaring med presentasjon, respons og fagleg refleksjon. Praktisk-estetiske arbeidsformer og digitale verktøy blir nytta i eigen tekstskaping, presentasjonar og tileigning av fagstoff. Studentane vil vidare få erfaring med og innsikt i korleis dei kan nytte ulike praktisk-estetiske arbeidsmåtar og digitale verktøy på måtar som fremjar fagleg progresjon, mellom anna ved å tolke, vurdere og produsere ulike typar samansette tekstar.

Arbeidskrav

Godkjende arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar er ein føresetnad for å få rett til å ta eksamen. Arbeidskrav kan òg involvere framføringar og munnleg/skriftleg respons på andre sine arbeidskrav. Arbeidskrav skal vere leverte/utførte innan fastsett(e) frist(ar). Fråvær dokumentert med til dømes sjukemelding, fritar ikkje for å innfri arbeidskrav. Studentar som på grunn av sjukdom eller annan dokumentert årsak ikkje leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, kan få forlenga frist. I kvart einskilt høve må studenten avtale ny frist med læraren for å innfri arbeidskravet.

Arbeidskrav blir vurderte  til "Godkjent" eller "Ikkje godkjent". Studentar som leverer/utfører arbeidskrav innan fristen, men som får vurderinga "Ikkje godkjent", har høve til to nye innleveringar/utføringar. Studentane må då sjølve avtale ny innlevering og vurdering av arbeidskravet med faglærar.

I programplanen er dei fagovergripande temaa i dei ulike studieåra og semestera omtalte. I tilknyting til desse kan det vere krav til deltaking og/eller andre arbeidskrav.

Meir informasjon om arbeidskrav finst i emneplanane.

Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff.

Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet.

Gyldig fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.

Vurderings-/eksamensformer

Sjå i den enkelte emneplanen for informasjon om eksamen.

Rettar og plikter ved eksamen

Rettane og pliktene til eksamenskandidaten går fram av forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Forskrifta beskriv mellom anna vilkår for ny/utsett eksamen, høve til klage og kva som blir rekna som fusk ved eksamen.

Vurderingskriterium for Norsk 1

A, Framifrå: Arbeidet viser framifrå kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om framifrå evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er særs godt og korrekt formulert språkleg.

B, Mykje god: Arbeidet viser mykje gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om mykje god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er mykje godt og korrekt formulert språkleg.

C, God: Arbeidet viser gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om god evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Og arbeidet er godt og korrekt formulert språkleg.

D, Nokså god: Arbeidet viser varierande og/eller avgrensa kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar om varierande og/eller avgrensa evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet er delvis godt og korrekt språkleg formulert.

E, Tilstrekkeleg: Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget. Det vitnar av og til om evne til fagleg refleksjon og sjølvstendig tenking. Arbeidet tilfredsstiller minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling.

F, Ikkje bestått: Arbeidet viser utilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter innanfor kompetanseområda i faget og/eller arbeidet tilfredsstiller ikkje minimumskrava til god og korrekt språkleg framstilling. Evne til refleksjon og sjølvstendig tenking kjem ikkje til uttrykk.

Vurderingskriterium for Norsk 2

A, Framifrå: Framifrå prestasjon som klårt merker seg ut. Kandidaten viser svært god vurderingsevne, stor faglig oversikt og stor grad av sjølvstende. Arbeidet er særleg godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

B, Mykje god: Mykje god prestasjon som viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er svært godt utforma både når det gjeld innhald og språk. 

C, God:  Solid prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei fleste områda. Arbeidet er godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

D, Nokså god: Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. Arbeidet er nokså godt utforma både når det gjeld innhald og språk.

E, Tilstrekkeleg: Prestasjon som tilfredsstiller minimumskrava, men ikkje meir. Arbeidet er tilfredsstillande utforma både når det gjeld innhald og språk.

F, Ikkje bestått: Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava fagleg og og/eller når det gjeld utforming av innhald og språk.

Utfyllande kriterium for FoU-oppgåva vil gå fram av retningslinjene som blir kunngjorde ved oppstart av emne 4.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om metodar i den andre lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om språkleg identitet og litteratur for barn og unge som tematiserer språkleg og kulturell identitet
  • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for 1.-7. trinn, både digitale og andre

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for elevar på mellomtrinnet
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtalar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, for elevar på mellomtrinnet
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale litterære emne, skriving, lesing og munnlege ferdigheiter og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

Innhold

Arbeidet i emne 2 byggjer vidare på kunnskapane frå emne 1. I emne 2 arbeider studentane særleg med tekstar som kjelde til kunnskap, estetisk utforsking og identitetsdanning, samt som reiskap for demokratisk deltaking. Studentane arbeider med å utvikle eigen lese- og skriveferdigheit, lyttekompetanse og munnleg ferdigheit, og med å leggje til rette arbeid med desse ferdigheitene for mellomtrinnselevane. Dei arbeider med varierte typar tekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, og varierte arbeidsmåtar til bruk for læring i norskfaget for mellomtrinnselevane.

