EPN-V2

KFKNU16200 Norsk 1 for trinn 5-10, emne 2 Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian 1 Level 5-10, Subject 2
Studieprogram
Norsk 1, trinn 5-10
Omfang
15 stp.
Studieår
2023/2024
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Emne 2 ligg i vårsemesteret og har avsluttande mappeeksamen før sommaren. Didaktisk arbeid med litteratur har ein sentral plass saman med nynorskdidaktikk samt vidareutvikling av elevane sine lese-, skrive- og munnlege ferdigheiter. Studentane har arbeidskrav som føreset utprøving av litteraturdidaktikk i eigne grunnskuleklassar.

Forkunnskapskrav

Emne 2 bygger på emne 1.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om leseforståing og lesestrategiar
  • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • kjenner til barne-, ungdoms- og vaksenlitteratur i ulike sjangrar
  • har kunnskap om fleirspråklegheit
  • har kunnskap om skriftleg og munnleg språk som ungdom brukar
  • har innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
  • har kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skrive godt på nynorsk og bokmål
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan lese, analysere og tolke tekstar
  • kan legge til rette for arbeid med litterære tekstar i eit historisk, fleirkulturelt og tverrestetisk perspektiv
  • kan samanlikne tekstar tematisk, estetisk og didaktisk
  • kan legge til rette for arbeid med munnlege ferdigheiter på ulike trinn fra 5. til 10. trinn og bruke retorisk kunnskap i dette arbeidet
  • kan bruke og vurdere ulike undervisningsmetodar i arbeidet med munnlege ferdigheiter
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere munnleg norskundervisning på ulike trinn
  • kan planlegge og gjennomføre samtalar om språk og litteratur i klasserommet.

Generell kompetanse

Studenten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stødig i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan bruke faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevar si læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppfordre dei til aktiv deltaking i det offentlege liv.

Arbeids- og undervisningsformer

x

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Følgande arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen i emne 2:

  • Munnleg framlegg gruppevis i plenum. Framlegget skal vere knytt til barne- og ungdomslitteratur. Arbeidskravet føreset deltaking på tredje samling.
  • Innlevering av tekstar i digital arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal innehalde inntil fire fagtekstar knytt til språklege og litterære emne i emne 2. Det blir gitt tilbakemelding på tekstane ved hjelp av digitale merknader frå lærar og/eller medstudentar. Studentane vel sjølve ut to av tekstane til ei vurderingsmappe og grunngir dette valet i eit refleksjonsnotat. Tekstane og refleksjonsnotatet blir vurdert i samband med avsluttande vurdering.
  • Mappetekst 1: Fagnotat om nynorsk - historisk og didaktisk. Omfang: 1500 ord +/- 10%.
  • Mappetekst 2: Fagnotat om litterære samtalar. Arbeidet med litterære samtalar inneber utprøving i eigen grunnskuleklasse og kunnskapsdeling i eige kollegium. Omfang 1500 ord +/- 10%.
  • Mappetekst 3: Omtale av ei barne- eller ungdomsbok ein vaksensroman eller eit drama. Omfang: 1500 ord +/- 10%.
  • Mappetekst 4: Refleksjon over mottatt medstudentrespons. Omfang: 750 ord +/- 10%.

Alle tekstane skal skrivast på nynorsk.

Innleveringsmappe blir oppretta med faste tidsfristar for kvar oppgåve. Godkjenning av tekstane er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen i emne 2.

Vurdering og eksamen

Eksamen vert gjennomført i vårsemesteret. Den avsluttande vurderinga er ein mappeeksamen. Vurdering av mappe med to tekstar valt frå arbeidsmappa, samt refleksjonsnotat (omfang: 1000 ord +/- 10%). Målform: nynorsk.

Dato for innlevering til mappeeksamen er i mai/juni.

Ny/utsett eksamen

Ny/utsett eksamen vert gjennomført på same måte som ordinær eksamen. Ved første ny og utsett eksamen kan det leverast inn reviderte tekstar med utgangspunkt i opphaveleg arbeidsmappe. Det blir ikkje gitt ny rettleiing frå lærar. Ved seinare forsøk må nye tekstar leverast.

Studentens rettar og plikter ved ny/utsett eksamen framgår av Forskrift om studier og eksamen ved OsloMet. Studentar er sjølve ansvarlege for å melde seg opp til eventuell ny/utsett eksamen.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemidel er tillatne så lenge reglar for kjeldetilvising vert følgde.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta gradert skala A-F. Sjå forklaringar om graderte karakterar i programplanen.

Sensorordning

Det blir nytta intern og ekstern sensor. Ekstern sensor tar stikkprøver av eksamenssvara sensurert av intern sensor. Samsensur gir grunnlag for karaktersettinga for alle studentar.