EPN

KFKNU26200 Norsk 2 for trinn 5-10, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 2 for Level 5-10, Subject 2
Studieprogram
Norsk 2 for ungdomstrinnet - kompetanse for kvalitet
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Emne 2 bygger på emne 1. Temaa i emne 2 er nærare knyta til ferdigheitsdelen av norskfaget, slik som den vidare lese- og skriveopplæringa, produksjon av skriftlege, munnlege og samansette tekstar og vurdering og analyse av andrespråkstekster frå eigen praksis, i tillegg til samtidsdikting og samtidstekster i andre sjangrar.

Emne 2 ligg i vårsemesteret og har ein avsluttande semesteroppgåve som eksamensform. Målforma er nynorsk. Studentane må levere to arbeidskrav før dei kan gå opp til eksamen: eit fagnotat om vurdering av ein elevtekst skrive av elev med norsk som andrespråk (målform: bokmål) og eit fagnotat knyta til arbeidet ein digital læringsressurs.

Forkunnskapskrav

Emne 2 byggjer på emne 1. Arbeidskrav og eksamen i emne 1 må vere bestått før studentar startar på emne 2.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk på 5.-10. trinn kan vidareutvikle leseferdigheitene sine
  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk på 5.-10. trinn kan vidareutvikle dei munnlege ferdigheitene sine
  • har utvida kunnskap om mulitimodale tekstar
  • har kunnskap om sentrale verk for ungdom og vaksne i norsk og samisk skjønnlitteratur frå 1900 til i dag
  • har utvida kunnskap om litteraturteori og didaktiske tilnærmingar
  • har kunnskap om det å lære norsk som andrespråk

 

Ferdigheit

Studenten

  • kan skrive godt på nynorsk og bokmål
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon for elevar frå 5.-10. trinn
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere tekstar (også samansette), sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn ein kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke digitale verktøy i norskfaget
  • bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

 

Generell kompetanse

Studenten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stødig i bokmål og nynorsk
  • kan rettleie elevar i arbeid med tekstar
  • formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan bruke faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis og grunngi vurderingane

Innhold

  • Vidareutvikling av leseferdigheiter, -forståing, -strategiar og -motivasjon.
  • Arbeid med elevtekstar, skriveopplæring og vurdering
  • Arbeid med munnlege ferdigheiter og vurdering av desse
  • Samtidsdikting og samtidstekstar i andre sjangrar
  • Arbeid med samtidslitteratur i klasserommet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har tre samlingar og avsluttande eksamen. Kvar samling går over to dagar. Dialogen mellom student og lærar utanom samlingane, oppgåveinnleveringar og individuell oppfølging frå lærar skjer i hovudsak digitalt. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i undervisningserfaringane til deltakarane. Deltakarane arbeider med arbeidskrav i form av skriftlege oppgåver mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og arbeid med norsk i klasserommet. Studentane skal lære å vurdere elevens utvikling i dei ulike delane av norskfaget. Studentane får øving i å reflektere didaktisk om vurdering og bruke ulike vurderingsformer. 

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgjande arbeidskrav må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:

  • Eit fagnotat med analyse og vurdering av ein andrespråkstekst. Omfang: om lag 2500 ord. Målform: bokmål.
  • Prøve ut ein digital læringsressurs knyta til eit av emneplanmåla og drøfte faglige og didaktiske muligheter. Omfang: omlag 1500 ord. Målform: Nynorsk

Vurdering og eksamen

Avsluttande eksamen vert gjennomført i vårsemesteret.

Avsluttande eksamen i emne 2 er ei individuell skriftleg semesteroppgåve med sjølvvald problemstilling. Omfang: ca. 5000 ord. Målform: nynorsk. 

Ny/utsett eksamen

Ny og utsett eksamen blir arrangert på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast ein omarbeidd versjon av semesteroppgåva. Ved seinare forsøk må ny semesteroppgåve bli levert.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen går fram av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta graderte karakterar (A-F). Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen.

Sensorordning

Eksamen vert vurdert av intern sensor. Ekstern sensor vurderer eit uttrekk av eksamenssvara og sensurerer desse i lag med intern sensor. Samsensur dannar grunnlag for karaktersettinga.

Opptakskrav

Sjå programplanen.