EPN-V2

GLSM6200 Vurdering og tilpasset opplæring i matematikk og norsk Emneplan

Engelsk emnenavn
Assessment and Customized Training in Mathematics and Norwegian
Omfang
15.0 stp.
Studieår
2018/2019
Emnehistorikk
  • Innledning

    Det faglege innhaldet i emne 2 er delt inn i 5 studiepoeng i norsk og 10 studiepoeng i matematikk.

  • Forkunnskapskrav

    Opptak til studiet.

  • Læringsutbytte

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte i faget definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten har

    • inngåande undervisningskunnskap om matematikken elevane arbeider med på 1.-4. trinn, særleg addisjon og subtraksjon, geometri og måling
    • kunnskap om sentrale trekk ved elevars utvikling av matematisk kunnskap på ulike alderstrinn både ut frå teori og forsking, mellom anna kunnskap om elevar med spesielle vanskar i faget
    • har kunnskap om lese- og skriveopplæring i ein mangfaldig skule

    Ferdigheiter

    Studenten kan

    • planleggje, gjennomføre og vurdere matematikk- og norskundervisning for alle elevar på trinn 1-4 med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
    • bruke og vurdere kartleggingsprøver, diagnostiske prøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, og kan ut frå resultata tilpasse opplæringa til elevanes ulike behov
    • vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
    • vurdere ulike typar norsk- og matematikkfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyttet til elevane
    • kunnskap om kva for utfordringar og moglegheiter skulen står overfor når det gjeld elevar med særskilte behov for tilrettelagt opplæring

    Generell kompetanse

    Studenten

    • har innsikt i matematikkfagets rolle innafor andre fag og i samfunnet elles
    • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
    • forstår samanhengar mellom relevant forsking og moglegheiter i pedagogisk praksis
  • Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

    Det faglege innhaldet i emne 3 er ei fordjuping med 15 studiepoeng i norsk.

  • Vurdering og eksamen

    Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte i faget definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

    Kunnskap

    Studenten

    • har kunnskap om språket som system og språket i bruk og innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering
    • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
    • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
    • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv knytte opp mot litteratur som eignar seg frå 1. til 4. trinn

    Ferdigheiter

    Studenten

    • kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
    • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
    • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for variert vurdering
    • kan formidle litteratur på varierte måtar og leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar, både skjønn- og faglitterære, utviklar leselyst og gode lesestrategiar
    • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
    • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere digitale, samansette tekstar
    • kan analysere og tolke ulike typar tekstar, både innan skjønn- og faglitteratur

    Generell kompetanse

    Studenten

    • kan nytte forskingsbaserte kunnskapar til kritisk, etisk og konstruktiv refleksjon
    • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
    • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
  • Vurderingsuttrykk

    Retten til å ta eksamen føreset godkjente arbeidskrav og deltaking i bestemte faglege aktivitetar.

    Arbeidskrav

    Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan ta eksamen i emne 3 (andre studieår):

    • Kunnskapsprøve (skriftleg, ein time utan hjelpemiddel) i grammatikkunnskap (fonologi, morfologi og syntaks)
    • Individuell arbeidsmappe. Studentane leverer to mappekrav, ein fagartikkel på nynorsk, ein på bokmål. Ein av fagartiklane skal vere ein elevtekstanalyse og den andre skal vere knytt til barnelitteratur og eit didaktisk opplegg. Sjå nærare retningslinjer i undervisningsplanen. Omfang per tekst: 2000 ord. I tillegg kjem medstudentrespons og omarbeiding, som òg inngår i kravet.
    • Munnleg gruppevis presentasjon (15 minutt) av sakprosabok med vekt på lesestrategiar. Respons frå medstudentar.

    Faglege aktivitetar med krav om deltaking

    • Deltaking på forarbeid og respons knytt til to mappetekstar. Deltaking på presentasjon og respons av sakprosabok. Det er ikkje høve til fråvær. Det blir gitt ei moglegheit til å gjere arbeidskravet seinare; studenten har sjølv ansvar for å avtale dette med faglærar. Manglande frammøte og deltaking på munnlege framlegg og mappearbeid kan føre til at studenten ikkje får avleggje eksamen i emne 3.

    Sjukdom fritar ikkje for kravet om deltaking.

  • Sensorordning

    Gradert skala A-F