Programplaner og emneplaner - Student
BIB3500 Organisasjonsutvikling, ledelse og markedsføring Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Organizationanl development, leadership and marketing
- Omfang
- 10.0 stp.
- Studieår
- 2026/2027
- Emnehistorikk
-
-
Innledning
Med utgangspunkt i organsisasjonsteori vil studentane få innblikk korleis ein kan leggje til rette for endrings- og utviklingsprosessar i bibliotek. Sidan institusjonar inngår i nettverk med andre er samarbeid, nettverksbygging vere tema. Leiarrolla vert presentert og diskutert ut frå både teoretiske perspektiv og med døme frå bibliotek og andre og andre informasjons- og kulturformidlande verksemder. Døme på situasjonar og utfordringar ein som leiar møter vert gjennomgått. Vidare diskuterer vi bibliotekleiarens mange konkurrerande roller, som leiar, profesjonsutøver og samfunnsaktør. Utadretta verksemd, profilering og marknadsføring er sentrale tema i faget. Sentrale verktøy for å planlegge korleis biblioteka si rolle kan bli realisert og tenester og ressursar evaluert vil òg vere tema i faget. Gjesteførelesarar og studiebesøk i bibliotek er med på å knytte dei teoretiske emna til den praktiske kvardagen i bibliotek.
Undervisningsspråk er norsk.
-
Forkunnskapskrav
Studenten må ha fullført 1. studieår av bachelorprogrammet i bibliotek- og informasjonsvitenskap, og ha fullført minimum 50 studiepoeng frå 2. studieår av samme bachelorprogram før ein kan starte opp med emnet.
-
Læringsutbytte
Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om teoriar knytt til organisasjonsteori, leiing og endringsprosessar
- kan identifisere viktige samarbeidspartnarar for utvikling av verksemda
- har innsikt i korleis økonomiske, politiske og regulative rammer påverkar biblioteka
- har kunnskap om korleis organisasjonskultur påverkar verksemda
- har kjennskap til personalarbeid, medarbeidarrolla og korleis ivareta mangfald på arbeidsplassen
- har kunnskapar om prinsipp for marknadsføring, kommunikasjonskanalar, merkevarebygging og tenestemarknadsføring (herunder brukarmøter)
- har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling og marknadsføring
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere og reflektere over korleis tekniske og institusjonelle omgjevnader påverkar bibliotekets verksemd og tenester
- kan reflektere kritisk over leiarstil, organisasjonsstruktur, organisasjonskultur og korleis dette påverkar organisasjonen
- kan lage eit marknadsføringstiltak og vurdere om desse når brukaren
- kan reflektere over korleis ein kan legge til rette for læring og kompetanseutvikling i organisasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende og formidle forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjon, leiing og marknadsføring i eit bibliotekperspektiv
- kan lage video som skal nå ei gitt målgruppe
- kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid
- kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg
-
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, studiebesøk, casearbeid, presentasjonar og sjølvstudium. Undervisinga er campusbasert.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha følgende godkjente arbeidskrav:
- Arbeidskrav 1: Lage video med eit fagleg tema. Kvar gruppe skal gje ei kort tilbakemelding på to andre gruppearbeid. Formålet er å øve på eit marknadsføringstiltak, der du i praksis får lage ein video og gjennom å bli vurdert og vurdere andre få eit ytre blikk på om slike kommunikasjonstiltak fungerer.
- Arbeidskrav 2. Individuelt refleksjonsnotat (omlag 6-800 ord) der kandidaten får reflektere og diskutere eigen erfaring med Arbeidskrav 1. Formålet med arbeidskravet er å trene på å bruke teori i eit skriftleg arbeid.
- Arbeidskrav 3: Praktisk formidlingsarbeid i grupper. Munnleg presentasjon på ca. 5 minutt. Her er det obligatorisk oppmøte på ein gitt dato. I etterkant skal studenten dele eit kort samandrag (omlag 300-470 ord) av pensumteksten kandidaten har presentert. Formålet med arbeidskravet er å kunne oppsummere ein akademisk tekst og formidle munnleg og skriftleg til medstudentar.
Arbeidskrav 1 og 3 blir utført i grupper, medan arbeidskrav 2 er individuelt. Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.
Arbeidskrav skal vere gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentane få høve til å levere ein ny versjon. Ved legemeldt fråver gis det anledning til å delta digitalt, eller alternativt opplegg.
-
Vurdering og eksamen
Eksamen i emnet er ein individuell skriftleg skuleeksamen på 5 timar.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
-
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F
-
Sensorordning
Det benyttes en intern og en ekstern sensor til sensurering av besvarelsene. Et uttrekk på minst 10 % eller minst 10 av besvarelsene sensureres av to sensorer. Karakterene på de besvarelsene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsette nivå på resten av besvarelsene.