Arbeids- og undervisningsformer

Sjå fagplanen.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Arbeidskrava må vere godkjende for at studentane skal kunne levere digital skriftleg mappeeksamen i norsk. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

Arbeidskrav 1: Skriftleg digital arbeidsmappe

Arbeidsmappa gir tekstgrunnlag for den skriftlege digitale vurderingsmappa til eksamen. Til denne mappa høyrer to lange akademiske tekstar, og to kortare tekstar.

Fire individuelle fagtekstar skrivne på nynorsk på mellom 700 og 2200 ord etter nærare retningslinjer i dokument om skriftleg vurderingsmappe, som også omfattar arbeid med medstudentrespons. Emna for tekstane er henta frå dei norskfaglege emna barnelitteratur, elevtekstanalyse og arbeid med lesing og skriving.

Føremålet med arbeidskrava er å arbeide jamt med utvikling av akademisk skrivekompetanse og å reflektere over aktuelt fagstoff, samt gi tekstar å velje i til den skriftlege digitale vurderingsmappa.

Fristane for innlevering er definerte i undervisningsplanen og i dokumentet om skriftleg vurderingsmappe.

Målform: Nynorsk.

Arbeidskrav 2: Vurdering og tilbakemelding

Ei fleirfagleg oppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap og matematikk på 3000 ord +/- 10 % der studentane arbeider i gruppe med 2-3 studentar med å reflektere over vurderingsformer i tilknyting til matematikk og norsk. Føremålet med arbeidskravet er auka kunnskap om og ferdigheit i vurdering, samt etablering av fagleg grunnlag for å vurdere ulike vurderingsformer kritisk. Studentane hentar empirisk materiale frå praksisskulen når dei er i praksis.

Dersom arbeidskravet ikkje blir godkjent, får studentane ein ny frist til å levere eit nytt forbetra arbeidskrav éin gong.

Målform: Nynorsk.

Arbeidskrav 3: Litterær samtale

Gruppesamtale på om lag 30 minutt om skjønnlitteratur og sakprosa for barn og arbeid med litteratur i klasserommet. Føremålet med arbeidskravet er å vise god kjennskap til tekstpensum i barnelitteratur, evne til refleksjon over litteraturen og arbeid med denne i klasserommet, samt å styrke kompetansen i bruk av litterær samtale. 

Obligatorisk 4: Krav om obligatorisk deltaking i faglige aktivitetar

Det er obligatorisk deltaking i all undervisning, og dette er også eit arbeidskrav. Føremålet med undervisninga er å få erfaring med varierte arbeidsmetodar til bruk i klasserommet. Studentane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som dei ikkje kan tileigne seg berre ved lesing av pensum. I undervisninga opparbeider studentane profesjonskompetanse gjennom samhandling med medstudentar og faglærar. Undervisningsøktene inneheld studentaktive metodar som arbeid med læringspartnar, litterære samtalar, drama, klassedialog, spontane og planlagde studentframlegg og gruppearbeid, i tillegg til formidling av kunnskapsstoff.

Det er krav om oppmøte på minimum 80 % i faglege aktivitetar og undervisning i alle emne. Ved fråvær utover 20 %, og inntil 40 %, vil det bli gitt kompensatorisk arbeid som kan inkludere krav om oppmøte. Form og omfang blir bestemt av faglærar. Ved fråvær utover 40 %, vil studenten bli trekt frå eksamen i emnet.

Fråvær dokumentert med for eksempel sjukemelding, gir ikkje fritak for kravet om deltaking og eventuelt kompensatorisk arbeid.

Fagovergripande tema

I programplanen er det beskrive ulike fagovergripande tema på dei ulike studieåra. Det er krav om deltaking i desse faglege aktivitetane.

Knytt til emne 2 er følgjande faglege aktivitetar:

¿           Akademisk skriving 1 - del 3 (obligatorisk 4)

Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnd over medfører at studenten ikkje får ta eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. Studentar som ikkje oppfyller kravet om deltaking, må snarast mogleg ta kontakt med faglærar.

Vurdering og eksamen

Individuell skriftleg mappeeksamen.

Studentane vel to tekstar frå arbeidsmappa (sjå under arbeidskrav over) etter nærare retningslinjer i undervisningsplanen. I tillegg skriv dei ein refleksjonstekst på 900 ord +/- 10 %, der dei mellom anna grunngir vala av tekstar til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.

Målform: nynorsk.

Studentar som utan gyldig grunn ikkje har lagt inn tekstar innan fristane i den skriftlege digitale arbeidsmappa, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle tekstane i arbeidsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.

Dersom studenten har stroke, kan han levere utbetra vurderingsmappe til ny eksamen. Også refleksjonsteksten må skrivast om for å gjere greie for endringane i tekstane i vurderingsmappa.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Vurderingsuttrykk

Det blir gitt gradert karakter A-F, der A-E er bestått og F er ikkje bestått.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.