EPN

BIB3500 Organisasjonsutvikling, ledelse og markedsføring Emneplan

Engelsk emnenavn
Organizationanl development, leadership and marketing
Studieprogram
Bachelorstudium i bibliotek- og informasjonsvitenskap
Omfang
10.0 stp.
Studieår
2022/2023
Timeplan
Emnehistorikk

Innledning

Leiarrolla vert presentert og diskutert ut frå både teoretiske perspektiv og med døme frå bibliotek og andre og andre informasjons- og kulturformidlande verksemder. Det vert særleg lagt vekt på dei føresetnadene ein leiar har i kunnskapsorganisasjonar. Døme på situasjonar og utfordringar ein som leiar møter vert gjennomgått. Vidare diskuterer vi bibliotekleiarens mange konkurrerande roller, som leiar, profesjonsutøver og samfunnsaktør. Med utgangspunkt i organsisasjonsteori vil studentane få eit innblikk korleis ein kan leggje til rette for  endrings- og utviklingsprosessar. Institusjonane inngår gjerne i nettverk med andre institusjonar. Difor er samarbeid, nettverksbygging, utretta verksemd og profilering og marknadsføring viktige tema i faget. Sentrale verktøy for å planlegge korleis biblioteka si rolle kan bli realisert og tenester og ressursar evaluert vil òg vere tema i faget.

Forkunnskapskrav

Studenten må ha fullført og bestått 2. studieår av bachelorprogrammet i bibliotek- og informasjonsvitenskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt teoriar knytt til leiing, administrasjon og endringsprosessar
  • har innsikt i biblioteka sine tekniske og institusjonelle omgjevnader
  • kan identifisere viktige samarbeidspartnarar for utvikling av verksemda
  • har innsikt i korleis økonomiske, politiske og regulative rammer påverkar biblioteka
  • har kunnskap om korleis organisasjonskultur påverkar verksemda
  • kjenner til prinsipp for lærande organisasjonar
  • har kjennskap til personalarbeid og korleis ivareta mangfald på arbeidsplassen
  • har kunnskapar om prinsipp for marknadsføring, kommunikasjon og merkevarebygging
  • har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere og reflektere over korleis tekniske og institusjonelle omgjevnader påverkar bibliotekets verksemd og tenester
  • kan reflektere kritisk over leiarstil, organisasjonsstruktur, organisasjonskultur og korleis dette påverkar organisasjonen
  • kan lage og vurdere marknadsføringstiltak og om desse når brukaren
  • kan reflektere over korleis ein kan legge til rette for læring og kompetanseutvikling
  • kan ta i bruk ulike styringsdata som verktøy i organisasjonsutvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende og formidle forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjon og leiing i eit bibliotekperspektiv
  • kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg
  • kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, presentasjon og sjølvstudium.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha følgende godkjente arbeidskrav:

  • Arbeidskrav 1: Lage ei digital forteljing knytt til eit fagleg tema. I arbeidskravet inngår det eit refleksjonsnotat (ca. 1-2 sider). Kvar gruppe skal gje ei kort tilbakemelding på  to andre gruppearbeid.
  • Arbeidskrav 2: Praktisk formidlingsarbeid i grupper. Munnleg presentasjon på ca. 5 minutter og eit kort samandrag av en pensumtekst.

Prosjektarbeid og presentasjon blir utført i grupper. Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.

Arbeidskrav skal være gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentane få høve til å levere ein ny versjon.

Vurdering og eksamen

Eksamen i emnet er ein heimeeksamen over ein periode på 5 timar.

Hjelpemidler ved eksamen

 Alle hjelpemiddel er tillatte så lenge reglar for kjeldetilvisning blir følgde.

Vurderingsuttrykk

Gradert skala A-F

Sensorordning

Det vert nytta ein intern og ein ekstern sensor til sensurering av oppgåvene. Eit uttrekk på minst 25 prosent av oppgåvene vert sensurert av to sensorar. Karakterane på dei oppgåvene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsetja nivå på resten av oppgåvene.