EPN-V2

M1GNO1200 Norsk 1, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 1, Subject 2
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2018/2019
Timeplan
Emnehistorikk

Forkunnskapskrav

Eksamensform

Eksamen består av en 4-timers individuell skriftlig eksamen under tilsyn.

Ny/utsatt eksamen

Ny/utsatt eksamen arrangeres som ved ordinær eksamen.

Læringsutbytte

Kalkulator - ikke programmerbar.

Innhold

Arbeidet i emne 2 byggjer vidare på kunnskapane frå emne 1. I emne 2 arbeider studentane særleg med tekstar som kjelde til kunnskap, estetisk utforsking og identitetsdanning, samt som reiskap for demokratisk deltaking. Studentane arbeider med å utvikle eigen lese- og skriveferdigheit, lyttekompetanse og munnleg ferdigheit, og med å leggje til rette arbeid med desse ferdigheitene for mellomtrinnselevane. Dei arbeider med varierte typar tekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, og varierte arbeidsmåtar til bruk for læring i norskfaget for mellomtrinnselevane.

Arbeids- og undervisningsformer

Det benyttes en gradert karakterskala fra A til E for bestått og F for ikke bestått eksamen.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Arbeidskrava må vere godkjende for at studentane skal kunne levere digital skriftleg mappeeksamen i norsk. Sjå fagplandelen ovanfor for nærare informasjon om krav til innlevering og vilkår ved manglande innlevering.

Vurdering og tilbakemelding

Ei fleirfagleg oppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap og matematikk på 3000 ord +/- 10 % der studentane arbeider i gruppe med 2-3 studentar med å reflektere over vurderingsformer i tilknyting til matematikk og norsk. Føremålet med arbeidskravet er auka kunnskap om og ferdigheit i vurdering, samt etablering av fagleg grunnlag for å vurdere ulike vurderingsformer kritisk. Studentane hentar empirisk materiale frå praksisskulen når dei er i praksis.

Dersom arbeidskravet ikkje blir godkjent, får studentane ein ny frist til å levere eit nytt forbetra arbeidskrav éin gong.

Målform: Nynorsk.

Skriftleg digital arbeidsmappe

Arbeidsmappa gir tekstgrunnlag for den skriftlege digitale vurderingsmappa til eksamen. Til denne mappa høyrer to lange akademiske tekstar, og to kortare tekstar.

Fire individuelle fagtekstar skrivne på nynorsk på mellom 700 og 2200 ord etter nærare retningslinjer i dokument om skriftleg vurderingsmappe, som også omfattar arbeid med medstudentrespons. Emna for tekstane er henta frå dei norskfaglege emna barnelitteratur, elevtekstanalyse og arbeid med lesing og skriving.

Føremålet med arbeidskrava er å arbeide jamt med utvikling av akademisk skrivekompetanse og å reflektere over aktuelt fagstoff, samt gi tekstar å velje i til den skriftlege digitale vurderingsmappa.

Fristane for innlevering er definerte i undervisningsplanen og i dokumentet om skriftleg vurderingsmappe.

Målform: Nynorsk.

Litterær samtale

Gruppesamtale på om lag 15 minutt om skjønnlitteratur og sakprosa for barn og arbeid med litteratur i klasserommet. Føremålet med arbeidskravet er å vise god kjennskap til tekstpensum i barnelitteratur, evne til refleksjon over litteraturen og arbeid med denne i klasserommet, samt å styrke kompetansen i bruk av litterær samtale.

Fagovergripande tema

I programplanen er det beskrive ulike fagovergripande tema på dei ulike studieåra. Det er krav om deltaking i desse faglege aktivitetane.

Knytt til emne 2 er følgjande faglege aktivitetar:

¿ Akademisk skriving 1 - del 3

Manglande deltaking i faglege aktivitetar nemnd over medfører at studenten ikkje får ta eksamen i det emnet kravet om deltaking er knytt til. Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking. Studentar som ikkje oppfyller kravet om deltaking, må snarast mogleg ta kontakt med faglærar.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Vurderingsuttrykk

Det blir gitt gradert karakter A-F, der A-E er bestått og F er ikkje bestått.

Sensorordning

To interne sensorar. Ein tilsynssensor er tilknytt emnet etter retningslinjene for oppnemning og bruk av sensorar ved HiOA.