Programplaner og emneplaner - Student
BIB1400 Litteratur- og kulturformidling 1: Historiske perspektiv Emneplan
- Engelsk emnenavn
- Perspectives on Literature in History
- Omfang
- 15.0 stp.
- Studieår
- 2019/2020
- Emnehistorikk
-
-
Innledning
Emnet gjev ein introduksjon til litteratur- og kulturformidling (om lag ein tredjedel) og ei innføring i litteratur- og kulturhistorie (om lag to tredjedelar). Emnet diskuterer kva humanistiske og litteratursosiologiske perspektiv har å seie for praksisfeltet og i bibliotek- og informasjonsvitskapen.
Studentane studerer eit utval representative tekstar frå ulike sjangrar og får trening i å formidle dei i bestemte perspektiv.
-
Forkunnskapskrav
Ingen forkunnskapskrav.
-
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har forståing for grunnleggjande teoretiske omgrep som litteratursosiologi, formidling og vurdering, lesing og danning
- tileignar seg eit overblikk over litteratur- og kulturhistorie
- ser samanhengar mellom samfunnsendringar og lesemønster/mediebruk
- kan sjå korleis historiske førelegg verkar i samtidskulturen
Ferdigheter
Studenten
- kan reflektere over og diskutere nokre sentrale teoretiske omgrep innafor litteratur- og kulturformidlingsfaget.
- kan gjere greie for historiske tekstar i høve til deira samtid og vår eiga tid
- har erfaring med å formidle i bokomtaler, bokprat og utstilling.
- har erfaring med å syntetisere eit stoff i perspektiv
-
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsformene vekslar mellom sjølvstudium, førelesingar, arbeid i seminar og kollokviegrupper. I emnet inngår eit dagsseminar i litteratursosiologi og eit utstillingsseminar.
-
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Emnet har tre arbeidskrav.
- Studentane skal i samband med skriveveka skrive ein formidlande tekst retta mot eit allment publikum.
- Studentane skal lage ei bokutstilling og skrive ei refleksjonsoppgåve knytt til denne.
- Studentane skal også skrive ein fagtekst. Omfanget varierer med oppgåva sitt tema.
Arbeidskrava skal vere gjennomførde innan fastsett tid, og godkjente av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen.
-
Vurdering og eksamen
Eksamen er ein fire timars skriftleg skuleeksamen.
Kandidatar som ikkje består ordinær eksamen, kan framstille seg til ny/utsatt eksamen.
-
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillate
-
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F
-
Sensorordning
25 % blir trukke ut til ekstern vurdering.